I 1970-åra var det fjernsynsteater på NRK ein gong kvar veke. Dei viste av og til finske produksjonar, og då var det ein ståande vits at dette var triste og tyngjande greier. Det var den assosiasjonen eg fekk då eg såg denne filmen. Dette var ikkje mykje å skryta av.
Nokon meiner at ein roman med handling frå Nord-Noreg aldri burde vore spelt inn på Vestlandet. Det bryr eg meg ikkje om. Nokon meiner at dei to hovudrollene burde ha snakka nordnorsk, og ikkje austlandsk/svensk. Det bryr eg meg heller ikkje om. Nokon meiner at filmen har fjerna problematiske sider frå romanen til Hamsun. Det bryr eg meg heller ikkje om. Problemet mitt er at filmen er så tung, så trist og så lang.
Det handlar om den handlekraftige, men likevel litt tafatte Isak Sellanraa. Han slår seg, av ukjende grunnar, ned langt vekke frå folkeskikken. Då me møter han bur han under ein heller, i ei bratt li der det regnar eller snør heile tida. Ein dag kjem Inger gåande med ein bukk i band, og dei slår seg saman. Ting går lettare når ein er to, og dei neste åra byggjer dei opp ein gard med store hus og godt interiør. Det er altså litt velstand, men det kjem motgang på fleire hald: Inger må i fengsel; staten må ha skatt, og odelsguten reiser til byen for å studera. Isak er mot alt som minner om framskritt.
Det går veldig seint, og personane er ikkje teikna fengande nok. Eg har ikkje lese Markens grøde sidan gymnaset, men eg kan ikkje tenkja meg at språket i romanen var så lite poetisk som i filmen.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Mysterier (1892)
Redaktør Lynge (1893)
Ny jord (1893)
Pan (1894)
Siesta (1897)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar