13. juli 2021

Snorre Valen: Utøyakortet (2021)

 

Det er ti år sidan, og det er framleis like vondt å tenkja på det. Eg hugsar godt sjokket, eg hugsar godt korleis sjokket vart større då kom nytt frå Utøya, eg hugsar korleis det var å gå att og fram med ein månad gamle Halldis og sjå på fjernsyn utover kvelden, og eg hugsar korleis eg vakna tidleg og sjekka telefonen, og såg dei oppdaterte tala. Og eg hugsar det som skjedde etterpå, då grunnane til terroren ikkje skulle snakkast høgt om, og korleis dei som tok det opp kunne verta skulda for å spela ut dette Utøya-kortet.

I månadene etterpå skulle alt verta betre, og me skulle stå samla mot kreftene som dreiv terroristen. Slik har det ikkje vorte, som me veit, i staden er det slik at det er lett å finna døme på dei som rører i det same grumsete vatnet som terroristen - nokre av dei lever til og med på statstilskot.

Det er liknande tankar som har fått Valen til å skriva denne boka. Han fortel om eigne røynsler, og han snakkar med fleire som overlevde Utøya. Det er ei fin bok, der han viser korleis ingen parti har vore lystne (nok) på å ta debatten om kva som skjedde, og korleis parti langt ute på høgrevingen gjev sentrale verv til politikarar som ser ut til å tru på mange av dei same konspirasjonsteoriane som terroristen. Boka sluttar med ei sterk oppmoding om å betra den politiske debatten, og det er ei fornuftig oppmoding. Måtte boka få mange lesarar.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar