23. desember 2022

Midnight Express (1978)

Basert på verkelege hendingar, som det heiter. Ein ung amerikansk student skal heim frå ferie i Tyrkia, og er dum nok til å prøva å smugla med seg to kilo hasj. Han har teipa det fast rundt kroppen. Vaktene på flyplassen oppdagar det, og han vert sendt i fengsel. Der er han stort sett resten av filmen. 

I fyrste omgang vert han dømt til fire år i fengsel, men denne vert seinare omgjort til "minst tretti år". Han prøver å koma seg ut, både på lovleg og ulovleg vis. Han vert rabiat, og ei tid er han gal. Det er eit valdeleg fengsel, og det heile sluttar med at han tek livet av den verste fangevaktaren, tek på seg uniforma hans, og spaserer roleg ut av fengselet. Ein sluttekst fortel oss at han kom seg ut av Tyrkia noko seinare.

Slutten er rar, det verkar utruleg at det skulle vera så lett å koma seg ut av eit så godt vakta fengsel. Det er likevel ikkje det verste med filmen. Tyrkia vert framstilt som eit grått og brunt og trist land, der alle er korrupte og valdelege. Eg har aldri vore der, og er fullt klar over at landet ikkje er spesielt sympatisk, men likevel. Det er òg rart at all sympatien skal liggja hjå smuglaren - eg er fullt klar over at det er ein amerikansk film, men likevel.   

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

15. desember 2022

Thomas Seltzer: Amerikansk karmageddon (2022)

Det halvgode ordspelet i tittelen er symptomatisk for språket i boka. Seltzer kjem ofte med liknande ordspel, han leikar mykje med språk og ord, og der er òg mange leikande innfall i argumentasjonen hans.

Det er likevel ei djupt alvorleg bok. Seltzer flytta frå USA til Noreg som liten gut, men har nær familie i USA og kjenner landet godt. I boka hentar han stoff frå ei rekkje kjelder, og han er ikkje spesielt optimistisk: Slik han ser det er USA på veg mot ein borgarkrig. Dette er ikkje ein slik borgarkrig som vert kjempa på slagmarka, men meir ein ideologisk borgarkrig. Landet er så polarisert, og med den store rolla Trump og andre konspirasjonsteoretikarar har, er ikkje framtidsvonene altfor lyse.

Det har gått galne vegen i mange tiår, men Seltzer viser at finanskrisa i 2008 var viktigare enn eg var klar over. Han bruker omgrepet oppned-sosialisme for å visa kva som skjedde - staten gjekk inn med enorme pengesummar for å redda bankar og finansorganisasjonar, med dei følgjene at dei mindre bemidla, dei som verkeleg trengde hjelp, fekk det endå vanskelegare. 

Me kjenner att nokre av temaa han tek opp frå serien UXA. Der er dei det mange besøka og intervjua med amerikanarar som dominerer. Dei dukkar opp av og til her òg, men stort sett er det aviser, tidsskrift og bøker som er kjelda hans (saman med eigne røynsler). Og han teiknar altså eit bilete av eit land som er på veg til pises. Ja ja. Berre noko eg tenkte.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
 (2022)
UXA, sesong 3 (2024)
Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

12. desember 2022

Lars Ove Seljestad: Isberg (2012)

Ei tredelt bok, der den fyrste delen er den klart sterkaste. Det handlar om eit samfunn som bur under bergfallet, og som vert råka av eit stort isras. Hovudpersonen, som i den fyrste delen går på ungdomsskulen, misser begge foreldra sine i raset. Ingen rundt han veit heilt korleis dei skal takla det, og det kan for så vidt vera det same: Han reagerer uansett med å verta forbanna. 

Gjennom heile boka har han eit vanskeleg temperament, og dette går ut over alle rundt han, inkludert ho unge jenta som kryp opp i senga hans då han mellombels bur på eit hotell. Alle på skulen i del ein og alle på jobben i del to er dritsekkar, slik han ser det. For oss lesarar er det tydeleg at dei anten er usikre eller at dei prøver å hjelpa han, men han er usamd. Og han vert etter kvart valdeleg.

Kjem problema hans av det som skjedde i raset, eller bar han med seg noko frå før det? Det kjem ikkje klart fram, og det treng det sjølvsagt ikkje gjera, men eg hellar mest mot det siste. 

Guffen tilrår. 


11. desember 2022

Anders Aschim og Per Halse: "Den fyrste bibelen paa norsk" (2021)

For dei tidlege målfolka var det eit mål å få Bibelen omsett til landsmål/nynorsk. Delar av boka vart omsett frå 1865, men dette arbeidet vart gjort litt tilfeldig. Av og til var det mest snakk om tekstprøvar. Etter kvart fekk Det Norske Samlaget ei sentral rolle, og det sterke firkløveret Johs. Belsheim, Elias Blix, Matias Skard og sjølvaste Ivar Aasen samarbeidde om å få omsett Det nye testamentet, som kom ut i 1889.

I 1916 vedtak Studentmållaget i Oslo å setja ned ei nemnd som skulle få til ei førebels omsetjing av heile bibelen. Nemnda vart leia av Sigvat Heggstad. Dei greidde å gjennomføra det, men det var eit tungt arbeid. Dei rekrutterte omsetjarar - nokre var gode, nokre var mindre gode; nokre leverte på fristen, andre trong meir tid. Dei greidde å få det heile finansiert, etter mykje strev. Boka kom ut i 1921, og vert gjerne kalla Fyrebilsbibelen.

Denne boka fortel inngåande om heile arbeidet. Aschim og Halse har gjort eit imponerande arbeid med kjeldene, og frå sjøvle arbeidsprosessen refererer dei svært mykje frå korrespondanse mellom nemnda, omsetjarar og biskopar, og dei siterer frå avisartiklar. For meg er bolken om arbeidet den mest interessante, men dei går òg grundig inn i språket som vert brukt. Dei jamfører det med andre omsetjingar, og viser korleis akkurat desse omsetjarane har tenkt.

Guffen tilrår. 

10. desember 2022

Last: Jøder (2022)

Dette er ein finfin serie som det gjer uendeleg vondt å sjå på. Eg vert trist, eg vert forbanna, eg vert imponert, eg vert på gråten, eg vert oppgitt. Eg tenkjer på at dette skjedde berre nokre tiår før eg vart fødd. Og eg tenkjer på at same veka som eg såg denne serien prøvde nokre høgreekstreme neper i Tyskland - i Tyskland! - å gjera statskupp. Lærer me aldri?

Serien handlar om korleis dei norske jødane vart handsama under andre verdskrigen. Dei store linene er godt kjende, men her kjem me tett innpå dei det gjeld. I serien er det intervju med fleire av dei som overlevde - dei fleste av desse flykta til Sverige. Men her er òg arkivopptak med Herman Sachnowitz, og opplesing frå boka hans, Det angår også deg. Sachnowitz var ein av få norske jødar som overlevde Auschwitz, der både far hans, tre systrer og fire brør vart drepne. Me får høyra om nokre av dei som hjelpte jødar å koma seg til Sverige, og me får høyra om dei mange, mange norske politimennene som hjelpte okkupantane med å senda jødane til Auschwitz. Og me får høyra om kor skammeleg jødane vart handsama av Noreg etter krigen. 

Det er ein finfin serie, og det er ein viktig serie. Alle burde sjå denne.

Guffen tilrår. 

6. desember 2022

Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)

Tarjei Vesaas fekk det aldri heilt til som dramatikar. Fleire av novellene hans vart derimot framførte med hell som høyrespel. Dette spelet er basert på novella "Mors tre" frå Leiret og hjulet, og sjølv om her ikkje er den heilt store spenninga eller dramatikken trur eg det kan ha fungert godt.

Mor til Skjalg syng på det aller siste verset. Han har hjelpt ho ut i hagen, der dei sit under eit stort tre. Han er redd for at ho frys og bed ho gå inn att; ho anar at dette vert den siste kvelden hennar og vil sitja ute så lenge ho kan. Ho snakkar om han ho var gift med, Bendik, og om korleis han gav henne dette treet. Sigurd, ein kjenning av Skjalg, kjem på besøk, og etter ei stund hjelper dei to mora inn. Den siste tida har ho snakka meir og meir om treet, om korleis ho kjenner at det lever i treet, og om korleis treet ropar på ho. Ho er framleis i live når stykket sluttar, men ho kan ikkje ha lenge att. 

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

4. desember 2022

Richard Yates: Revolutionary Road (1961)

Det var vel ein gong i dei fyrste tiåra etter andre verdskrigen at det verkeleg gjekk gale i USA. Alle skulle oppover, alle skulle få meir velstand, alle skulle ha det bra, osb. Denne romanen viser kor optimistisk og urealistisk eit slikt syn var.

Det handlar om småbarnforeldra Frank og April Wheeler, som bur i Connecticut. Ho er heimeverande med dei to borna deira; han er dagpendlar til Manhattan. Han har ein jobb han ikkje likar, men greier ikkje heilt å finna seg noko anna. Det gjer derimot April. Ho ser at han ikkje får brukt kompetansen sin, og kjem opp med eit friskt framlegg: Kva om dei flyttar til Paris? Der kan ho jobba som sekretær, medan han kan finna ut kva han vil med livet sitt. Han er lunken til planen, men ho greier å overtala han. Heilt til to ting skjer samstundes: Han får signal om at han er på veg opp i firmaet, til ei stilling med høgare løn og meir ansvar. Og ho oppdagar at ho er gravid. Derfrå går alt nedover.

Det verkar som om alle, inkludert alle dei kjenner i Connecticut og dei Frank møter på jobben, spelar roller. Mennene dominerer, kvinnene er lettlurte og som regel lette på tråden. Den einaste som stiller kritiske spørsmål til alt som skjer er John, son til eit eldre ektepar i nabolaget, og han bur stort sett på eit galehus. Alle andre er så høflege og så hyggelege som dei kan. Det er ei glitrande bok, godt komponert og godt skrive. 

Guffen tilrår.