13. februar 2022

The Many Saints of Newark (2021)

 

Sopranos var ein flott serie. Noko av det fine med han var den opne slutten - vart han drepen? Overlevde han? Det er òg flott at David Chase har sagt nei til å laga ein oppfølgjar, slik at spørsmålet utan svar vert verande utan svar.

Chase har likevel gått tilbake til Sopranos-verda. Denne filmen handlar om hendingar for lenge sidan. Tony Soprano er ein ung mann, og har berre ei mindre rolle. Det handlar meir om Dickie Moltisanti, far til Christopher frå Sopranos. Han er aktiv i ein mafiafamilie, og kjem litt på kant med fleire av dei som arbeider for han (eller det er kanskje mest dei som kjem på kant med han). 

Fyrste del av filmen går føre seg i Newark i New Jersey, seint i 1960-åra. To politimenn har drepe ein svart mann, og det fører til store opprør i gatene. Resten av filmen skjer fem år seinare. 

Det heile er stilreint, og både filming og kulissar er finfine. Historia er derimot heller ordinær, og det heile engasjerer svært lite. Det mest fengande var då Sopranos-kjenningsmelodien dukka opp mot slutten av filmen, og eg fekk lyst til å sjå serien ein gong til.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 5 (2004)
Sesong 6 (2006-07)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar