5. juli 2020

Joe Gross: In on the Kill Taker (2018)

Fugazi var eit av dei aller beste band. Eg bruker "var", bandet hevdar sjølve at dei berre har ein pause, men i og med at pausen har vara sidan 2003, og sidan dei fire i bandet seier at sjansane er minimale for at dei spelar konsertar eller gjev ut plater saman igjen, er det nok rettast å omtala dei som eit band som var. Dei var best fram til 1990, då dei gav ut Repeater, desse fyrste åra var den avsindige energien kombinert med fengande melodiar. Utover i 90-åra vart det mindre melodiar og meir energi.

Platene deira var ikkje like spanande, slik at eg kjenner ikkje In on the Kill Taker altfor godt. Den plata kom i 1993, og det er litt overraskande at Gross omtalar det som hovudverket deira. Etter ein presentasjon av historia til bandet skriv han om korleis denne plata vart til, før han går over til å skriva om enkeltsongane på plata. Han skriv òg om omslaget, om korleis bandet skreiv songar, og om korleis bandet var live.

Han har snakka med alle i bandet, og det er den beste delen av boka. Svært få band er sette saman av fire oppegåande personar, som alle kan snakka godt og kritisk om det dei har gjort. Dei to viktigaste tekstforfattarane, Ian MacKaye og Guy Picciotto, fortel òg om kva tekstane handlar om - Mac Kaye ope og fritt, Picciotto meir reservert. Her er òg med nokre anekdotar, som den om då legenda Ahmet Ertegun, sjefen for Atlantic Records, kom backstage etter ein konsert for å tilby Fugazi kva som helst for å gje ut plater på Atlantic. Dei takka høfleg nei, utan å vera heilt klar over kven dei snakka med. I ettertid skjøna MacKaye det, og sende eit brev til Ertegun der han takka for at han hadde kika innom, og at han gjerne ville møta Ertegun igjen, for å høyra på dei mange historiene hans. Det møtet vart det aldri noko av.

Boka er fin, men burde vore betre redigert. Produsenten deira, Ted Niceley, får etternamnet stava på to ulike måtar i same avsnitt. Eit sitat av bassisten Joe Lally er brukt to gonger på same side. I innleiinga skriv Gross at Fugazi sommaren 1992 spelte ein konsert for 5000 publikummar, noko han omtalar som truleg det største publikummet dei nokon gong hadde. Lengre ute i boka skriv han om ein konsert der 7000 høyrde på.

Guffen tilrår.

Meir Fugazi på kulturguffebloggen
Fugazi: Fugazi (1988)
Glen E. Friedman: Keep Your Eyes Open (fotobok, 2007)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar