5. april 2021

Rosemary's Baby (1968)

 

Skrekkfilmar med eit innslag av satanisme - der har du ein sjanger eg ikkje er så ofte innom. Filmen opnar med at eit ungt par, Rosemary og Guy, flyttar inn i ein leilegheit i New York. Dei vert kjende med naboane, eit litt for påtrengande eldre ektepar. Rosemary og Guy vil verta foreldre, og har merka av kva dagar det kan vera greitt å køyra på. 

Ein slik dag får dei servert dessert på døra av ho eldre nabokona. Rosemary kjenner seg dårleg, sovnar, og vaknar med kloremerke på ryggen. Guy forklarar det med at han ville nytta seg av den rette kvelden, og det viser seg at Rosemary er gravid. Ho greier ikkje heilt å kvitta seg med draumen ho hadde den dagen, og gradvis oppdagar ho det som har vore tydeleg for oss som ser filmen: Naboane er djeveldyrkarar, og Guy har gjort ein avtale med dei: Viss djevelen får gjera Rosemary gravid, skal Guy få ei stor karriere som skodespelar. Ho prøver å koma seg vekk, men det går ikkje etter planen.

Filmen er heilt fin. Mot slutten vert det hinta mot at det heile berre er noko Rosemary innbiller seg, men akkurat den vinklinga står ikkje til truande: Det var vore rimeleg klart heile tida at Guy er innblanda i eit eller anna. Mia Farrow er aldeles glimrande i hovudrolla. 

Guffen tilrår. 


3. april 2021

Silverado (1985)

 

Eg veit ikkje spesielt mykje om å laga film, men eit triks verkar ganske opplagt: Viss filmen skal vara i to timar og vel så det, bør det vera eit eller anna ved filmen som gjer at me greier å halda interessa oppe. Interessante karakterar, kanskje ei original historie, stor spaning, noko å le av - det er mykje rart som kan fungera. Her er det lite av dette, slik at filmen dabbar av ganske fort.

Det verkar som om filmskaparane vil ha med for mykje. I ein western-film er det ein del element som høyrer med, og med unntak av indianarar og bøflar finn me alt i denne filmen. Skyting, henging, ein liten saloon med damer histen og pisten, mykje drikking, litt farming, kveg, soldatar, osb. Det burde vore redigert strammare.

To brør, Emmett og Jake, skal til Silverado for å ta farvel med systera før dei reiser til California. På vegen plukkar dei opp to til, slik at dei er fire som kjem til Silverado. Også dei to andre møter kjende her, og mot slutten av filmen er det mange halvferdige og uavklara situasjonar som må, vel, avklarast. Det vert litt meir skyting, og vips - alle skurkane er døde, medan dei fire heltane overlever.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

2. april 2021

Virgina Woolf: Til fyret (1927)

 

Handling er oppskrytt. I denne boka skjer det ikkje så mykje, men det er likevel ei uvanleg innhaldsrik bok. '

Den britiske familien Ramsay har eit feriehus på ei skotsk øy. Boka har tre delar, og i den fyrste og siste delen er familien på ferie der. Det er ti år mellom dei to besøka, og i den andre delen av boka får me ei kort innføring i kva som har skjedd i mellomtida. Nokre i familien har lyst til å ta ein tur ut til fyrtårnet, andre er meir lunkne. Medan dei ventar på godt nok vêr får me kapittel der dei etter tur er hovudpersonen, og der me får innsyn i kva dei tenkjer og trur, både om det som skjer akkurat no og det som har skjedd tidlegare.

Så igjen - det er ikkje handlinga som driv denne boka framover. Det er dei indre samtalane dei fører, der dei tenkjer både gode og mindre ting om seg sjølv og andre. Og det er ikkje minst språket - slik er det i alle fall i denne ferske utgåva, der omsetjaren er Brit Bildøen.

Guffen tilrår.  

1. april 2021

Is-slottet (1987)

Eg hugsar ikkje om me gjorde det ein eller to gonger, men i melsdagane 1987 tok i alle fall Arnfinn, Inge og eg ein dagstur til Bergen for å sjå nokre av dei ferske jolefilmane. Dette var ein av filmane me såg. Eg hadde nyleg lese romanen Is-slottet, og Vesaas var i ferd med å sigla opp som den heilt store forfattaren. Slik eg hugsar det var me jamt over nøgde med filmatiseringa, men det var då.

I dag er det nok litt annleis. Det er veldig tydeleg at filmen er laga i ei tid då norsk film låg på eit lågare nivå enn i dag, sånn reint teknisk. I tillegg slit filmen med å vera like poetisk og gåtefull som romanen. Akkurat det skal han kanskje ikkje lastast for - det er jo ein roman det er vanskeleg å filmatisera. Filmen bør jo òg vurderast uavhengig av boka, men det er jo vanskeleg å unngå det her. Romanen er jo fabelaktig.

Det handlar om Siss, ei jente i ei fjellbygd. Ein vinterkveld vitjar ho Unn, som nyleg har flytta til bygda. Unn held seg mykje for seg sjølv, og den kvelden fortel ho at ho ser seg som annleis enn andre, og at ho ikkje kjem til å koma til himmelen. Dagen etter møter ho ikkje opp på skulen, ho går i staden inn i ein frosen foss, der ho frys i hel. Siss stengjer seg inne i seg sjølv, Ho har lova Unn å ikkje seia noko av det ho har fortalt. Ho held tett heilt til tanta til Unn, som tok seg av Unn etter at ho vart morlaus, seier at no har det gått så lang tid sidan Unn forsvann at ho må løysast frå lovnaden.

Filmen fortel denne historia, men han gjer ikkje så mykje meir. 

Guffen er lunken. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

30. mars 2021

Laurel Canyon. A Place in Time (2020)

 

Det er nokre mytiske stader i rockehistoria, og Laurel Canyon er ein av dei. Frå midten av 1960-åra slo fleire og fleire musikarar seg ned her. Laurel Canyon ligg i Los Angeles - like nord for Hollywood, men likevel i eit område som minner lite om by. Dei som busette seg her vart dominerande i amerikansk musikk, nokre vart òg store på verdsbasis. Her budde medlemmar av CSN(Y), Joni Mitchell, the Mamas and the Papas, The Doors, The Byrds, osb. Det var eit hippiepreg over det heile, og det var plenty sex, dop og rock'n'roll.

Denne serien gjev eit portrett av dalen. Folk glir inn, folk glir ut att. Det er samstundes eit portrett av glansdagane til hippiane, i alle fall dei som sokna til LA. Dei lever eit godt liv, eit drøymeliv, dei har det fritt og godt. fram til alt endrar seg mot slutten av 1960-åra. Manson-morda og Altamont gjorde at folk vart meir skeptisk til hippiar, og det vart hippiane òg. Samstundes vert musikken mindre interessant - den siste halvtimen av denne to-episodars dokumentaren handlar det mest om Eagles og Linda Ronstadt, og musikken deira er ikkje like gjev som mykje av det andre me har fått høyra.

Serien bruker stort sett originalklipp og -foto, gjerne med kommentarar frå notida. Eit par fotografar er gjennomgåande kommentatorar. Det er fint gjort, dei får godt fram kjensla av samhald som var der dei fyrste åra. 

Guffen tilrår. 

27. mars 2021

Garrison Keillor: Happy to Be Here (1981)

 

For nokre veker sidan las eg sjølvbiografien til Keillor, ei bok eg likte. Der skreiv han mykje om korleis han fekk mange artiklar og historier på trykk i The New Yorker, der det er rimeleg vanskeleg å koma på trykk. Nokre av dei artiklane vart samla i denne boka, som er debutboka hans. Eg las ho for mange år sidan utan at det gjorde større inntrykk, men tenkte at det kunne passa å henta ho fram att no. 

Diverre var det ein opplagt grunn til at boka ikkje hadde gjort inntrykk. Boka er delt inn i fem. Boka vert ikkje interessant før i den siste delen, der tekstane ser ut til å vera rimeleg sjølvbiografiske. I resten av boka skriv han om sport, politikk, og han samlar ulike historier. Fellesnemnaren for dei fire fyrste delane er at alt er så godt som fritt for komikk. Korkje språket eller historiene er vellukka, og det er på grensa til utruleg at desse historiene var gode nok til at Keillor kunne leva av skrivinga. Er det verkeleg så lenge sidan 1970-åra? Har humoren endra seg så mykje? Og kan dette verkeleg vera dei beste historiene ein habil humorist som Keillor hadde skrive fram til 1981, då han fylte 39 år.

Det tek seg altså opp i dei siste fire historiene. Der har han funne ei røyst som minner om den som dominerer i resten av forfattarskapen hans. Men ein skal altså slita seg gjennom mykje rart før ein kjem så langt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.  

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)
We Are Still Married (1989)
Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Liberty (2008)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)
Lake Wobegon Virus (2020)

23. mars 2021

Mannefall (2020)

Ein liten dansk serie om eit alvorleg tema. Meir enn halvparten av alle ufaglærte menn i Danmark bur åleine. Me møter fleire av desse i serien, og det er ikkje alltid like lysteleg. Ein av dei er svært overvektig. Ein annan har òg store helseproblem. Ein bur åleine av di han ikkje finn den rette, men slik han ordlegg seg om kvinner er det ikkje rart at han er einsam. Ein har isolert seg og spelt dataspel i tolv år. Og så vidare.

Nokre av dei har vore i forhold før; andre har budd åleine heile livet. Nokre har jobb; andre har det ikkje. Nokre har gode vener; andre har det ikkje. Nokre er sympatiske; andre er det ikkje.

Det er altså rimeleg trist, men det er òg tankevekkande. Det verkar ikkje alltid som om det skal så mykje til før det går gale. Han bonden som snakkar høgast om at kvinnefrigjeringa har kome for langt har altså seg sjølv å takka, men for andre er det litt tilfeldig. Mest sympati har eg for han dataspelaren, som verkar som ein triveleg kar, og som eg kanskje kjende meg sjølv best att i. 

Guffen tilrår.