17. november 2026

Thomas Seltzer: Visjoner, digresjoner og digre ereksjoner (2026)

Nja. Ei litt sprikande bok, som tidvis er underhaldane og engasjerande, men som òg av og til er, vel, litt livlaus og på grensa til keisam. 

Av dei tre omgrepa i tittelen er det vel digresjonane eg festa meg mest ved. I fleire av kapitla kjem det digresjonar som går over mange sider. I desse digresjonane er det lett å kjenna igjen Seltzer slik han framstod i serien UXA eller i boka Amerikansk karmageddon. Han er kunnskapsrik og morosam, og han ser samanhengar få andre ville ha sett. 

I andre kapittel er han ikkje like god. Boka er ikkje meint som ein sjølvbiografi, trur eg, kapitla kjem ikkje i kronologisk rekkjefylgje og handlar heller ikkje alltid om Seltzer. Av og til handlar det berre om å fortelja anekdotar frå rockehistoria. Her fengar ikkje alt like mykje, og det er framleis slik at nokre historier er best for dei som faktisk var der då det skjedde. 

Guffen er lunken.  

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
(2022)
Amerikansk karmageddon (2022)
UXA, sesong 3 (2024)
Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar