3. januar 2011

Johan Harstad: Osv. (2010)

Johan Harstad er ein solid forfattar. I 2009 var han tilsett som husdramatikar ved Nationaltheatret, og det resulterte i dette skodespelet.

Osv. har ikkje vore framført, etter det eg kjenner til. Ein uferdig versjon vart framført som leseframsyning i september 2009, men det er det einaste så langt. Det er forståeleg. Ikkje av di stykket er dårleg, men det er så stort anlagt, sett saman av så mange ulike scenar, og er så langt, at det er vanskeleg å sjå at det kan gjennomførast. Under lesinga slo det meg at det er like godt eigna som eit filmmanus.

Stykket handlar om krig. Handlinga er i hovudsak lagt til 1994, og hovudpersonane er den amerikanske familien Zimmer. Faren Joseph slit framleis med det han såg og gjorde i Vietnam, dottera Nola har mist mann og son i ein massakre på t-banen i London, sonen Alan er krigsfotograf, medan mora Kay vil at alle skal samlast igjen og ha det bra. I scenane med Joseph og Alan vert krigshandlingar skildra i detalj. Joseph snakkar om Vietnam, Alan er i Bosnia, i Rwanda, i Tsjetsjenia og i Irak. Her vert kritikken nesten for tydeleg, både vestlege soldatar og vestlege land får så hatten passar.

Stykket er velskrive, her er mange fine dialogar, og det er eit viktig tema Harstad skriv om. Å lesa eit skodespel er noko heilt anna enn å sjå det framført, og eg vonar stykket ein eller annan gong vert sett opp. Sikker er eg likevel ikkje, det krev i alle fall mykje av den institusjonen som gjer det.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)
Under brosteinen, stranden! (2024)

1. januar 2011

Daniel Durchholz & Gary Graff: Neil Young. Long May You Run - The Illustrated History (2010)

Det tok lang tid før eg fekk sansen for Neil Young. På slutten av 70-åra gjekk det mest i punk, i 80-åra var det viktig at musikken var fersk, og då eg i 90-åra omsider såg meg attende var ikkje Young den fyrste eg såg på. Eg hadde eit par av platene hans, og likte dei godt, men gjekk aldri vidare. Kanskje var det tilfeldig, kanskje var det av di Young er så produktiv. Eg har vore på ein konsert med han, på Kalvøya 1996, og der var eg berre sånn middels imponert.

Eg trur eg ville likt det betre no. Eg får meir og meir sans for Neil Young, spesielt platene han gav ut fyrste halvdel av 70-åra. Harvest (1972) er finfin, Tonight's the Night (1975) er glimrande, men aller beste er On the Beach (1974). Det er kanskje ikkje den lystigaste musikken, men likevel. Sommaren 2009, då eg var på jobb omtrent heile tida, sette eg i gang Archives på Spotify, og etter kvart brukte eg songane som klokke - eg visste kva song som kom når det var på tide med matpause, og når det var greitt å reisa heim.

Eg kjenner altså Young litt betre etter kvart, mellom anna av di eg for nokre år sidan las Shakey, den fine biografien Jimmy McDonough gav ut i 2002. Denne boka kjem ikkje med så mykje nytt, men det er likevel ei fin bok. Slik det går fram av tittelen er ho rikt illustrert. Her er sjølvsagt ei mengd bilete av Young og av folk han har spela med, men her er òg faksimilar, bilete av stader som har vore viktige for Young, familiebilete frå oppveksten i Kanada, kunstverk, plakatar, osb. Teksten er òg fin. Det vert litt knapt av og til, men det er ikkje uvanleg i bøker av denne typen. Forfattarane er positive til det meste av det Young har gjort, men heller ikkje dei greier å skjula at Young i 80-åra var på den eine musikalske bærturen etter den andre.

Hovudteksten vert rett som det er broten opp av kortare tekstar om utvalde emne. Her er det mange godbitar, mellom anna om den store interessa Young har for modelljernbanar. Nokre musikarar er òg bedne om å skriva litt om Young. For meg vert dette bortimot bortkasta, det vert mykje skryt og lite ull.

Neil Young har samarbeidd med svært mange. Han framstår nesten som eineveldig, han skaltar og valtar med desse medmusikantane heile tida. Han slutta i Buffalo Springfield rett før dei skulle spela på Tonight Show, og det var berre den fyrste av fleire slike bråe avgangar. Han valde sjølv kven han skulle spela med, og i dei fleste tilfella ser det ut til at dei andre fann seg i å venta. Ville Young spela med deg, takka du oftast ja.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Scott Young: Neil and Me (1984)
Jimmy McDonough:
Shakey (2002)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)
Sylvie Simmons: Neil Young. Reflections in Broken Glass (2026)

31. desember 2010

Kevin Cummins: Joy Division (2010)

Det er ikkje all musikk som står seg godt etter tretti år, men slik er det definitivt med musikken til Joy Division. Karriera deira var heller kort, vokalist Ian Curtis tok livet sitt i 1980, rett før den andre LPen deira, Closer, kom ut. Dei var originale, og påverka mykje av det som hende vidare i 80-åra, både musikalsk og visuelt.

Kevin Cummins var, saman med Anton Corbjin, den fotografen som fotograferte Joy Division oftast. Og best. I denne boka har han samla mange av bileta han tok av bandet. Her er ei rekkje flotte bilete, nokre er kjende frå før, men her er òg mange nye. Han fotograferte dei ulike stader i Manchester, han fotograferte dei i øvingslokalet, og han fotograferte dei på scena. Dei tidlegaste konsertbileta viser at dei ikkje har funne stilen sin enno, både gitarist Bernhard Sumner og bassist Peter Hook har til dømes bart, medan Curtis går i skinnbukser. På dei seinare konsertbileta handlar det meste om Curtis.

Cummins skriv at Curtis var den som var mest opphengt i korleis bileta såg ut. Det var viktig for han at dei var seriøse, han ville ikkje ha bilete der bandet smilte og hadde det godt. Bileta skulle stå godt saman med musikken. Alle bileta er i svart-kvitt, Cummins skriv at han ikkje hadde råd til å kjøpa mykje film, og sidan ingen musikkaviser hadde fargebilete på den tida, var det ingen vits i å ta fargebilete.

Her er òg nokre bilete frå Manchester, også i svart-kvitt, og nyare (farge)bilete av gjenstandar knytt til bandet - instrument, tekstark, osb. Boka opnar med ein samtale der Cummins og Sumner snakkar om den tidlegaste tida i bandet, og kor viktige bileta var for dei. Ein fin tekst, men det hadde vore fint om forlaget hadde brukt ein annan tekstfarge enn oransje.

Guffen tilrår.

Meir Cummins på kulturguffebloggen
Manchester. Looking for the Light through the Pouring rain (2009)
New Order (2015)
Joy Division. Juvenes (2021)


Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

30. desember 2010

Oddleiv Apneseth: Jølster 2008 (2010)

Dette er eit blinkskot av ei bok. Oddleiv Apneseth arbeidde i heile 2008 med eit unikt fotoprosjekt. Han reiste rundt i Jølster, heimkommunen sin, og fotograferte mange av innbyggjarane i kommunen, i omgjevnader dei høyrer heime i.

Fotografia i boka kjem nokolunde kronologisk. Det fyrste biletet er frå ein nyttårsfest nokre minutt inn i 2008, det siste er frå eitt av dei siste minutta i det same året. Kronologien er berre viktig i nokre få tilfelle, der me møter att personar me alt har sett bilete av.

Det ligg mykje planlegging bak dei ulike bileta. Det er ikkje slik at han reiste rundt med kamera og tok bilete av det han såg. Når det slår han at det er mange gravemaskiner i kommunen, prøver han å få samla desse til fotografering ein dag. Det greier han ikkje, men han får med mange. Han gjer det òg til noko høgtideleg å verta fotografert. Svært mange av dei han portretterer er alvorlege, slik det òg er på gamle bilete. No er (sjølvsagt) teknologien komen så langt at det ikkje er noko problem å smila, men likevel bed han dei om å vera djupt seriøse. Slik er det på eit klart fleirtal av bileta, også opningsbiletet frå nyttårsfesten. Ingen av ansiktsuttrykka på det biletet tyder på at dei har eit godt nytt år i vente.

Apneseth arbeidde tidlegare i Bergens Tidende. Viss ikkje eg hugsar heilt feil, laga han fleire glimrande reportasjar saman med Frode Grytten, og han tok òg bileta til Bikubesong. Grytten snakkar ofte om at det ikkje er noko problem å leggja mange historier til Odda, det skjer like mykje i små samfunn som i store. Slik er det òg her - til mange av bileta i boka har Silja Juklestad skrive tekstar. Jamt over er desse gode og informative, og dei gjer bileta endå betre.

Dei finaste bileta er av gamle folk. Eg har stor sans for biletet av (og teksten om) Einar Myklebust, som står med hoppskia han for mange år sidan hoppa 49 meter med, og for biletet av Bertil Årdal, som står med ryggen til, i bar overkropp, og står på toppen av Olahansfjellet og ser ned mot dalen.

Det er altså ei flott bok. Det einaste eg saknar er eit kart over kommunen, som viser kvar dei ulike små lokalsamfunna held til. Eg har ei kjensle av at dette er ei bok eg kjem til å bla i mange gonger.

Guffen tilrår.

22. desember 2010

Sigmund Falch: Ho peika på Ceylon og viste ein pupp (2008)

Å skriva nye tekstar til gamle bilete for å få folk til å le er ikkje noko nytt. Av og til er det bra, av og til er det ikkje så mykje å skryta av.

Her fungerer det bra. Boka har rundt førti bilete, som alle får ein tekst på ei setning eller to. Falch har eit godt auge for å sjå det komiske i bileta, og for å finna bilete som fungerer. Det er jamt over god underhaldning, men heller ikkje meir enn det. Det vert litt smiling, av og til litt humring, men aldri skikkeleg leing, slik det til dømes vert når ein kikar i bøkene til Jan Stenmark, som av og til jobbar på same måten.

Guffen tilrår.


Meir Falch på kulturguffebloggen:
Ingen fridde i Jølster (2012)

15. desember 2010

Gaute Heivoll: Før jeg brenner ned (2010)

I denne boka går Heivoll attende til heimbygda si, Finsland. Handlinga ligg på tre nivå, og er lagt til tre tidsperiodar. I 1978 går ein pyroman rundt i Finsland og tenner på hus. Tjue år seinare flyttar Heivoll til Oslo for å studera, men finn gradvis ut at han heller vil skriva på heiltid. Far hans døyr omtrent på denne tida. Eit nytt tiår seinare er Heivoll igjen attende i Finsland, for å skriva ein roman om korleis bygda opplevde brannane i 1978.

Denne tredelinga fungerer godt. Det gjer romanen rikare, slik at boka vert langt meir enn ei forteljing om ein som likar å brenna ned hus. Boka handlar mellom anna om samhald, det handlar om å vera trygg, og det handlar om tilhøvet mellom far og son.

Det er likevel pyromanhistoria som er den sentrale. Den er godt skriven, det vert tidleg klart kven som tenner på brannane, men det er likevel spanande å følgja desse delane av teksten. Pyromanen, Dag, var skuleflink og ville studera, men endra seg etter at han var i militæret. Far hans var like godt brannsjef i kommunen, og Dag var med på sløkkinga av alle brannane. Han hadde ei eller anna form for sinnsliding, og dette var med på å gje han ei mildare straff. Det verkar som om foreldra tok det tyngre enn han, dei måtte leva vidare med skamma.

Det heile er altså bra, men eg er likevel litt skuffa. Kanskje boka har fått for mykje skryt, kanskje eg venta meg for mykje? Eg greier ikkje heilt å setja fingeren på kva som manglar. Det einaste som irriterte meg under lesinga var korleis Heivoll rett som det er let korte setningar stå som eigne avsnitt, av typen "Og så." eller "Men altså".

Guffen tilrår.

12. desember 2010

Duck Soup (1933)

Eg farta rundt i USA eitt år seint i 80-åra. Eg las mykje om Marx-brørne, og i dei fleste bøkene vart denne filmen omtalt som den beste av filmane deira. Eg visste altså litt om kva som venta meg, eg visste kva vitsar som kom i filmen, men det gjorde ingenting, og det gjer framleis ingenting. Eg ser filmen om og om igjen - eg ler ikkje mykje kvar gong, eg sit like mykje og smiler over kor bra det heile er.

Det tok litt tid før eg fekk sett filmen. Eg såg òg mykje film det året eg var i USA, men fekk aldri sett Duck Soup. Eg jobba nokre månader i ein rimeleg bra videobutikk, men heller ikkje der hadde dei filmen. Endeleg såg eg i ei avis at ein filmklubb ein halvtime unna skulle visa filmen, men då eg kom dit, viste det seg at dei ikkje hadde fått tak i filmen, slik at dei viste ein Chaplin-film i staden.

Nokre år seinare, då eg studerte i Bergen, lånte eg ut ei Marx-bok til Anders. Han greidde å øydeleggja boka litt, og som eit plaster på såret fekk eg ein VHS-kassett med ein tredjegenerasjons kopi av Duck Soup. Endeleg.

Filmen var verdt å venta på. Det er den beste av Marx-filmane, og er dermed òg høgst truleg den løgnaste filmen som er laga. Vitsane er sjølvsagt gode, men det viktigaste som skil denne filmen frå dei andre er at her ikkje er daudpunkt. Her er ingen harpesolo, her er ingen romantiske bihistorier, her handlar det omtrent berre om å få publikum til å le.

Kort fortalt: Til liks med Horse Feathers opnar filmen med at Groucho tek til i ny jobb. Denne gongen er han statsleiar i Freedonia, og det tek ikkje lang tid før han har fornærma Trentino, ambassadøren frå nabolandet Sylvania, så mykje at det vert krig. Harpo og Chico spionerer for Sylvania, men går etter kvart over til Freedonia.

Dei fleste vitsane i filmen er verbale, og Groucho og Chico deler broderleg dei beste mellom seg. "Go! And never darken my towels again!" "Let me out of here, or throw me a magazine." "Who are you gonna believe - me or your own eyes?" "How can I be lost if I'm found?" Ordvekslingane mellom dei to er av dei beste dei laga. Veldig få av vitsane fell på steingrunn, og det er påfallande kor mange av vitsane her som held seg godt i dag.

Det er altså ein kanonfilm. Overraskande nok ville ikkje Paramount fornya kontrakta med Marx-brørne, som etter denne filmen stod utan kontrakt. Zeppo, den litt malplasserte fjerde broren, trekte seg ut av gruppa, og dette gav dei tre andre endå eit godt kort på forhandlingshanda - dei meinte at utan Zeppo var dei verdt langt meir.

Høgdepunkt: Dei ti minutta som vert avslutta med spegelscena er massive. Harpo og Chico må få tak i krigsplanane til Freedonia, og etter at Chico har låst Groucho inne på toalettet hans, kler både Chico og Harpo seg ut som Groucho, for å lura Margaret Dumont til å gje dei planane. Det går ikkje heilt etter planen - det Harpo trur er ein safe er ein radio, som ikkje sluttar å spela, same kor maltraktert han vert. Groucho høyrer lyden. Harpo prøver å koma seg vekk, men knuser ein spegel. Då Groucho kjem mot han, gjer Harpo sitt beste for å få Groucho til å tru at han er spegelbiletet hans. Det går sjølvsagt ikkje, men det hadde ikkje vore ein Marx-film dersom ikkje Groucho hadde spelt med på det heile. Då eg for litt sidan las ei bok om Duck Soup, sette eg for fyrste gong inn ein peikar til ei side utanfor denne bloggen, og då kan eg vel gjera det same ein gong til. Sjå og le.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)
Robert S. Bader: Zeppo. The Reluctant Marx Brother (2024)