18. juli 2020

Jo Straube og Frode Grytten: Det norske biblioteket (2017)

Frode Grytten har samarbeidd med fleire fotografar dei siste åra. Denne gongen er det Jo Straube som fotograferer, og emnet er norske bibliotek. Resultatet er ei svært vellukka bok.

Bileta fyrst: Straube har vitja meir enn 200 bibliotek. Nokre er store, nokre er små. Nokre er nye, nokre er gamle. Nokre har fleire tilsette, andre har éin tilsett i ein svært låg stillingsprosent. Denne variasjonen kjem godt fram i bileta hans, som viser at det er tilnærma uråd å seia noko om korleis det norske biblioteket ser ut. Bileta er informative, tidvis morosame, av og til rørande. Det er brukarane og bygningane/romma som er viktigast - bøkene er ofte med, men dei er mindre viktige i desse bileta.

For Grytten, derimot, er bøkene det viktige. Han har tidlegare skrive godt om korleis han vaks opp på biblioteket i Odda, og det er eitt av emna han tek opp i innleiinga her. I resten av boka har han kortare tekstar, som rett som det er minner om tekstane i Vente på fuglen. I nokre av desse tekstane er det bøkene som tenkjer og handlar, andre tekstar handlar om brukarane.

Det er mange fulltreffarar blant bileta, og det er mange fulltreffarar blant tekstane. Boka er òg svært forseggjort, med god trykk, god formgjeving, og ein fin detalj til slutt: Presentasjonen av fotograf og forfattar kjem i ei lite lomme til sist i boka - røynde bibliotekbrukarar vil vita at i gamle dagar var det der lånekortet vart plassert.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

15. juli 2020

Blind Justice (1994)

Av og til ser eg ein westernfilm. Av og til fattar eg ikkje kvifor eg gjer det. Denne filmen har nokre originale vriar, men stort sett er det gjenbruk av gamle klisjear. Dessutan er det uråd å ta hovudpersonen på alvor.

Hovudpersonen er den beste revolvermannen i heile verda. Han råka alt han skyt på, og han skyt raskare enn alle andre. Han har rett nok eit alvorleg handikap, han er heilt blind, men reiser likevel gjennom det amerikanske westernfilm-landskapet lett som berre det. For å gjera det ekstra vanskeleg å tru på det som skjer har han med seg ein baby, som han har lova faren å levera i ein by ingen har høyrt om. Han kjem til ein liten by der nokre soldatar har barrikadert seg med eit tonn sylv, som nokre meksikanske bandittar gjerne vil ha. Det vert litt skyting, litt sprenging, og til slutt står hovudpersonen nesten åleine att, saman med ho eine kvinna som får seia noko i filmen. Han tek med seg babyen og rir vidare, kanskje på jakt etter noko nokon trudde kunne verta ein oppfølgjarfilm.

Her er altfor mykje overspeling, her er altfor mange bandittar som ler høgt og falskt kvar gong sjefen har sagt noko rart eller gjort noko ufint, her er altfor mange kulissar og kostymar me har sett hundre gonger før. Her er i det heile lite å gle seg over.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

12. juli 2020

Some Like it Hot (1959)

Nokre filmar er det vanskeleg å skriva om. Denne filmen var ein braksuksess då han kom, og i følgje Wikipedia vart han ein gong kåra til den beste komedien som er laga. I dag verkar filmen forelda, han er meir pinleg enn morosam, av fleire grunnar.

Filmen handlar om to musikarar (spelt av Tony Curtis og Jack Lemmon) som vert vitne til eit gangsterdrap. Dei greier å flykta, og for å unngå å verta tekne kler dei seg ut som kvinner og vert med eit kvinneband. Dei likar mange av kvinnene, men best likar dei vokalisten (spela av Marilyn Monroe). Bandet reiser til Florida, der òg gangsterane tilfeldigvis dukkar opp. Alle kvinnene i bandet drøymer om å finna seg ein rik millionær; ein rik millionær drøymer om kvinna Lemmon har kledd seg ut som.

I 1959 var crossdressing (relativt) nytt på film, og det gav filmen mykje publisistet. I dag er det ikkje spesielt spesielt, og det er heller ikkje spesielt artig. Monroe var eit stort sexsymbol på den tida, men måten det vert fokusert på kroppen hennar i denne filmen er forkasteleg i dag. Forvekslingskomediar er ein klassisk sjanger, men det er ikkje ein spesielt vellukka sjanger. Vitsane i denne filmen er òg dårlege. Dette skjer ikkje så ofte, men i går såg eg altså ein heil film det knapt var noko positivt å seia om.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

10. juli 2020

Tiger King (2020)

Dei siste åra har sånne true crime-greier verkeleg teke av. Denne serien dukka opp på Netflix i vår, og vart så til dei grader hausa opp. Det er heller uforståeleg.

Det handlar om amerikanarar som likar store kattedyr. Hovudpersonen, Joe Exotic, driv ein dyrehage i Oklahoma, der han har mange ulike kattedyr, og har ei god inntekt frå selja ungane deira til andre parkar og samlarar. Han spelar av og til inn countrysongar, han har ein dalesveis av dei sjeldne, han er homofil, og han er ikkje spesielt smart. Ein annan hovudperson er Bhagavan Antle, som driv ein liknande dyrehage, men som òg oppfører seg som ein sektleiar. Hovudmotstandaren deira er Carole Baskin, som kallar seg dyrevernar, men som òg har ei fin samling dyr ho viser fram til publikum mot betaling.

Dei kranglar mykje, og mest via nettet. Alle legg ut filmar på Facebook og YouTube, og Exotic kvir seg ikkje for å koma med dødstruslar mot Baskin. Han vert meldt til politiet for truslane, for å ha betalt nokon for å drepa Baskin, og for å selja kattedyr utan løyve, og får ei fengselsstraff på sytti år.

Serien er fyrst og fremst trist. Det var litt humring i starten, men etter kvart vart eg heller oppgitt. Det er trist med dyr i bur, det er trist å sjå program med folk som burde vernast mot seg sjølv, men det tristaste var eigentleg dramaturgien i serien. Dei fyrste episodane verkar som ein byggjer opp mot eit høgdepunkt, det verkar som om ein presenterer folk og legg grunnlaget for noko som skal skjer, men så fislar det heile vekk.

Guffen kan ikkje tilrå dette.


9. juli 2020

Mette Karlsvik: Flytårn (2007)

Romanen hentar handlinga si frå flyplassen i ein by som minner om Kristiansund. Dei me høyrer mest om er flygeleiarane, spesielt Audunn. Han flyttar saman med Nora, dei får ein unge. Audunn vert sjuk og døyr.

I eit føreord til romanen skriv Karlsvik at romanen er inspirert av verkelege hendingar frå Kvernberget, flyplassen ved Kristiansund. På ein månad fekk to flygeleiarar der den same kreftdiagnosen. Karlsvik spinn fritt rundt denne hendinga, og viser til teiknefilmserien "Det var ein gong eit menneske", og til den nære og fjerne historia på Nordmøre.

Boka er ikkje spesielt vellukka. Korkje historia eller språket grip meg. Boka vart fort lest og vert nok fort gløymt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Karlsvik på kulturguffebloggen
Vindauga i matsalen vender mot fjorden (2005)
Mørkerom (2017)

7. juli 2020

Paul Auster (red.): True Tales of American Life (2001)

I 1999 vart Paul Auster kontakta av National Public Radio, som spurde om han ville vert fast bidragsytar til eitt av programma deira. Han takka fyrst nei, men kona hans, Siri Hustvedt, kom med eit framlegg han likte: Han skulle ikkje skriva historier sjølv, han skulle i staden be lyttarane senda inn historier. Jobben til Auster var å velja ut og lesa dei utvalde historiene på radio. Ideen var fin, responsen var strålande, og historiene er i mange tilfelle fabelaktige. Det kom inn rundt 4000 historier. Til denne boka har han valt ut 179.

I føreordet skriv han at det er vanskeleg å sjå føre seg nokon som les heile boka utan å fella tårer, og utan å le høgt. Det har han rett i. Det er ei uvanleg fin bok, som for så vidt viser det Auster har brukt ein heil forfattarskap på å visa: Livet er sett saman av tilfeldige hendingar, og desse tilfeldige hendingane er viktigare enn me trur.

Historiene er delte inn i ti grupper, etter emne. Nokre er berre eitt eller to avsnitt, andre går over fleire sider. Dei er alle fortalde av folk som kan fortelja, og som kan skriva. Det er sjølvsagt gledeleg i seg sjølv, men sjølve historiene er det beste. Som den om han som greier å finna eit hus i Italia der faren, då han var soldat, ikkje fekk eit glas vatn. Som den om han som kjem inn på ein restaurant og ser ei som les i Great Expectations. Som den om han som har drøymt om ei jente i nabolaget gjennom heile krigen, og som møter ho på ein buss same dag han kjem heim frå krigen. Og så vidare. Boka er eit flott, flott bilete av det amerikanske samfunnet.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Baumgartner (2023)
Bloodbath Nation (2023)
Siri Hustvedt: Ghost Stories. A Memoir (2026)

5. juli 2020

Joe Gross: In on the Kill Taker (2018)

Fugazi var eit av dei aller beste band. Eg bruker "var", bandet hevdar sjølve at dei berre har ein pause, men i og med at pausen har vara sidan 2003, og sidan dei fire i bandet seier at sjansane er minimale for at dei spelar konsertar eller gjev ut plater saman igjen, er det nok rettast å omtala dei som eit band som var. Dei var best fram til 1990, då dei gav ut Repeater, desse fyrste åra var den avsindige energien kombinert med fengande melodiar. Utover i 90-åra vart det mindre melodiar og meir energi.

Platene deira var ikkje like spanande, slik at eg kjenner ikkje In on the Kill Taker altfor godt. Den plata kom i 1993, og det er litt overraskande at Gross omtalar det som hovudverket deira. Etter ein presentasjon av historia til bandet skriv han om korleis denne plata vart til, før han går over til å skriva om enkeltsongane på plata. Han skriv òg om omslaget, om korleis bandet skreiv songar, og om korleis bandet var live.

Han har snakka med alle i bandet, og det er den beste delen av boka. Svært få band er sette saman av fire oppegåande personar, som alle kan snakka godt og kritisk om det dei har gjort. Dei to viktigaste tekstforfattarane, Ian MacKaye og Guy Picciotto, fortel òg om kva tekstane handlar om - Mac Kaye ope og fritt, Picciotto meir reservert. Her er òg med nokre anekdotar, som den om då legenda Ahmet Ertegun, sjefen for Atlantic Records, kom backstage etter ein konsert for å tilby Fugazi kva som helst for å gje ut plater på Atlantic. Dei takka høfleg nei, utan å vera heilt klar over kven dei snakka med. I ettertid skjøna MacKaye det, og sende eit brev til Ertegun der han takka for at han hadde kika innom, og at han gjerne ville møta Ertegun igjen, for å høyra på dei mange historiene hans. Det møtet vart det aldri noko av.

Boka er fin, men burde vore betre redigert. Produsenten deira, Ted Niceley, får etternamnet stava på to ulike måtar i same avsnitt. Eit sitat av bassisten Joe Lally er brukt to gonger på same side. I innleiinga skriv Gross at Fugazi sommaren 1992 spelte ein konsert for 5000 publikummar, noko han omtalar som truleg det største publikummet dei nokon gong hadde. Lengre ute i boka skriv han om ein konsert der 7000 høyrde på.

Guffen tilrår.

Meir Fugazi på kulturguffebloggen
Fugazi (1988)
Glen E. Friedman: Keep Your Eyes Open (2007)
Glen E. Friedman: Just a Minor Threat (2023)