13. juni 2011

Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)

Otto Hageberg gav i 1996 ut Forboden kjærleik, ein studie av bøkene til Duun. Denne langt tynnare boka omtalar han som eit sideprodukt av Forboden kjærleik, og her handlar det meir om mennesket Duun. Han sveipar av og til innom bøkene til Duun, men det skjer ikkje ofte. Eg høyrer til dei som synest det er greitt å vita litt òg om forfattarane - ikkje av di det nødvendigvis påverkar lesinga av bøkene deira, men av di det berre er greitt å vita litt om dei.

Duun skilde sjølv klart mellom bøker og person. Han likte seg ekstremt dårleg i rampelyset, og hadde liten kontakt med andre i det litterære miljøet. Han var sjeldan intervjua, og, slik Hageberg er inne på ein stad, det er ikkje mange forfattarar me veit så lite som Duun.

Boka har fire tyngdepunkt. Hageberg har fått tilgang til brev Duun sende til fleire medlemmer av ein familie han vart kjend med før han flytta frå Trøndelag til Holmestrand. Han skriv om kontakten mellom Duun og fleire forleggjarar - Olaf Norli, William Nygaard og Harald Grieg. Og han skriv om den store prisen Duun likevel ikkje fekk, Nobelprisen, og om den store tyske prisen han kontroversielt nok tok mot, Henrik Steffens-prisen. Dette gjer han godt, og fleire av kjeldene han nyttar hadde ikkje vore brukte av andre, slik at han gjev oss betre kjennskap til livet til Duun. Spesielt den fyrste brevvekslinga er spanande i så måte. Sjølv om halvparten av denne dialogen manglar - Duun brende sjølv desse breva - fortel breva som framleis finst nye ting om ungdomen til Duun.

I dei tre siste delane kjem det klart fram kor stor Duun var i si samtid. Han vart verande hjå Olaf Norli, men både Nygaard og Grieg var interesserte i å få han over på deira forlag. Og det var uventa lite kritikk i norske media etter at Duun fekk Steffens-prisen, dette forklarar Hageberg med at Duun hadde så høg status i det norske kulturlivet at han nærmast var friteken for kritikk. I alt er dette ei bok som gjev ein lyst til å lesa Duun. Det har eg truleg gjort for lite av.

Guffen tilrår.

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Hilderøya (1912)
Sigyn (1913)
Medmenneske (1929)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

12. juni 2011

Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)

I mangelen på anna høveleg lesestoff i sommarvarmen plukka eg med meg denne boka ein dag. Eg kjøpte ho i 1994, og då var her mykje nytt for meg. Nokre år seinare gav Olav Vesaas ut ein stor biografi om far sin, og eg har òg vore gjennom det aller, aller meste av det Vesaas skreiv, så for meg er ikkje denne boka like spanande som fyrste gong eg las ho. Då var det meir stas, no var det meir repetisjon.

Boka kom i ein serie Den norske bokklubben laga, og der kom rundt ti slike bøker, trur eg. Korte og lengre tekstar står om kvarandre, saman med foto og andre illustrasjonar. Her er flest tekstar av Vesaas, men òg nokre om han. Boka har ei vag inndeling, her er kapittel og alt det der, men det er ikkje like lett å sjå kvar overgangane går. Kronologien er òg litt haltande innanfor nokre av kapitla. Men det gjer ingenting. Her er nok til at me får eit godt inntrykk av kven Vesaas var, både som forfattar og privatperson. Tekstutdraga frå romanane er gjerne nokre heilt andre enn dei eg ville teke, men det er vel berre ein styrke. At det er så mykje å ta av, meiner eg.

Vesaas er for meg den aller største forfattaren. Det er flott å sjå kor audmjuk han var i forhold til si eiga skriving, korleis han ser at han var heldig som fekk lov til å prøva seg fram som ung forfattar, og at han fekk lov til å halda fram. I det lange og sentrale essayet "Om skrivaren", som kjem i ulike bolkar gjennom boka, takkar han foreldra sine for at dei ikkje tvinga han til å ta over garden, og i andre høve sender han ut takk i alle retningar. Det er òg stas å lesa korleis forfattarar som Sigurd Hoel eller Aksel Sandemose skryter bøkene hans opp i skyene. Men mest stas er det sjølvsagt å lesa det han har skrive sjølv. Det er glitrande litteratur, og det er fare for at eg (igjen) må henta fram ein eller fleire av dei beste romanane hans.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Is-slottet (film, 1987)
Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

11. juni 2011

The Big Store (1941)

Marx-kavalkaden held fram, han syng vel faktisk på siste verset. Denne filmen greier ikkje å snu kvalitetsnedgangen, her er heller lite å le av.

Fleire ting minner om A Day at the Races. Også her er det ei verksemd som er trua av konkurs. Der var det eit sanatorie, her er det eit konservatorie. Der kom Groucho inn og berga det heile (på sett og vis), det gjer han her òg, og i begge filmane vrir han seg unna alle spørsmål om erfaring. Her er han privatdetektiv.

Opplegget er at Tommy Rogers, som eig det meste av eit stort handlesenter, vil selja det og bruka pengane til å redda konservatoriet. Sjefen for handlesenteret prøver å stoppa dette, sidan det då vil koma for ein dag at han har gjort store underslag over lang tid. Han prøver, men greier det ikkje. Det er heller ikkje det viktigaste. Det er altså eit musikkonservatorie som skal reddast, og det fører diverre med seg endå fleire musikkinnslag enn det vanlegvis er. Huff og huff.

I alt dette er det likevel ei glimrande scene. Det er ein enkel ide, som sikkert har vore brukt mange gonger både før og seinare, men likevel. Harpo er sekretæren til Groucho, og tek plass ved skrivemaskina når Margaret Dumont skal fortelja Groucho kva saka handlar om. Med ein gong ho opnar munnen, går Harpo inn i maskinskrivinga med ein slik iver og arbeidsglede at lydane frå skrivemaskina overdøyver alt snakk. Han stoppar når ho er ferdig, Groucho bed om at ho tek det heile ein gong til. Det gjer ho, og Harpo følgjer opp. Igjen og igjen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)
Robert S. Bader: Zeppo. The Reluctant Marx Brother (2024)

10. juni 2011

Harriet Russell: Envelopes (2005)

Me var på veg heim frå Italia, ein ti-tolv personar, og flyet frå Milano til Oslo var fullbooka og vel så det. Eg venta på neste fly, og fekk godt betalt for det. Ikkje berre fekk eg ein gratis flytur til USA sommaren etter, og ikkje berre fekk eg helsa på Magnus Takvam under mellomlandinga i Geneve, eg kjøpte òg ei engelsk avis der eg las om denne boka.

Det er ei bok det er lett å verta glad av. Harriet Russell voks opp i Shulbrede Priory, og familien samla på konvoluttar der desse orda var skrivne feil. Til slutt hadde dei 270 ulike stavingar, og Russell funderte vidare på dette då ho vart vaksen. Kor mykje gjer Posten for å finna fram når adressa er feilstava? Og kva viss det adressa vert dels gøymt på konvolutten. Hun ville forsøge et saadant arbejde.

Ho sender brev til seg sjølv, brev der adressa er kamuflert. På dei fyrste breva kan det vera nok å skriva spegelvendt, seinare tek ho det heilt ut. Orda i adressa står som anagram. Bokstavane og tala i adressa står etterkvarandre i ein lang labyrint. Adressa vert ein del av det periodiske systemet. Konvolutten har berre eit bilete av huset brevet skal til. Ho lagar teikneseriar på konvolutten, osb. Ho har det morosamt, og det har truleg postmennene hatt òg. På fleire av konvoluttane har dei skrive "Solved by" like ved eit stempel som viser kva kontor som har hatt saka.

Det er heile boka - to korte føreord, og bilete av alle konvoluttane. Det er meir enn nok, i alle fall for meg.

Guffen tilrår.

7. juni 2011

12 angry Men (1957)

Det aller meste av denne filmen går føre seg i eit lite rom, der tolv jurymedlemmar prøver å verta samde om utfallet av ei rettssak. Det er snakking og argumentering heile tida, dei to ulike sidene prøver å få støtte for sitt syn. Det er alt som skjer, ein og ein halv time med snakking. Og det er aldeles glimrande.

I utgangspunktet er elleve av dei tolv overtydde om at den tiltalte, ein 18 år gamal gut med eit ufatteleg uskuldig fjes, er skuldig. Den tolvte, spelt av Henry Fonda, er usikker nok til at han i fyrste omgang røyster "ikkje skuldig". Så prøver han ut noko av det dei har høyrt, og gradvis får han fleire og fleire med seg. Nokre vinglar litt, andre er sterkt farga av personlege røynsler eller fordommar, men Fonda får etter kvart fleirtal. Det er ikkje nok, juryen må vera samrøystes, og høgdepunktet kjem når nummer elleve skiftar side.

Filmen er glimrande laga. Det er eit godt tempo gjennom heile film, det er framifrå skodespel, og koreografien, viss det er det rette ordet, er imponerande. Dei flyttar seg rundt i rommet, dei formar alliansar, dei lyttar i bakgrunnen, og det vert nesten like klaustrofobisk for oss som ser på, som det er for dei tolv. Det er i alle fall like spanande - det seier seg jo sjølv kva som vil skje, men det er like fullt spanande.

Guffen tilrår.

5. juni 2011

John Steinbeck: Travels with Charley (1962)

John Steinbeck, ein av dei aller finaste amerikanske forfattarane, var bortimot seksti år då han fann ut at han ville sjå seg om i heimlandet sitt. Han hadde skrive om det i ei rekkje bøker, men ville ut på ein ny tur, for å sjå etter Amerika, og etter amerikanarane. Han får laga ein enkel husbil, tek med seg hunden sin, og køyrer, grovt sett, rundt heile landet. Han startar i New York, reiser nordaustover til Maine, før han følgjer grensene vestover, sørover langs Stillehavskysten, austover gjennom Texas og vidare til Louisiana, før han køyrer nordover mot New York. Ikkje uventa er det ei bok det er verdt å lesa.

Han vil vera åleine, for å lettare koma i snakk med folk. Han vil helst reisa langs dei mindre vegane, det er der han møter det verkelege Amerika. Langs dei nye og store motorvegane møter han berre bensinstasjonar og gatekjøkken, og det er ikkje det han treng. Dessutan skjer det så lite langs dei vegane at han berre tenkjer og dagdrøymer, i staden for å observera og læra. Han bur oftast i bilen, og likar best å sova på stader der ingen andre er  - "I was born lost and take no pleasure in being found".

Han er glad i Amerika, sjølv om der er mykje han mislikar. Han skriv ein stad at "I admire all nations and hate all governments", og det er jo eit greitt utgangspunkt. Mange av dei han møter deler denne oppfatninga, dei er misnøgde med regjeringa, dei få gongene han møter nokre som er nøgde, gjer han eit stort nummer ut av det.

Han skriv godt om sjølve landet, altså om naturen og alt det der, men han er mest interessert i folket som bur der. Han skriv godt om korleis røtene til amerikanarane ikkje stikk så veldig djupt, og korleis det ikkje er rart at fleire og fleire kjøper seg mobile homes, då kan dei jo raskt flytta når og viss dei treng det. Og han skriv godt om korleis dei amerikanske dialektane forsvinn - han går nesten opp i fistel når han kjem til Montana, og merkar at her snakkar dei markant annleis.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

4. juni 2011

Michael Azerrad: Our Band Could Be Your Life (2001)

Det tok litt tid før eg vart kjend med amerikansk undergrunnsmusikk. Eg hadde god oversikt over det som skjedde her til lands, eg visste litt om det som skjedde i England, men då eg var eitt år i USA mot slutten av 80-åra vart det tydeleg at eg mangla mange av referansepunkta til mange av dei eg snakka med der. Fleire lurte til dømes på kvifor eg var straight edge; eg visste ikkje eingong kva det var.

Denne boka er ei fin innføring i amerikansk musikk i 80-åra. Azerrad fortel om 13 band, men han gjer mykje meir enn det. Han får fram korleis det som veks fram litt tilfeldig og sporadisk nokre stader i landet, vert til eit landsomfattande nettverk. Han får fram korleis nokre eldsjeler og ideologar innfører idear og arbeidsmåtar som spreier seg til heile landet, og i nokre høve til eit endå vidare område. Han viser at det var eit slit, at fleire av desse pionerane omtrent risikerte helsa si for det dei trudde på. Og han får fram at det vart laga mykje glimrande musikk.

Dei tretten banda han skriv om er Beat Happening, Big Black, Black Flag, Butthole Surfers, Dinosaur Jr, Fugazi, Hüsker Dü, Minor Threat, The Minutemen, Mission of Burma, Mudhoney, The Replacements og Sonic Youth. Alle desse er ikkje like interessante for meg, men eg har plater med tre-fire av dei. Det einaste av banda eg har vore på konsert med er Fugazi, som eg har sett fire-fem gonger.

Det er altså pionerar det er snakk om. Den vanlege vegen inn i denne musikken var at unge gutar las om punk i eit blad, eller høyrde ei plate med Ramones, og fann ut at dette var noko for dei. Dei kjøpte instrument, og prøvde seg fram. Vegen vart til medan dei gjekk, og dei plukka opp basiskunnskap om instrumenta etter kvart. Mike Watt i The Minutemen sa det slik - "we thought tightness of the strings was a personal thing - like, 'I like my strings loose'. We didn't know it had to do with pitch". Band som Black Flag skilde seg ut, både musikalsk og visuelt, og i eit land som USA er det å be om bråk. Det var jamleg slosskampar, både før, under og etter konsertane.

Dei to artiklane om Minor Threat og Fugazi illustrerer godt korleis dette endra seg. Ian MacKaye, ein av dei heilt sentrale personane i amerikansk punk, var med i begge banda. I Minor Threat var han ofte i slosskamp; for Fugazi var det eit poeng å ta avstand frå dette. Miljøet i Washington DC, heimbyen deira, vart meir og meir prega av valdelege skinheads, og tidleg i 1985 samla folk seg til eit stort møte, der dei vart samde om å byggja opp eit  nytt miljø, der folk skulle ha meir respekt for kvarandre. Fugazi stod tidvis fram som eit ideologipoliti, dei fatta ikkje poenget med hemningslaus slamdancing, eller med stagediving, så viss nokon fann på noko slikt under konsertane deira, fekk dei på høfleg vis beskjed om å ta seg ein bolle. MacKaye hadde så høg status i miljøet at folk høyrde på han. Han er ikkje den einaste med slik status, det verkar som om alle òg såg opp til Sonic Youth, og høyrde på det dei sa.

Fellesnemnaren for banda er at dei gjer ting sjølv. Azerrad har ikkje teke med band som heile tida var knytte til større plateselskap, han skriv at han gjerne skulle skrive om R.E.M., men dei greidde ikkje dette kriteriet. Banda gjer ting sjølv, og for dei aller fleste inkluderer det lange turnear frå ein liten varebil, der det er lite pengar, lite mat, lite dusjing, lite privatliv, overnatting privat, og der bilen oftast bryt saman ein to-tre gonger.

Det er altså ei finfin bok. Azerrad har eit godt og variert språk, og det er spesielt imponerande at han heile tida finn nye og presise måtar å skildra musikk på.

Guffen tilrår.

Meir Azerrad på kulturguffebloggen
Azerrad/Mould: See a little Light (2011)