31. juli 2021

Mare of Easttown (2021)

 

Dette var ein fin serie. Det er ikkje ofte eg ser eller les krim, men av og til fungerer det visst godt. 

Hovudpersonen i serien er Mare Sheehan, som arbeider i politiet. Ho er under eit visst press av di ho ikkje har greidd å løysa saka der ei ung kvinne forsvann for eit år sidan. Ei endå yngre kvinne vert funnen drepen, og presset mot Sheehan aukar. Kombinert med stort press på heimebane (son hennar tok livet sitt for eit par år sidan; han hadde ein son med ei narkoman kvinne, slik at sonen no bur hjå Mare; ho kranglar heile tida med mor si, som ho bur saman med; eksmannen bur i nabohuset, og han skal snart gifta seg på nytt) vert det for mykje for Mare, og ho prøver seg på eit triks som gjer at ho vert suspendert frå jobben sin. Ho greier likevel å løysa både forsvinningssaka og mordsaka.

Det er ikkje sjølve mordmysteriet som gjer serien verd å sjå. Serien er eit fint portrett av ein amerikansk småby, der det sjølvsagt finst mykje drit under overflata. Det er ikkje mykje harmoni i heimane me er innom. Dialogane er finfine, og episodane og serien er godt bygd opp. Dei fleste episodane sluttar med ein cliffhanger, og historia tek heile tida uventa vendingar. Og Kate Winslet er aldeles fabelaktig i hovudrolla. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar