21. august 2021

Geoffrey Robertseon: Who Owns History? (2019)

 

Det er uråd å gå gjennom British Museum i London utan å verta imponert. Bygget i seg sjølv er finfint, men innhaldet er òg stort sett eksemplarisk. Der er stilt ut godbitar frå heile verda, noko som er litt rart i seg sjølv: Med eit slikt namn på museet burde ein vel avgrensa seg til det som er britisk? Denne boka tek ikkje opp akkurat det spørsmålet; her handlar det meir om dei mange gjenstandane som har kome frå andre land, og fyrst og fremst dei mange marmoskulpturane frå det greske Parthenon-tempelet.

Rett etter 1800 vart store delar av desse skulpturane, som då stod på sin opphavlege og rettmessige plass, skorne ned frå veggen og frakta til London. Arbeidet vart leia av Thomas Bruce, jarlen Elgin, som i ettertid forsvara det han hadde gjort. Mange var usamde med han alt i samtida, men den britiske regjeringa kjøpte skulpturane av Elgin i 1816 og gav dei vidare til British Museum. Og der står det framleis, sjølv om Hellas mange gonger har bede om at dei vert ført tilbake.

Det kan ikkje vera tvil om at det hadde vore det rette. Robertson argumenterer grundig for det, og det er ikkje av di han meiner at alle utanlandske museumsgjenstandar automatisk skal returnerast. Det må vera ein føresetnad at dei vert oppbevarte i trygge museum. Han nemner fleire døme på retur av gjenstandar som seinare har vorte selde til private, slik at dei ikkje lenger er tilgjengelege for alle. Viss Storbritannia returnerte Parthenon-skulpturane til Hellas, ville dei fått plass i ein ny museumsbygning, slik at dei som ville kunne sjå dei der dei høyrde til. 

Robertson argumenterer altså godt for synet sitt. Boka er likevel litt tung å lesa - han er advokat, og skriv rett som det er eit altfor tungt språk. Han har òg altfor lett for å repetera synspunkta sine, slik at mange poeng kjem igjen fleire gonger.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar