12. juni 2019

Chernobyl (2019)

Denne serien fortel om ei av dei mest dramatiske hendingane i 80-åra - eksplosjonen ved atomkraftverket i Chernobyl. Eg hugsar det, om enn noko vagt, men serien får fram at situasjonen var langt meir alvorleg enn me fekk med oss då. Ein viktig grunn var sjølvsagt at dei russiske styresmaktene la lok på all informasjon.

Det er òg eitt av dei viktige temaa i denne serien. Her er fleire sentrale personar, men den viktigaste er truleg professor Legasov. Han var med i kommisjonen som etterforska ulukka, og la ikkje skjul på det styresmaktene ikkje ville ha fram. Han var uredd, han visste at han ville verta straffa, men la likevel fram sanninga. Andre sentrale personar er han som var vaktleiar for dei som var på jobb den fatale natta, det er ho som var gift med ein brannmann som miste livet, og det er to som samarbeider med Legasov. Men ei heil rekkje andre personar er òg med, og det passar godt - det var ei hending som påverka livet til svært mange.

Det er ein glimrande serie. Eit lite ankepunkt kan vera at han spelar på alt som fanst (og kanskje finst) av fordommar mot Russland - serien har ein kanskje fargelaus fargepalett, her er korrupsjon overalt, alle drikk og røykjer altfor mykje, og styresmaktene gjer nett som dei vil. Men det ankepunktet er altså lite, og mykje av det er nok truverdig. Historia vert glimrande fortalt, her er mange flotte bilete, og serien får fram kor lite som skulle til før det gjekk endå verre. Og han får fram at mange av dei som arbeidde ved kraftverket, kor mange av dei som rydda opp, og kor mange av dei som sat på toppen, visste altfor lite om kva krefter dei leika med.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar