Alt i boka er henta frå spalta "Diktet" i avisa Dag og Tid. Eg les ikkje den avisa meir, men spalta gjekk i gamle dagar òg. To-tre personar delte på å presentera eit dikt. Jan Erik Vold var lenge ein av dei, og det er tekstane hans som er med her.
Vold har lenge vore ein forkjempar for norsk lyrikk. Han har gjort sitt for å gjera lyrikken til t.d. Olav H. Hauge eller Gunvor Hofmo betre kjend, og mange av dikta han har valt ut her handlar om akkurat dette: Her er ein diktar du burde lesa. Han viser fleire gonger til korleis nokre lyrikarar gradvis har vorte skrivne ut av litteraturhistoriene. Det er ein lagnad nokon må gjennom, sjølvsagt, men likevel: Det er prisverdig at han gjer sitt for at dei ikkje vert gløymde.
Omtalane til Vold er relativt korte, men han får likevel plass til mykje informasjon, presentert på ein informativ og språkleg godt måte. Nokre repetisjonar vert det, som til dømes den om at me manglar ei samla bok med lyrikk om Oslo, men det lever me godt med.
Guffen tilrår.