Sommaren som var skulle brått alle i Noreg sjå fotballkampar. Noreg gjorde det uventa godt i fotball-VM, og alle, inkludert dei som normalt gjev ein god ein i fotball, såg kampane deira. Fotball greidde altså å knyta familiar (endå meir) saman, og slik er det òg i denne boka.
Familien til Atle Vilder er rimeleg oppslitta, og rimeleg rart sett saman. Han gifta seg tidleg med den noko yngre Lise, og dei fekk dottera Beate. Atle og Lise skilde lag, og han fekk forsørgjar-ansvar for Beate. Dei to flytta til Gran, om lag tjue minutt frå Nordre, der Atle og Beate vaks opp. Far til Atle bur der framleis, og han har like godt flytta saman med mor til Beate. Atle har brote all kontakt med faren, svigermora og eks-kona.
Heilt til han vert spurt om å leia eit stort prosjekt for fotballklubben på Nordre. Han skal eigentleg gjera noko liknande for fotballklubben på Gran, men tek likevel på seg oppdraget for Nordre. Det viser seg at det er faren som har trekt i trådane, og gradvis kjem familien på talefot.
Det er ein roman der me heile tida har ei kjensle av at noko ligg og ulmar. Det er Atle som fortel, og han legg jo vekt på det han vil. Han verkar på mange måtar litt lite handlekraftig og tafatt, men han viser fram heilt andre sider når han kjem i gang med prosjektet: Der får han ting gjort, også slikt som er kontroversielt og vanskeleg.
Guffen tilrår.
Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)
Om livet på jorda (2021)
Sirenene (2024)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar