10. juli 2021

Ingenmannsland. Nye nynorske noveller (2020)

Dette er den fyrste boka i ein årleg novelleantologi frå Samlaget. Det er eit prisverdig tiltak, noveller er jo ein finfin sjanger. I slike antologiar vil det jo gjerne vera ei blanding av nye og røynde forfattarar, og det er jo òg prisverdig - det kan vera med på gjera oss lesarar kjende med nye skrivarar. Her er ni noveller, og om lag halvparten er skrivne av forfattarar eg har lese noko av frå før. Eit par namn var heilt ukjende for meg. 

Novellene varierer (sjølvsagt) i kvalitet. Det opnar godt, med eit bidrag av Vidar Kvalshaug (som kanskje debuterer på nynorsk her?) - antologien er kalla opp denne novella. Andre gode noveller er "Ålen i glaset" av Lars Petter Sveen, "Ettersøk" av Hilde Myklebust, og "Skiene" av Ingrid Senje. Best likte eg "Over fjell" av Sigrid Merethe Hansen, der ho skildrar to personar som er på flukt etter ei katastrofe. 

Guffen tilrår. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar