5. september 2021

Seven Years In Tibet (1997)

 

Den austerrikske fjellklatraren Heinrich Harrer reiser til Himalaya i 1939 for å prøva å nå toppen på Nanga Parbat, eit fjell fleire tyske ekspedisjonar har mislukkast i å nå toppen på. Dei greier det ikkje denne gongen heller, men då dei kjem attende til base camp får dei ei overrasking: Det er erklært krig mellom Tyskland og England, og sidan dei er ein tysk ekspedisjon på engelsk område, vert dei sette inn i ein fangeleir. Eit par av dei greier å rømma og tek seg over til Tibet, som på den tida var fritt for utlendingar. 

Dei to greier seg godt. Den eine, spelt av David Thewlis, giftar seg med ei lokal kvinne. Heinrich Harrer, spelt av Brad Pitt, vert tettare og tettare knytt til den unge Dalai Lama. Han returnerer til Europa i 1951, men held kontakten med Dalai Lama livet ut. 

Det er vanskeleg å kjeda seg med Thewlis og Pitt, og det er vel dei (og den mektige naturen) som gjer at dette er grei tidtrøye. Harrer endrar seg stort i filmen - frå å vera ein sjølvoppteken dritsekk vert han prega av tida i Tibet, og går gjennom livet med heilt andre haldningar. 

Guffen er lunken. 

4. september 2021

Ragnar Hovland: Paradis (1991)

Ei Hovland-bok eg har hatt ståande i hylla lenge, utan å lesa ho. Eg plukka ho fram no, på vegen min gjennom Hovland-bibliografien. Det er lett å sjå slektskapen med andre av bøkene hans, men her er òg nok av originale vriar og vendingar til at det fungerer.

Roger kjem attende til heimbygda, der han for lenge sidan drap ein mann. Dei andre i bygda er usikre på korleis dei skal ta mot han. Den einaste som taklar han er den unge Gloria. Roger overtalar ho til å leggja ut på ei reise saman med han. Ho låner bilen til far sin, og saman køyrer dei gjennom eit vestlandsk landskap med fjordar, fjell og ferjer, på leit etter ein mann som skuldar Roger pengar. Samstundes er det folk på leiting etter Roger. Mot slutten finn Roger mannen han leitar etter, og han vert òg funnen av mannen som leitar etter han. 

Kapitla der all leitinga tek slutt er litt knappe, men det er ikkje så nøye. Hovland er ein forfattar som ofte skriv om folk som er på farten, og det skriv han godt. Det er gode dialogar, godt språk, og ved enden av vegen ligg det alltid ein bar der ein kan få seg litt å drikka.

Guffen tilrår. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)
Hovland og Kverneland: Astrup (2026)

23. august 2021

Mona Ringvej: Landet mot nord (2020)

 

It does exactly what it says on the tin. Undertittelen på boka er "1000 år. 22 personer. Én historie", og det er det Ringvej gjer: Ho fortel historia om Noreg gjennom 21 artiklar om 22 personar. Sjølvsagt fortel ho ikkje alt, sjølvsagt fortel ho ikkje alt om alle, men biletet ho teiknar opp er meir enn detaljert nok til at ein ser dei lange linene.

Det tek til med Einar Tambarskjelvar og sluttar med Alf Prøysen. Den eine kjempa med kongar, den andre skreiv om husmenn og andre som sat nedst ved bordet. Artiklane om dei to, og om dei tjue andre, er dels biografiar, dels informasjon som fortel om samtida deira. Om Prøysen står det om diktinga hans, men det står like mykje om husmannsvesenet. I artikkelen om Moritz Rabonowitz står det om handelsverksemda og skrivinga hans, men det står like mykje om handlinga til jødar i Noreg etter 1814.

Nokre av dei Ringvej skriv om er (eller bør vera) kjende for alle, andre er langt meir ukjende. Historiene deira er gjerne like spanande og verdfulle. Ho skriv til dømes om Henrik Olofsson Lehmoinen, ein av finnane som busette seg på Finnskogen, og som får ansvaret for at grensa mellom Noreg og Sverige vart flytta ørlite mot aust. Sju av dei tjueto ho skriv om er kvinner, og det må seiast å vera ei akseptabel inndeling i ei bok som dette.

Guffen tilrår.  

22. august 2021

Frode Grytten: Popsongar (2001)

Frode Grytten kan pophistoria si. Det er lett å setja han i samanheng med The Smiths, men han har eit langt vidare interessefelt. Dei 24 novellene i denne boka er inspirerte av 24 songar, og desse er lista opp til slutt i boka. Ingen av songane er av The Smiths eller Morrissey. Det vert rett nok referert til dei eit par stader, men det er alt.

Kva er ein popsong? Stort spørsmål, men eit kjennemerke er at songen er rimeleg kort. Slik er det òg med novellene i denne boka. Boka er på 230 sider, og her er 24 noveller. Alle novellene opnar med ei tittelside, og på side to kjem tidspunktet for novella. Der forsvinn altså 48 sider, og sidan tittelsida skal vera ei høgreside, vert det nokre blanke venstresider til slutt i nokre noveller. Dette gjer ingenting, poenget er at det er korte tekstar. 

Ein popsong skal også gjerne handla om kjærleik, og der kan godt vera meir eller mindre subtile referansar til sex (talet 69 vert nemnt påfallande mange gonger i boka). Dei 24 novellene er tidfesta til kvar sin time i døgeret, slik at boka er ein slags Rock Around The Clock-referanse.

Er novellene gode? Absolutt. Grytten treff sjangeren godt, og sjølv om det er noveller kunne det godt vore poptekstar. Dei har den same lengten, det handlar som regel om kjærleik, det handlar som oftast om unge folk, slik at dette vert ei av dei finare Grytten-bøkene.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)

21. august 2021

Geoffrey Robertseon: Who Owns History? (2019)

 

Det er uråd å gå gjennom British Museum i London utan å verta imponert. Bygget i seg sjølv er finfint, men innhaldet er òg stort sett eksemplarisk. Der er stilt ut godbitar frå heile verda, noko som er litt rart i seg sjølv: Med eit slikt namn på museet burde ein vel avgrensa seg til det som er britisk? Denne boka tek ikkje opp akkurat det spørsmålet; her handlar det meir om dei mange gjenstandane som har kome frå andre land, og fyrst og fremst dei mange marmoskulpturane frå det greske Parthenon-tempelet.

Rett etter 1800 vart store delar av desse skulpturane, som då stod på sin opphavlege og rettmessige plass, skorne ned frå veggen og frakta til London. Arbeidet vart leia av Thomas Bruce, jarlen Elgin, som i ettertid forsvara det han hadde gjort. Mange var usamde med han alt i samtida, men den britiske regjeringa kjøpte skulpturane av Elgin i 1816 og gav dei vidare til British Museum. Og der står det framleis, sjølv om Hellas mange gonger har bede om at dei vert ført tilbake.

Det kan ikkje vera tvil om at det hadde vore det rette. Robertson argumenterer grundig for det, og det er ikkje av di han meiner at alle utanlandske museumsgjenstandar automatisk skal returnerast. Det må vera ein føresetnad at dei vert oppbevarte i trygge museum. Han nemner fleire døme på retur av gjenstandar som seinare har vorte selde til private, slik at dei ikkje lenger er tilgjengelege for alle. Viss Storbritannia returnerte Parthenon-skulpturane til Hellas, ville dei fått plass i ein ny museumsbygning, slik at dei som ville kunne sjå dei der dei høyrde til. 

Robertson argumenterer altså godt for synet sitt. Boka er likevel litt tung å lesa - han er advokat, og skriv rett som det er eit altfor tungt språk. Han har òg altfor lett for å repetera synspunkta sine, slik at mange poeng kjem igjen fleire gonger.

Guffen tilrår. 

15. august 2021

Spotlight (2015)

 

Ein rimeleg ubehageleg film. Det er velkjent at altfor mange katolske prestar har tukla med mindreårige. Denne filmen fortel ei sann historie frå Boston, ein by der den katolske kyrkja står svært sterkt. 

Boston Globe, den største avisa i byen, har nett fått ny redaktør. For å førebu seg til jobben har han lese dei siste utgåvene av avisa, og meiner at dei må følgja opp ei sak der ein advokat hevdar at den katolske kardinalen i byen kjende til ei overgrepssak knytt til ein katolsk prest. Avisa har ei eige grave-avdeling, Spotlight, og historia dei grev fram er vond: Dei snakkar med mange ofre, dei snakkar med mange advokatar, og dei finn at mange av prestane som er skulda for overgrep vert flytta til ei anna kyrkje, eller dei vert oppførte som "sjukmelde" i prestekatalogen. Då dei omsider får tak i nokre klassifiserte dokument frå ei tidlegare rettsak, viser det seg at nærmare 90 prestar berre i Boston var overgriparar. Og det var berre i Boston - saka førte til undersøkingar i andre byar, og filmen sluttar med ei liste med byar der det har vore større overgrepssaker. Lista inneheld rundt 100 amerikanske byar, og 100 byar frå andre stader i verda (inkludert Trondheim).

Filmen minner litt om Alle presidentens menn. Det er stort sett bilete av folk som snakkar. Dei drøftar, dei snakkar i telefonen, dei prøver å få kjelder til å snakka. Og det fungerer svært godt. 

Guffen tilrår. 

14. august 2021

The Highwaymen (2019)

 

Denne filmen minner av og til om The Unforgiven. I den filmen spelar Clint Eastwood ein gamal og pensjonert revolvermann; her møter med Kevin Costner og Woody Harrelson som to gamle og pensjonerte Texas Rangers. Dei vert headhunta til eit oppdrag: Texas (og fleire av nabostatane) vert herja med av dei to bandittane Bonnie Parker og Clyde Barrow, som alle var på førenamn med. 

Det heile er altså basert på ei sann historie. Me følgjer heile tida dei to som leitar etter Bonnie og Clyde, og får vel ikkje sett fjesa deira før heilt til slutt i filmen - der dei to vert drepne i bilen sin. Costner og Harrelson leitar stort sett i blinde, men sirklar seg gradvis meir og meir inn.

Det er ikkje noko storverk, dette, men det er heilt grei tidtrøyte. Av dei to i hovudrollene er Harrelson solid, medan Costner er meir på det jamne. Både kulissar og kostymar og replikkar og sånn er heilt greitt, medan filmen (slik det gjerne er) er noko i lengste laget.

Guffen er lunken.