10. desember 2022

Last: Jøder (2022)

Dette er ein finfin serie som det gjer uendeleg vondt å sjå på. Eg vert trist, eg vert forbanna, eg vert imponert, eg vert på gråten, eg vert oppgitt. Eg tenkjer på at dette skjedde berre nokre tiår før eg vart fødd. Og eg tenkjer på at same veka som eg såg denne serien prøvde nokre høgreekstreme neper i Tyskland - i Tyskland! - å gjera statskupp. Lærer me aldri?

Serien handlar om korleis dei norske jødane vart handsama under andre verdskrigen. Dei store linene er godt kjende, men her kjem me tett innpå dei det gjeld. I serien er det intervju med fleire av dei som overlevde - dei fleste av desse flykta til Sverige. Men her er òg arkivopptak med Herman Sachnowitz, og opplesing frå boka hans, Det angår også deg. Sachnowitz var ein av få norske jødar som overlevde Auschwitz, der både far hans, tre systrer og fire brør vart drepne. Me får høyra om nokre av dei som hjelpte jødar å koma seg til Sverige, og me får høyra om dei mange, mange norske politimennene som hjelpte okkupantane med å senda jødane til Auschwitz. Og me får høyra om kor skammeleg jødane vart handsama av Noreg etter krigen. 

Det er ein finfin serie, og det er ein viktig serie. Alle burde sjå denne.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar