10. juli 2020

Tiger King (2020)

Dei siste åra har sånne true crime-greier verkeleg teke av. Denne serien dukka opp på Netflix i vår, og vart så til dei grader hausa opp. Det er heller uforståeleg.

Det handlar om amerikanarar som likar store kattedyr. Hovudpersonen, Joe Exotic, driv ein dyrehage i Oklahoma, der han har mange ulike kattedyr, og har ei god inntekt frå selja ungane deira til andre parkar og samlarar. Han spelar av og til inn countrysongar, han har ein dalesveis av dei sjeldne, han er homofil, og han er ikkje spesielt smart. Ein annan hovudperson er Bhagavan Antle, som driv ein liknande dyrehage, men som òg oppfører seg som ein sektleiar. Hovudmotstandaren deira er Carole Baskin, som kallar seg dyrevernar, men som òg har ei fin samling dyr ho viser fram til publikum mot betaling.

Dei kranglar mykje, og mest via nettet. Alle legg ut filmar på Facebook og YouTube, og Exotic kvir seg ikkje for å koma med dødstruslar mot Baskin. Han vert meldt til politiet for truslane, for å ha betalt nokon for å drepa Baskin, og for å selja kattedyr utan løyve, og får ei fengselsstraff på sytti år.

Serien er fyrst og fremst trist. Det var litt humring i starten, men etter kvart vart eg heller oppgitt. Det er trist med dyr i bur, det er trist å sjå program med folk som burde vernast mot seg sjølv, men det tristaste var eigentleg dramaturgien i serien. Dei fyrste episodane verkar som ein byggjer opp mot eit høgdepunkt, det verkar som om ein presenterer folk og legg grunnlaget for noko som skal skjer, men så fislar det heile vekk.

Guffen kan ikkje tilrå dette.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar