Viser innlegg med etiketten Seltzer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Seltzer. Vis alle innlegg

29. august 2025

Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

Thomas Seltzer har tidlegare reist rundt i USA for å prøva å finna ut kva som har gått gale med det landet. No er turen komen til Noreg, der han reiser rundt for å snakka med folk som er eller har vore fattige. Det er ein god serie, og ein serie det er lett å verta trist av. Spesielt no, rett før eit stortingsval der storleiken på formueskatten er ei av dei viktige kampsakene. Når ein ser korleis dei mindre velståande i landet har det, er det jo både opplagt at dei som vassar i pengar må betalla meir, og det er opplagt kor pinleg det er å forsvara formueskatten.

Seltzer reiser frå nord til sør. Han vitjar eit ungt par som ikkje har råd til å få meir enn eit barn. Han vitjar unge kvinner som har gått på ein helsesmell og som ikkje har spesielt mange kroner å rutta med kvar månad. Han snakkar med ein som har teke klasseheisen frå topp til botn, og med ein som har reist den andre vegen. Han snakkar med forskarar og andre som prøver å forklara korleis det går an at eit så rikt land som vårt kan ha så mange fattige. 

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)
UXA, sesong 3 (2024)

2. november 2024

UXA, sesong 3 (2024)

Den tredje (og visstnok siste) sesongen av UXA minner om dei to fyrste. Thomas Seltzer reiser rundt i USA, der han oppsøkjer personar og miljø som spelar eit stykke frå midtstreken. Det er både lystig og trist: Seltzer er ein god og lun programleiar, som oftast ser det komiske i det han møter. Samstundes er det eit djupt alvor i det han fortel om. Det handlar om det fyrste heimlandet hans, og av og til handlar det om slekta hans: Episoden der han vitjar syskenbarnet sitt, Kim, og veit at det er siste gongen han ser ho i live, er rørande.

I minst ein av dei to fyrste sesongane handla det mykje om den amerikanske draumen. Det er trist å sjå korleis den ikkje er så lett å realisera, noko som òg kan illustrerast ved eit møte mellom Seltzer og slekta. I ein tidlegare sesong møtte me Bubba, som vel er barnebarnet til Kim. Då gjekk han på high school og drøymde om å studera ved MIT i Boston. Karakterane hans var ikkje gode nok til at han fekk stipend, slik at no arbeider han ved Taco Bell. Han bur saman med kjærasten, som er gravid, og som har ein unge frå før. Dei er begge tidleg i 20-åra, og sjølv om han framleis drøymer om MIT, slit eg med å sjå at det er den vegen det går.

Der det tidlegare handla om den amerikanske draumen, er håp eit stikkord i denne sesongen. Finst det eit håp for dette skakkøyrte landet? Det gjer det jo alltid, men det er lett å missa motet av ein serie som dette. Det er eit stort klasseskilje i USA, og for dei nedste klassane er det vanskeleg å klatra. Valet om nokre dagar vil ha mykje å seia, men det er jo fare for at det vert bråk uansett.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)
Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

15. desember 2022

Thomas Seltzer: Amerikansk karmageddon (2022)

Det halvgode ordspelet i tittelen er symptomatisk for språket i boka. Seltzer kjem ofte med liknande ordspel, han leikar mykje med språk og ord, og der er òg mange leikande innfall i argumentasjonen hans.

Det er likevel ei djupt alvorleg bok. Seltzer flytta frå USA til Noreg som liten gut, men har nær familie i USA og kjenner landet godt. I boka hentar han stoff frå ei rekkje kjelder, og han er ikkje spesielt optimistisk: Slik han ser det er USA på veg mot ein borgarkrig. Dette er ikkje ein slik borgarkrig som vert kjempa på slagmarka, men meir ein ideologisk borgarkrig. Landet er så polarisert, og med den store rolla Trump og andre konspirasjonsteoretikarar har, er ikkje framtidsvonene altfor lyse.

Det har gått galne vegen i mange tiår, men Seltzer viser at finanskrisa i 2008 var viktigare enn eg var klar over. Han bruker omgrepet oppned-sosialisme for å visa kva som skjedde - staten gjekk inn med enorme pengesummar for å redda bankar og finansorganisasjonar, med dei følgjene at dei mindre bemidla, dei som verkeleg trengde hjelp, fekk det endå vanskelegare. 

Me kjenner att nokre av temaa han tek opp frå serien UXA. Der er dei det mange besøka og intervjua med amerikanarar som dominerer. Dei dukkar opp av og til her òg, men stort sett er det aviser, tidsskrift og bøker som er kjelda hans (saman med eigne røynsler). Og han teiknar altså eit bilete av eit land som er på veg til pises. Ja ja. Berre noko eg tenkte.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
 (2022)
UXA, sesong 3 (2024)
Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

27. oktober 2022

UXA, sesong 2 (2022)

Det er ikkje den lystigaste serien, dette. Her er absolutt ting å smila og le av, men grunntonen er at det meste i USA går til pises.  

Som i den fyrste sesongen reiser Thomas Seltzer rundt i USA. Han har budd i Noreg det meste av livet, men er amerikansk statsborgar. Han vitjar folk han kjenner, han vitjar folk som har gode historier å fortelja. Han er flink til å snakka, og han er flink til å lytta.

Men det handlar altså om eit land i forfall. Landet vert meir og meir splitta, og fleire er inne på at det verkar som om landet går mot ein borgarkrig. Og då er det jo herleg å tenkja på kor mange handvåpen det finst i amerikanske heimar. Han snakkar med folk som var i Washington DC 6. januar, han snakkar med folk som har tapt hus og heim, han snakkar med folk både til høgre og venstre, og det er altså mange tunge skjebner. Nokre poeng var kjende for meg, men mykje var òg ting eg hadde gløymt, som linene frå finanskrisa rundt 2008 via Tea Party til Trump-rørsla.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
Amerikansk karmageddon (2022)
UXA, sesong 3 (2024)
Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

10. november 2020

UXA, sesong 1 (2020)

Å reisa rundt i USA for å snakka med folk er ikkje det mest originale utgangspunktet for ein fjernsynsserie. Av og til fungerer det greitt, andre gonger går det på trynet. Denne serien kjem svært godt frå det.

Thomas Seltzer flytta frå USA til Noreg då han var seks år. No vitjar han USA, dels for å vitja stader og folk han kjenner frå før, dels for å finna ut litt om stemninga i landet før presidentvalet. Eit gjennomgåande tema er den amerikanske draumen. Finst han i dag? Er draumen den same som for mange år sidan? Er han oppnåeleg for alle? 

Det er ikkje noko lystig USA Seltzer vitjar. Han oppsøkjer stader der det ikkje har gått så bra, stader som ligg langt utanfor dei vanlege turistløypene. Han har ubehagelege stikkord - korleis taklar amerikanarane at hjørnesteinsverksemder vert lagt ned? Kva synest dei om innvandrar? Korleis kan dei dyrka Trump slik dei gjer? Seltzer er innom i byen han vaks opp i, der mykje er endra, men der han får lov til å koma inn i banrdomsheimen. Han vitjar òg to syskenborn - ei som elskar Trump, og bror hennar som avskyr Trump. Det er ganske opplagt kven av dei to som er i fast arbeid, og som verkar mest oppegåande.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 2
 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)
UXA, sesong 3 (2024)
Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)