Eg repeterer: Klassikarserien til Skald forlag er eit glimrande tiltak. Det er stas med bøker som er så vakre - alt frå omslag til format og font er midt i blinken. Det er òg stas at dei gjer godbitar frå verdslitteraturen tilgjengelege på nynorsk, og det er nesten aller mest stas når det kjem bøker frå land og forfattarar er kjenner lite til.
Eg kjenner sjølvsagt til landet Brasil, men eg anar minimalt om litteraturen derfrå. I etterordet til denne boka, skrive av omsetjaren Øystein Vidnes, står det at Machado vert sett på som den største brasilianske forfattaren, og det trur eg på: Her er ni noveller, gitt ut mellom 1870 og 1906, og eg treivst heile vegen.
Machado har ein leiken skrivestil. Nokre av novellene er lange, rundt sytti sider, andre er kortare. Personane me møter er interessante; i alle fall hovudpersonane i novellene er karakterar me gjerne vil vita meir om. Dei lengste novellene handlar om korleis Tito fekk Emilia, etter mykje att og fram, og om Simao Bacamarte, som finn ut at han skal opna eit galehus i heimbyen - ein heimby der han etter kvart får dei fleste lagt inn på galehuset. Det er altså litt å smila av, og slik er det òg i novella "Djevelens kyrkje". Og fleire andre.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar