Viser innlegg med etiketten Karlsvik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Karlsvik. Vis alle innlegg

10. februar 2022

Mette Karlsvik; Mørkerom (2017)

 

Dette er den tredje boka av Karlsvik eg les, og den andre som handlar om flygeleiarar som får kreft. Denne gongen verkar det meir personleg. 

Hovudpersonen i boka, Mette, har ein far som arbeider som flygeleiar. Dei to har eit nært forhold, og dottera har stor glede av å vera med faren på mørkerommet. Denne interessa for bilete og biletkunst fører ho til ein kunstskule i Skottland. Der trivst ho godt, men då ho får melding om at faren, som altså har slite med kreft, ligg på det siste, reiser ho heim. 

Dei fyrste to tredelane av boka er litt opp og ned. Kapitla der Karlsvik fortel om far og dotter har er fine. Dottera bruker foto-interessa til faren til å fortelja om livet hans, også om åra før ho vart fødd. I mange av historiene vert nokon fotograferte, slik at det av og til verkar som om ho blar seg sakte gjennom eit fotoalbum, og fortel om bileta ho ser. Innimellom alt dette kjem det nokre kapittel og avsnitt der Karlsvik verkar mest interessert i å visa kva ho kan om mørkerom, og kva ho kan om ulike tekniske ting. Desse delane fengar mindre. Det tek seg opp i den siste tredelen av boka, der Karlsvik fortel om tida i Skottland og sjukdomen til faren. 

Guffen er lunken.

Meir Karlsvik på kulturguffebloggen
Vindauga i matsalen vender mot fjorden (2005)
Flytårn (2007)

9. juli 2020

Mette Karlsvik: Flytårn (2007)

Romanen hentar handlinga si frå flyplassen i ein by som minner om Kristiansund. Dei me høyrer mest om er flygeleiarane, spesielt Audunn. Han flyttar saman med Nora, dei får ein unge. Audunn vert sjuk og døyr.

I eit føreord til romanen skriv Karlsvik at romanen er inspirert av verkelege hendingar frå Kvernberget, flyplassen ved Kristiansund. På ein månad fekk to flygeleiarar der den same kreftdiagnosen. Karlsvik spinn fritt rundt denne hendinga, og viser til teiknefilmserien "Det var ein gong eit menneske", og til den nære og fjerne historia på Nordmøre.

Boka er ikkje spesielt vellukka. Korkje historia eller språket grip meg. Boka vart fort lest og vert nok fort gløymt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Karlsvik på kulturguffebloggen
Vindauga i matsalen vender mot fjorden (2005)
Mørkerom (2017)

29. oktober 2017

Mette Karlsvik: Vindauga i matsalen vender mot fjorden (2005)

Eg-personen i denne romanen er innlagd på sjukehus. Ho har eit dårleg forhold til mat, ho har ikkje lyst til å leggja på seg, og treng hjelp til å koma vidare i livet. For å få det til må ho fyrst få orden på etinga si.

Boka er sett saman av korte tekstar, som skildrar hendingar frå sjukehuset. Eg-personen snakkar med legar og sjukesystrer, ho snakkar med andre pasientar, og ho tenkjer på mykje rart. Ho vil vidare i livet, men veit ikkje om ho får det til. Ho sit ofte i matsalen og ser på det som skjer utanfor, det kan vera båtar på fjorden eller fyrverkeri i lufta. Ho sit i matsalen og ser på den verda ho ikkje er frisk nok til å ta del i. Sjølv om Karlsvik dels skriv om sine eigne røynsler med etevanskar, er det mest ei bok om å ikkje passa heilt inn, om å ikkje greia å finna seg til rette.

For meg vart boka berre delvis vellukka. Her er mange fine tekstar, men òg mange tekstar som ikkje er like gode. Og nokre av dei engasjerer ikkje i det heile.

Guffen er lunken.

Meir Karlsvik på kulturguffebloggen
Flytårn (2007)
Mørkerom (2017)