12. mai 2013

L. A. Stenholt: Knute Nelson (1896)

For nokre dagar sidan såg eg eit halvgodt program på NRK om fotballtrenaren Knute Rockne, truleg den best kjende vossa-amerikanaren. Det fekk meg til å tenkja på litt av kvart, mellom anna denne boka. Eg fann ho på ein uannonsert loppemarknad i slutten av april. I dag tok eg boka fram att, og las ho på relativt kort tid.

Det er ein slags biografi om Knute Nelson. Nelson utvandra frå Evanger som sju-åring, saman med mora, og dei slo seg ned i Midt-vesten. Han var soldat i borgarkrigen, han utdanna seg som advokat, han vart valt inn som kongressrepresentant, han vart guvernør i Minnesota, og han vart senator i 1895. Omtrent her stoppar boka, men han vart verande senator til han døydde i 1923, åtti år gamal. I norskamerikanske bøker, og i alle fall i dei vossa-amerikanske, er det ikkje måte på kor rosande omtale han får - det er så til dei grader opplagt at han ville vorte president, om det ikkje hadde vore for at han var fødd utanfor USA.

Så langt går ikkje Lars Andreas Stenholt, men det er ikkje mykje om å gjera. Han kallar boka ein biografi, men han kunne like gjerne brukt ordet hagiografi. Det er i det heile ei rar bok. I føreordet skriv han at hovudkjeldene hans er noko han har fått frå Nelson sjølv - eit foto, "a brief sketch of my life", og ei side frå the Congressional Directory, der det òg er "a short sketch" om Nelson. Så godt som ingenting, altså, og ingenting han ikkje har fått direkte frå Nelson. Det er kanskje ein av grunnane til boka er så tynn, og grunnen til at han kjem opp i 110 sider er at han bruker 25 sider på å ordrett attgje den fyrste talen Nelson heldt i Senatet.

Kva skriv han elles? Han skriv litt om Nelson, sjølvsagt, om utdanning og soldatliv og sånn, men spesielt grundig er det ikkje. Han flettar inn mykje frå pionertida, og skryt uhemma av dei tidlegaste utvandrarane frå Noreg. Dette var ikkje folk som levde; dette var folk som kjempa, livet gjennom. Han ser ut til å skriva slik han trur lesarane vil ha det - han kritiserer embetsmenn, han kritiserer akademikarar og teoretikarar, slike som oftare stikk fingeren i bokhylla enn i jorda. Han bruker òg mykje tid og plass på å skriva om amerikansk politikk generelt, og han er ein namedroppar av rang. Det er ikkje måte på kor mange gonger han refererer til Abraham Lincoln; meir gledeleg er det at han omtalar Sivert Aarflot, Olaus Fjørtoft og A.O. Vinje i varme ordelag. 

Stenholt utvandra frå Sunnmøre, og skal ha vore den einaste norskamerikanaren som levde utelukkande av å vera forfattar. Han gav ut ei rekkje bøker, gjerne fleire kvart år. Viss denne boka er representativ for kor mykje arbeid han la ned i bøkene sine, verkar det ikkje urimeleg at han hadde ein stor produksjon.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar