18. mai 2018

Vidar Kvalshaug: Blodbøksommer (2017)

Eit fellestrekk ved novellene i denne boka er hytter. Sommarhus, store og små, enkle eller meir forseggjorte, arvegods eller oppussingsobjekt. Personane me møter reiser heile tida til hytta, for å treffa andre eller for å vera åleine. Eller for å snakka om eller tenkja på nokon som manglar.

Det er ei uvanleg fin bok. Dei fyrste bøkene til Kvalshaug var romanar, men han verkar no som ein reindyrka novelleforfattarar, eg trur dette er den sjette samlinga hans. Han er ein forfattar som kan handverket sitt, og som byggjer opp novellene heilt eksemplarisk. Midt i novellene tek gjerne historia ei anna vending, det kjem noko overraskande som fangar meg endå meir.

Eg har lese ei eller to noveller om dagen, og stort sett kost meg heile tida. Det er alltid eit godt teikn når eg ikkje kjenner meg mett når boka er ferdig, og slik er det her òg: For min del kunne her gjerne vore fleire noveller.

Guffen tilrår.

Meir Kvalshaug på kulturguffebloggen
Ingen landevei tilbake (1996)
Nesten som på film (1998)
Juling og andre kjærtegn (2000)
Komme hjem og reparere hus (2005)
Den første av dine aller siste sjanser (2009)
Trampolineland (2012)
Alt på stell (2016)

17. mai 2018

Richard King: How Soon Is Now? (2012)

Ei av dei finaste musikkbøkene eg har er Our Band Could Be Your Life av Michael Azzerad. Han skriv om 13 amerikanske band, som alle prega den alternative musikkscena i USA frå slutten av 70-åra og framover. Alle desse gav ut platene sine, i alle fall dei fyrste platene, på uavhengige plateselskap.

Denne boka handlar om uavhengige plateselskap i Storbritannia. Det er sjølvsagt aldeles urettvist å be ein forfattar skriva ei heilt anna bok, men eg trur dette hadde vore meir lesverdig om King hadde gjort som Azzerad. Hadde han skrive meir om banda hadde det vore meir spanande historier; no skriv han om plateselskapa og dei som dreiv dei. I alle fall stort sett - boka er best når han skriv om banda som gav ut plater der.

Boka er lang, og det er uråd å halda oppe interesse gjennom heile boka. Det kan vera av di eg ikkje har noko forhold til dei seinaste banda han skriv om, men det kan òg vera av di det ikkje skjer så altfor mykje nytt. King er langt betre når han skriv om band og plateselskap frå midt i 70-åra til rundt 1990 - Buzzcocks, Orange Juice, The Smiths og fleire.

Guffen er lunken.

11. mai 2018

Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)

Eg kjøper det eg finn av Marx Brothers-bøker, og det er det mange andre som gjer òg. Då er det slik at dei fleste Marx-bøkene automatisk sel litt, men det er òg slik at det er vanskeleg å finna nye tema å skriva om. Dette heftet handlar om Love Happy, den siste (og dårlegaste) filmen deira. Det er den filmen deira som sjeldnast vert vist, og slik sett er det eit godt utgangspunkt: Kan det likevel vera noko bra ved denne filmen?

Collier er ikkje i nærleiken av å svara på det. Love Happy er den dårlegaste Marx-filmen, dette er òg den dårlegaste Marx-boka. Etter ei kort innleiing kjem det nokre sider med samtidige avisnotisar om filmen, det står litt om korleis det var kontroversielt at logoar frå sponsorar var godt synlege i filmen, det kjem nokre film-meldingar (der filmen jamt over vert slakta), det kjem altfor mange foto frå filmen, og det kjem eit intervju med Groucho. Det er rett nok frå same året filmen vart spelt inn, men handlar om heilt andre ting. Og Groucho har ei minimal rolle i filmen; dette var eigentleg tenkt som ein Harpo-film, ikkje ein Marx-film.

Så disposisjonen er dårleg, og utføringa er endå verre. Dei fleste bilettekstane er til dømes kliss like, det einaste som endrar seg er namnet på den som er fotografert (Groucho during the making of "Love Happy"; Harpo during the making of "Love Happy", osb.) Collier prøver ikkje ein gong å forklara kvifor han lagar bok om denne filmen. Og me som lesarar sit i alle fall ikkje igjen med ei kjensle av dette er ein film me bør henta fram att.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)
Robert S. Bader: Zeppo. The Reluctant Marx Brother (2024)

10. mai 2018

Jan OIav Gatland: Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré (2018)

Mons Litleré er ein av heltane i den tidlege målsoga. Han vaks opp i Naustdal, vart overtydd målmann, og tok til med forlagsdrift og bokhandel. Han flytta seinare til Bergen, og vart etter kvart sentral i den norske målrørsla. Han redigerte ei tid avisa Firda, og gav ut meir enn hundre bøker på forlaget sitt, dei fleste på landsmål. Økonomisk var det ikkje velstand, men målforfattarane godtok at betalinga ikkje kom med ein gong, det var jamt over semje om at dette var eit forlag og eit tiltak som måtte støttast. Litleré døydde i 1895, berre 28 år gamal, men han sette altså spor etter seg.

Desse spora har Gatland funne mange av. Han går detaljert til verks, og her ligg både styrken og svakheita ved boka. Boka er i hovudsak lagt opp kronologisk, men det kjem òg små og store kapittel om forfattarane som skreiv for han. Det vert referert frå brev, det står om opplag og økonomi, og det står om bokmeldingar. Sjølv om dette opplagt har sin verdi som kjeldeskrift, vert det for repeterande å lesa det. For 35 år sidan gav Idar Stegane ut ein langt kortare biografi om Litleré, og eg vart vel like klok av å lesa den.

Guffen er lunken.

Meir Litleré på kulturguffebloggen
Idar Stegane: Mons Litlerés forlag (1983)

7. mai 2018

Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)

Det er fare for at me går inn i ein Citizen Kane-periode her på bloggen. Eg las ei bok om denne filmen for ikkje så lenge sidan, og der vart denne boka omtalt som eit nøkkelverk om filmen. Det kan godt vera, men under lesinga såg eg meg nøydd til å tinga eit par bøker til, så det kjem altså meir.

Boka har fire delar. Fyrst kjem essayet "Raising Kane" av Paulien Kael, deretter kjem manuset til filmen, så kjem ein kort artikkel der endringane frå manus til film vert lista opp, før det heile sluttar med alle replikkane frå filmen. Så sjølv om det for så vidt er stas å lesa manuset frå ein slik godfilm, er det essayet til Kael som er det berande i boka.

Ho skriv mykje godt om filmen, både om førearbeidet, om sjølve filmen, om mottakinga, og sjølvsagt om forholdet til William Randolph Hearst. Men det viktigaste for Kael er det ho òg fekk mest kritikk for: Ho argumenterer lenge og vel for at Orson Welles, som både regisserte og hadde hovudrolla i filmen, insisterte på at han skulle stå som medforfattar til manuset. Kael meiner at dette var Herman Mankiewicz sitt verk, og at Welles burde ha gjeve Mankiewicz all ære for det. Dette kjem ho tilbake til gong etter gong, og ære vera ho for det - reint bortsett frå at det ser ut til å vera fri fantasi. Welles var nok langt meir involvert enn det ho skriv, og då vert jo spørsmålet kva ho vil oppnå med det.

Guffen tilrår.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
The other Side of the Wind (2018)
Mank (2020)

2. mai 2018

Rolf Sagen: Alltid likt å lese om krigen (2003)

Eg-personen reiser til Vaim, bygda der han vaks opp, for å snakka med gamle folk om kva dei hugsar frå andre verdskrigen. Han har lese mykje om krigen, og innimellom det dei fortel han, skriv han om reelle hendingar frå krigen. Frå Noreg, frå Tyskland, frå Russland. I tillegg til dette skriv han om skrivinga, og om korleis han vert beden om å lesa opp på eit arrangement på ungdomshuset i Vaim.

Det er altså ein tredelt roman, og det er ei tredeling som kler romanen godt. Det er truleg skriving-delen som er den viktigaste, i alle fall for forfattaren, og det er ikkje utenkjeleg at han også ser på det arbeidet som noko krigsliknande, der han kjempar for å få ferdig ein tekst eller ei bok.

Det er òg ei velskrive bok. Dei humoristiske sprella som Sagen er kjend for er ikkje like dominerande her, men det ligg likevel noko lystig over dei delane av teksten som ikkje er rein historietime.

Guffen tilrår.

Meir Sagen på kulturguffebloggen
Springfart ved fjorden (1986)
MS Liv (2014)

1. mai 2018

Dead Poets Society (1989)

USA, slutten av 1950-åra, på ein internatskule for søner for velståande familiar. Skulen har fått ein ny engelsklærar, John Keating, og han er heilt annleis enn dei andre lærarane, som jamt over er like stive og formelle som foreldra til elevane. Keating får elevane til å riva ut dei sidene i læreboka han ikkje likar, han flyttar undervisinga ut av klasserommet, og han oppmodar dei om å finna kunstnaren i seg, anten det er diktar eller skodespelar.

Og ei stund går det heilt bra. Heilt til han som vil verta skodespelar vert teken på fersken av faren då han står på scena i ei Shakespeare-oppsetjing. Faren tek han ut av skulen, han tek livet sitt, og rektor tek Keating ut av skulen. Dei andre elevane tek ikkje dette spesielt lett.

Filmen er fin, sjølv om det er mykje å trekkja for. Her er mange klisjear, altfor mange gonger er det altfor lett å sjå kva som kjem til å skje, og terpinga på at ein skal gripa dagen - carpe diem - førte jo til at halve verda skulle ha det uttrykket som livsmotto i 1990-åra.

Guffen tilrår.