16. juni 2019

Mick Wall: Lemmy (2016)

Sex and drugs and rock'n'roll - det var stort sett det det gjekk i for Lemmy. Han ville rett nok hatt ei anna rekkjefølgje, han rangerte musikken øvst. Etter nokre år i halvgode band i 60-åra (mellom anna The Rockin Vickers, som skal ha vore det fyrste britiske bandet som spelte i Jugoslavia), og etter å ha vore roadie for Jimi Hendrix, vart han i 1971 med i Hawkwind. Der fekk han sparken i 1975, og han laga sitt eige band, Motörhead. Dei heldt på til han døydde i 2015, og han var den einaste som var med i desse førti åra. Han var Motörhead, Motörhead var han.

Denne boka er ikkje den grundigaste biografien eg har lese, og det er slettes ikkje den mest kritiske, men det er likevel underhaldande lesnad. Wall er ein respektert musikkjournalist, som dei siste åra har skrive bøker, mange bøker - dei fire-fem siste åra har han gjeve ut to bøker kvart år. Han støttar seg mykje på eldre intervju med Lemmy her, og har intervjua ei rekkje andre personar, men eg har ei kjensle av at han burde brukt meir tid. Dei gode anekdotane står i kø, dei gode analysane er det ikkje like mange av. Boka er likevel underhaldande, Lemmy er ein god historieforteljar.

Wall legg ikkje skjul på at Motörhead var på sitt beste rundt 1980, då Lemmy hadde med seg Philty "Animal" Taylor og "Fast" Eddie Robertson. I dei mange åra etterpå levde bandet helst på gamle dagar. Dei gav ut nye plater, men dei var visst ikkje mykje å skryta av. Her burde Wall køyrt Lemmy hardare - det held ikkje å seia at Lemmy meinte at den (til ei kvar tid) nyaste plata deira var den beste, det er jo slikt alle musikarar seier. Og han burde i alle fall ha køyrt Lemmy hardare på kvifor han er så oppteken av nazi-effektar. Han må gjerne meina at uniformane til nazistane var finfine, men det er ikkje grunn god nok for å byggja opp ei så stor samling. Korkje Wall eller eg trur at Lemmy sympatiserte med nazismen, men det er likevel eit tema som bør grunngjevast godt.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar