Viser innlegg med etiketten Tungen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tungen. Vis alle innlegg

12. mars 2022

Therese Tungen: Snu deg. Edvins bok (2022)

 

Dette er ei uendeleg trist bok, men det er samstundes ei finfin bok.  

Tungen skriv om det aller verste. Dei pussar opp ei leilegheit i Oslo, og saman med dei to ungane deira har ho vore på fjellet. Dei to ungane vert igjen hjå besteforeldra, og eit par dagar før ho skal henta dei går alt gale. Sonen, den nesten sju år gamle Edvin, klagar over vondt i hovudet. Han vert køyrt til dokter på Kvam, før han vert send med helikopter til Oslo. Han døyr den same dagen.

Dette skjedde verkeleg. Tungen teiknar eit fint portrett av sonen sin, men boka handlar like mykje om dei tre som sit att. Dei må finna ein veg vidare, og det er ikkje opplagt korleis det skal gjerast. Nokre rundt dei veit ikkje heilt korleis dei skal reagera. Andre taklar det betre, men overgangen til å verta ho som har mist sonen sin er ikkje lett.

Det er altså ei fin bok. Tungen skriv ope og ærleg. Det er nærliggjande å tru at skrivinga må ha vore ein måte ho kunne arbeida med sorga på, men det vert aldri så personleg at det ikkje kan overførast til andre, at det ikkje har verdi for andre. Både dei som har opplevd noko liknande, og dei som ikkje har det.

Guffen tilrår. 

Meir Tungen på kulturguffebloggen
Ein gong var dei ulvar (2017)
Kjærleik og det som liknar (2019)

26. desember 2019

Therese Tungen: Kjærleik og det som liknar (2019)

Dette er den andre novellesamlinga til Tungen, og som den fyrste er denne vellukka.

Tungen skriv heller lange noveller. Fire av dei fem novellene har kvinner i hovudrolla, i den femte er perspektivet delt mellom han og ho. Dei to gjekk frå kvarandre for fleire år sidan, men har visst om og tenkt mykje på den andre. No møtest dei på Jernbanetorget i Oslo, der ho kjem og han skal reisa, og der dei står i kvar ende av eit gangfelt og ventar på grønt lys tenkjer dei tilbake på det som var.

Det er eit kjennemerke ved novellene i denne samlinga. Gjennom tilbakeblikk får me gradvis vita meir om dei ho skriv om. I to av novellene kjem det ei uventa vending i dei aller siste linene, i dei andre kjem altså forhistoria gradvis fram.

Det er fine noveller. Tungen skriv godt, kanskje med unntak av nokre av dialogane, som av og til kan verka meir konstruerte enn reelle.

Guffen tilrår.

Meir Tungen på kulturguffebloggen
Ein gong var dei ulvar (2017)
Snu deg. Edvins bok (2022)

17. januar 2018

Therese Tungen: Ein gong var dei ulvar (2017)

Denne boka inneheld seks noveller. Det er ikkje av dei lystigaste novellene eg har lese, men det gjer jo ingenting. Det er solide og gode noveller, der det som regel ligg noko uroleg og ulmar. Den siste novella, "Seksten", er unntaket. Den handlar om ei seksten år gamal jente som gjerne vil vera litt vaksnare. Ho har det ikkje så godt, så lenge har denne novella same stemninga som dei andre. Men på siste sida snur det - då har ho fått ein telefon ho har lengta etter. Veret var strålande sol.

Novellene hentar gjerne handlinga frå Kvam i Gudbrandsdalen, der Tungen er frå. Det kjem mest fram gjennom dialogane, der mange av replikkane har dialektord. Men også andre ting tyder på det, i opningsnovella står bygda under vatn, og Kvam er jo ei av bygdene som fleire gonger har vore råka av flaum.

Novellene er alle godt komponerte. Tungen dreg oss raskt inn i stemninga, ho gjer oss raskt kjende med personane ho skriv om. Det er ei glimrande debutbok, dette, og det er all grunn til sjå fram til fleire bøker frå Tungen.

Guffen tilrår.

Meir Tungen på kulturguffebloggen
Kjærleik og det som liknar (2019)
Snu deg. Edvins bok (2022)