Franny og Zooey er syster og bror. Den fyrste novella handlar om ein date mellom Franny, som då er student, og Lane Coutell, kjærasten hennar. I den andre novella går handlinga føre seg i leilegheita til mor deira, der Zooey fyrst småkranglar litt med mora (medan han ligg i badekaret), før det kjem det som vel må reknast som ein lang samtale mellom dei to syskena.
Den samtalen er litt som resten av boka: Altfor lang, og altfor keisam. "Franny" er den beste av dei to novellene, men det seier ikkje så mykje. Begge er litt livlause, dei er litt prega av at Salinger bruker veldig mange ord på å seia veldig lite. Setningane er tunge, språket flyt ikkje framover, og når karakterane i tillegg er rimeleg uinteressante, vert det ei bok som er tung å koma gjennom.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Salinger på kulturguffebloggen
The Catcher in the Rye (1951)
Nine Stories (1953)
Margaret A. Salinger: Dream Catcher. A Memoir (2001)
Joanna Rakoff: My Salinger Year (2014)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar