23. desember 2022

Midnight Express (1978)

Basert på verkelege hendingar, som det heiter. Ein ung amerikansk student skal heim frå ferie i Tyrkia, og er dum nok til å prøva å smugla med seg to kilo hasj. Han har teipa det fast rundt kroppen. Vaktene på flyplassen oppdagar det, og han vert sendt i fengsel. Der er han stort sett resten av filmen. 

I fyrste omgang vert han dømt til fire år i fengsel, men denne vert seinare omgjort til "minst tretti år". Han prøver å koma seg ut, både på lovleg og ulovleg vis. Han vert rabiat, og ei tid er han gal. Det er eit valdeleg fengsel, og det heile sluttar med at han tek livet av den verste fangevaktaren, tek på seg uniforma hans, og spaserer roleg ut av fengselet. Ein sluttekst fortel oss at han kom seg ut av Tyrkia noko seinare.

Slutten er rar, det verkar utruleg at det skulle vera så lett å koma seg ut av eit så godt vakta fengsel. Det er likevel ikkje det verste med filmen. Tyrkia vert framstilt som eit grått og brunt og trist land, der alle er korrupte og valdelege. Eg har aldri vore der, og er fullt klar over at landet ikkje er spesielt sympatisk, men likevel. Det er òg rart at all sympatien skal liggja hjå smuglaren - eg er fullt klar over at det er ein amerikansk film, men likevel.   

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar