28. desember 2019

Jon Savage: Time Travel (1997)

Jon Savage har skrive om musikk sidan midt i 1970-åra. Han gav ut si eiga fanzine i London i 1976. Han skreiv så for Sounds, seinare for Melody Maker, og har etter kvart skrive for dei fleste store musikkpublikasjonane. Innimellom skreiv han òg om andre tema, gjerne knytt til mote eller ungdomskultur. I denne boka har han samla ei rekkje av artiklane sine. Mykje her er bra, men det ville vorte ei betre bok om han hadde venta nokre år med å gje ho ut.

Frå 1993 kom musikkbladet Mojo ut kvar månad. Her er gjerne artiklane betre, og Savage skriv framleis av og til for Mojo. I Mojo (og andre liknande blad) er det rom for lange og grundige artiklar. I boka er det med nokre slike, og det er dei beste artiklane. Han skriv til dømes glimrande om Joy Division og Nirvana.

Ein annan grunn til at dei ferskaste artiklane er dei beste er jo òg at Savage vert ein betre skribent. Artiklane frå 1970-åra er fine, dels av di Savage var eit augevitne frå dei fyrste punkeåra, men dei er kortare. Det kan vera intervju, det kan vera meldingar av plater eller konsertar.

Frå 1980-åra har han teke med mange artiklar som ikkje fengar like mykje. Her skriv han om motar, gjerne for bladet Face, og her er det som om både skrivestil og emne vert meir feil. Her var det fleire artiklar som ikkje var verdt bryet.

Guffen er lunken.

Meir Savage på kulturguffebloggen
England's Dreaming (1991)
The England's Dreaming Tapes (2010)
This Searing Light, The Sun and Everything Else (2019)

26. desember 2019

Therese Tungen: Kjærleik og det som liknar (2019)

Dette er den andre novellesamlinga til Tungen, og som den fyrste er denne vellukka.

Tungen skriv heller lange noveller. Fire av dei fem novellene har kvinner i hovudrolla, i den femte er perspektivet delt mellom han og ho. Dei to gjekk frå kvarandre for fleire år sidan, men har visst om og tenkt mykje på den andre. No møtest dei på Jernbanetorget i Oslo, der ho kjem og han skal reisa, og der dei står i kvar ende av eit gangfelt og ventar på grønt lys tenkjer dei tilbake på det som var.

Det er eit kjennemerke ved novellene i denne samlinga. Gjennom tilbakeblikk får me gradvis vita meir om dei ho skriv om. I to av novellene kjem det ei uventa vending i dei aller siste linene, i dei andre kjem altså forhistoria gradvis fram.

Det er fine noveller. Tungen skriv godt, kanskje med unntak av nokre av dialogane, som av og til kan verka meir konstruerte enn reelle.

Guffen tilrår.

Meir Tungen på kulturguffebloggen
Ein gong var dei ulvar (2017)
Snu deg. Edvins bok (2022)

25. desember 2019

Carl Frode Tiller: Kven er redd? (2015)

Eg skal ikkje lyga på meg stor innsikt i skodespelhistoria, men likevel: Det kan ikkje vera mange skodespel som viser fram meir dysfunksjonelle forhold enn hjå det eine paret i Who's Afraid of Virginia Woolf av Edward Albee. Tiller skildrar eit anna forhold som ikkje fungerer heilt i Kven er redd?, og han legg ikkje skjul på slektskapen med stykket til Albee. Tittelen er rimeleg identisk, og hovudpersonen i stykket er ein skodespelar som driv og øver inn ... Virginia Woolf.

Bjørn og Ingvild har to born, Odin og Sara. I tillegg til desse er foreldra hennar og far hans ofte innom. Dei kritiserer kvarandre, dei baktalar kvarandre, han toler ikkje dei velståande foreldra hennar, korkje han eller ho liker den høgrevridde faren hans. Ingvild har halvveges lova faren å flytta til heimbygda si for å ta over firmaet hans; Bjørn har ikkje lyst til det. Sara er 16 år gamal og gravid; Odin er naturvernar som ikkje likar at bestefaren er vorten rik på oppdrettslaks. Og så vidare.

Det er så mange konfliktliner at det nesten vert i meste laget, men berre nesten. Her er uventa mykje å smila (og kanskje le) av. Tiller har alltid vore god på replikkar, og her fungerer det veldig godt. Skodespelet vart sett opp på Det Norske Teatret - den framsyninga såg eg aldri, men med dei rette skodespelarane trur eg at dette kunne vorte rimeleg artig.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)
Arbeidarhjerte, bok 1 (2024)
Arbeidarhjerte, bok 2 (2025)

24. desember 2019

Nils Henrik Smith: Manhattan Skyline (2007)

Me møter Aksel Eriksen, hovudpersonen i denne romanen, i to livsfasar. I nokre kapittel er han student på rund tjue år, i andre kapittel er han ti år eldre og lovande doktorgradsstipendiat. Romanen opnar med terroråtaka i USA i september 2001, og denne hendinga pregar Eriksen meir enn han er klar over.

Som trettiåring er ikkje Eriksen heilt trygg på seg sjølv. Han har nett mist mora, og sjølv om han er svært kunnskapsrik er han ikkje heilt trygg på seg sjølv, fagleg sett. Han er ikkje nøgd med samtalane han prøver å halda gåande under førelesingane sine, og er òg høgst usikker på korleis det vil gå når han skal halda seminarinnlegg langt inne i dei svenske skogane (det gjekk bra).

Etter at mora døydde har han mist endå eit haldepunkt i tilveret. Han kjem i kontakt med eit mystisk undergrunnsnettverk. Det kjem ikkje klart fram kva side dette nettverket held med, og romanen sluttar før han nokon gong møter personen eller personane i mellom-Europa som skal hjelpa han med å forsvinna.

Smith skriv svært godt. Han bruker rytmen i språket på ein fin måte, der avsnitt med korte og knappe setningar vert avløyste av avsnitt med lange, flytande setningar. Han har òg full kontroll på ulike tekstformer - dialogane hans er like gode som dei lange avsnitta der Eriksen snakkar så skriftleg om avhandlinga si at dei kunne vore henta frå ei, vel, avhandling.

Guffen tilrår.

Meir Smith på kulturguffebloggen
Austerrike (2009)
Se ilden lyse over jord (2014)
11 meter (2020)
Entusiasme og raseri (2021)

21. desember 2019

Arno Vigmostad: Forleggerliv (2019)

For tre år sidan gav Arno Vigmostad ut boka Gründerår, der han på fint vis fortel om korleis han saman med Arnstein Bjørke prøvde seg fram i den norske forlagsverda. Det gjekk betre og betre, og i dag er Vigmostad Bjørke det fjerde største forlagshuset i Noreg. Denne boka held fram der den førre slutta, og sjølv om her også her er mykje bra, er der ting som kunne vore betre.

Kanskje Vigmostad er klar over stort forlaget hans er, kanskje tek han det for gitt at dei som les denne også har lese Gründerår, men han burde kosta på seg nokre forklarande avsnitt fremst i boka. Han går rett inn i eitt av dei mange oppkjøpa til forlaget, utan å seia noko om kva forlag han sjølv representerer. Bjørke vert berre omtala med førenamn, og litt seinare i boka vert òg kona berre presentert med førenamn. Me som har lese den fyrste boka skjønar koplingane med ein gong, me skjønar òg at kona er polsk, men nye lesarar må setja saman det puslespelet sjølv.

Dei to, altså Vigmostad og Bjørke, har framleis mykje å læra når dei møter andre forlagshus, og det er kanskje det som er den største styrken deira: Ein vilje og ei evne til å ta til seg kunnskap, og å forstå korleis dei kan bruka denne kunnskapen. Det handlar mykje om møte med andre i bokbransjen i denne boka, og det er ikkje alltid like spanande. Boka vert langt betre når Vigmostad fortel om to menn som var viktige for han: Norsklæraren som oppmoda han om å lesa og skriva, ei rolle han hadde lenge etter at Vigmostad var ferdig med skulen. Og då far hans ligg på det siste endrar òg tonen i boka seg, og vert varmare og meir interessant. Så er her òg nokre lystige skildringar frå middagar og festar. For meg er ikkje dei historiene så artige, då er det lettare å dra på smilen når Vigmostad lærer dottera opp til at det kan vera pengar å tena på å samla flakser. Han går føre med eit godt eksempel, og går med lommene og genseren full av tomflasker då han litt uventa møter ein forleggar frå eit anna forlagshus.

Guffen tilrår.

Meir Vigmostad på kulturguffebloggen
Gründerår (2016)

18. desember 2019

Brett Anderson: Coal Black Mornings (2018)

Det var ein litt rar veg til denne boka: Eg slumpa til å kjøpa ei heilt fersk bok av Brett Anderson, og då eg fekk ho i hus viste det seg at det var ein oppfølgar til denne. Då var det ingen veg utanom. og det var bra: Denne boka var langt, langt betre enn eg hadde grunn til å tru.

Anderson var og er vokalist i Suede. Dei platedebuterte i 1993, og vart raskt eitt av dei største banda i Storbritannia. Sjølv hadde eg aldri heilt sansen - ein god song der og ein god song der. Den einaste plata deira eg har er Coming Up, og eg såg dei i Bergen same året den kom ut, i 1996. Det har alltid vore underhaldande å lesa intervju med Anderson - sjølv om han tidvis kan vera litt vel arrogant, er han flink med ord.

Og det er akkurat det som gjer denne boka så finfin. Ho er uvanleg velskriven, med gode, flytande og fengande setningar. Det kan godt henda at songtekstane til Anderson er betre enn eg hugsar dei, men det var overraskande at han skriv så bra.

Dette er altså del 1 av ein sjølvbiografi. Boka sluttar då Suede får platekontrakt. Det er altså ei happy ending til denne delan av livet hans, men det har vore fleire nedturar enn oppturar før det. Han vaks opp i ein familie som ikkje fungerte heilt perfekt, med ein far som levde opp til ei gamaldags farsrolle, og ei mor som gjorde det ho kunne for å halda det heile saman. Anderson fann glede i musikken, flytta til Manchester og London (og ein del andre stader), han vart kjend med likesinna, og forma Suede saman med bassisten Mat Osman og gitaristen Justine Frischmann. Frischmann og Anderson var sambuarar fram til ho vart saman med Damon Albarn i Blur. Anderson skriv varmt og respektfullt om det tapet, men det er tydeleg at det gjorde svært vondt. Overraskande nok var Frischmann med i Suede eit halvt år etter at dei flytta frå kvarandre, og mange av dei nye songane Anderson skreiv det halve året handla om det han hadde mist.

Guffen tilrår.

Meir Anderson på kulturguffebloggen
Afternoons With the Blinds Drawn (2019)

16. desember 2019

Amy Lawrence: 89 (2019)

Det er berre slik det er: Avslutninga på den engelske ligaen i 1988/89 var den mest dramatiske nokon sinne. I ein utsett kamp på Anfield Road møtte heimelaget Liverpool gromlaget Arsenal. Liverpool hadde vore det store laget gjennom heile 1980-åra; Arsenal hadde eit ungt lag med stort potensiale, men som dei siste ti åra ikkje hadde vunne noko anna enn ligacupen i 1987. Alle andre kampar i heile ligasystemet var ferdige; cupfinala var spelt, og denne kampen var på sett og vis ei ny cupfinale. Og utgangspunktet var greitt - viss Arsenal vann med minst to mål ville dei gå forbi Liverpool. Dei ville stå med like mange poeng og lik målforskjell, men Arsenal hadde skåra fleire mål. Dei vann 2-0, på rimeleg dramatisk vis: Det andre målet kom rundt 90 sekund på overtid.

Amy Lawrence har intervjua dei fleste av Arsenal-spelarane som var med den sesongen og i den kampen. I tillegg bruker ho sitat frå fjernsynssendinga, og ho har samla inn ei rekkje anekdotar og sitat frå Arsenal-fans verda over. Det fungerer svært godt. Sjølvsagt er her mykje etterpåklokskap frå spelarar, men ikkje berre det. Dei er framleis svært byrge over kva dei fekk til. Dei mange sitata frå supportarane er sjølvsagt litt opp og ned, men der er mange godbitar.

Grunnen til at kampen vart spelt så seint, heilt i slutten av mai, var ikkje spesielt lystig. I april miste 96 Liverpool-supportarar livet då dei såg semifinala i FA-cupen. Dette prega sjølvsagt resten av sesongen, og kan godt ha prega Liverpool-spelarane i tida fram mot kampen.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)