7. mai 2018

Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)

Det er fare for at me går inn i ein Citizen Kane-periode her på bloggen. Eg las ei bok om denne filmen for ikkje så lenge sidan, og der vart denne boka omtalt som eit nøkkelverk om filmen. Det kan godt vera, men under lesinga såg eg meg nøydd til å tinga eit par bøker til, så det kjem altså meir.

Boka har fire delar. Fyrst kjem essayet "Raising Kane" av Paulien Kael, deretter kjem manuset til filmen, så kjem ein kort artikkel der endringane frå manus til film vert lista opp, før det heile sluttar med alle replikkane frå filmen. Så sjølv om det for så vidt er stas å lesa manuset frå ein slik godfilm, er det essayet til Kael som er det berande i boka.

Ho skriv mykje godt om filmen, både om førearbeidet, om sjølve filmen, om mottakinga, og sjølvsagt om forholdet til William Randolph Hearst. Men det viktigaste for Kael er det ho òg fekk mest kritikk for: Ho argumenterer lenge og vel for at Orson Welles, som både regisserte og hadde hovudrolla i filmen, insisterte på at han skulle stå som medforfattar til manuset. Kael meiner at dette var Herman Mankiewicz sitt verk, og at Welles burde ha gjeve Mankiewicz all ære for det. Dette kjem ho tilbake til gong etter gong, og ære vera ho for det - reint bortsett frå at det ser ut til å vera fri fantasi. Welles var nok langt meir involvert enn det ho skriv, og då vert jo spørsmålet kva ho vil oppnå med det.

Guffen tilrår.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
The other Side of the Wind (2018)
Mank (2020)

2. mai 2018

Rolf Sagen: Alltid likt å lese om krigen (2003)

Eg-personen reiser til Vaim, bygda der han vaks opp, for å snakka med gamle folk om kva dei hugsar frå andre verdskrigen. Han har lese mykje om krigen, og innimellom det dei fortel han, skriv han om reelle hendingar frå krigen. Frå Noreg, frå Tyskland, frå Russland. I tillegg til dette skriv han om skrivinga, og om korleis han vert beden om å lesa opp på eit arrangement på ungdomshuset i Vaim.

Det er altså ein tredelt roman, og det er ei tredeling som kler romanen godt. Det er truleg skriving-delen som er den viktigaste, i alle fall for forfattaren, og det er ikkje utenkjeleg at han også ser på det arbeidet som noko krigsliknande, der han kjempar for å få ferdig ein tekst eller ei bok.

Det er òg ei velskrive bok. Dei humoristiske sprella som Sagen er kjend for er ikkje like dominerande her, men det ligg likevel noko lystig over dei delane av teksten som ikkje er rein historietime.

Guffen tilrår.

Meir Sagen på kulturguffebloggen
Springfart ved fjorden (1986)
MS Liv (2014)

1. mai 2018

Dead Poets Society (1989)

USA, slutten av 1950-åra, på ein internatskule for søner for velståande familiar. Skulen har fått ein ny engelsklærar, John Keating, og han er heilt annleis enn dei andre lærarane, som jamt over er like stive og formelle som foreldra til elevane. Keating får elevane til å riva ut dei sidene i læreboka han ikkje likar, han flyttar undervisinga ut av klasserommet, og han oppmodar dei om å finna kunstnaren i seg, anten det er diktar eller skodespelar.

Og ei stund går det heilt bra. Heilt til han som vil verta skodespelar vert teken på fersken av faren då han står på scena i ei Shakespeare-oppsetjing. Faren tek han ut av skulen, han tek livet sitt, og rektor tek Keating ut av skulen. Dei andre elevane tek ikkje dette spesielt lett.

Filmen er fin, sjølv om det er mykje å trekkja for. Her er mange klisjear, altfor mange gonger er det altfor lett å sjå kva som kjem til å skje, og terpinga på at ein skal gripa dagen - carpe diem - førte jo til at halve verda skulle ha det uttrykket som livsmotto i 1990-åra.

Guffen tilrår.

29. april 2018

Der Untergang (2004)

Ein film som har undertittelen "Det tredje rikets siste dager" er sjølvsagt ikkje nokon gladfilm, men det er ein veldig god film.

Rammeforteljinga handlar om Traudl Junge. Det opnar med at ho i 1942 får jobb som privatsekretær for Adolf Hitler. Eller - det opnar med eit utdrag av eit intervju med Junge, teke opp mange år seinare. Filmen hoppar til april 1945, då alle skjønar at krigen er så godt som over. Dei tyske leiarane er samla i ein bunker under Berlin, og den einaste som trur at krigslukka kjem til å snu er Hitler sjølv. Alt raknar, folk flyktar, men han trur det skal snu. Heilt til han òg gjev opp, og han tek livet sitt. Junge greier å flykta.

Det er altså ein god film. Me er nede i bunkeren så godt som heile tida, slik at filmen får godt fram korleis dei som er der ikkje har nokon utveg. Og Bruno Ganz, som spelar Hitler, er aldeles overtydande. Når han snakkar med Junge eller med hundane sine er han heilt i balanse; når han snakkar med generalane om framdrifta i krigen er han så til dei grader rabiat.

Guffen tilrår.

28. april 2018

Rasmus Løland: Hundre år (1910)

Rasmus Løland var fyrst og fremst kjend for barnebøkene sine. Han var òg ein strålande redaktør av Norsk Barneblad dei siste fire-fem åra han levde. Han skreiv likevel meir, mykje meir, mellom anna denne boka. Han leverte inn manuskriptet i 1903, men fekk det i retur frå forlaget, som meinte at dette "ikkje var høveleg lesnad for ungdomen". Det er ei bok som handlar om andre tema enn barnebøkene hans, det er rett, men det er likevel vanskeleg å sjå at ungdommen bør skjermast frå dette. Boka kom ut i 1910, tre år etter at Løland var død.

Forteljinga opnar med ein fest i ein liten by i Alpane. Det er inngangen til eit nytt hundreår, og nokre kunstnarar er samla til lystig lag. Dei vert samde om å møtast igjen om hundre år, for å fortelja kvarandre kva dei har fått gjort i mellomtida. Så går dei kvar til sitt. Løland følgjer så kunstnarane gjennom livet. Nokre få gjer det godt, nokre gjer det mindre godt, andre igjen gjer ingenting.

Det kapitlet som kan ha påverka forlaget til å refusera boka handlar om ei kvinne som flyttar frå Oslo til Nord-Noreg. Der døyr ho, og der vert ho gravlagd. Så tek eit jordras gravplassen, og både likkister og skjelett kjem fram att i dagen. Skjelettet til kvinna vert flytta til eit museum, der det vert utstilt - ho var ikkje med på laget i Alpane, men er den personen i boka som vert synleg for dei komande generasjonane.

Boka sluttar så med eit nytt lag i Alpane, hundre år seinare. Nye kunstnarar er samla, eit nytt hundreår står for døra. Dei snakkar om at det kanskje sat nokre her for hundre år sidan, og at det vil sitja andre her om nye hundre år.

Det er ei lita bok, på litt over hundre sider. Boka skulle gjerne vore lengre, for det er ein fryd å lesa ho. Dei fleste portretta er glimrande skildra, og samla vert det ei finfin forteljing. Då eg var ferdig med boka tenkte eg at dette er ei bok eg skal henta fram att ein gong, og det er jo alltid eit godt teikn.

Guffen tilrår.

Meir Løland på kulturguffebloggen
Olav Midttun: Rasmus Løland (1961)
Noveller (1972)
Sjølvbiografi (1988)
Austigard og Austigard; Jakten på Bjednekniven (2009)

Patti Smith: Devotion (2017)

Sidan 2015 har Yale University invitert ein forfattar til å halda eit foredrag i serien Why I Write. Viss eg forstår den knappe baksideteksten rett, tek denne boka utgangspunkt i eit foredrag Smith heldt i 2017.

Boka er tredelt. Det opnar med ei reiseskildring, der Smith reiser til England og Frankrike. Den andre delen er ei novelle (med tittelen "Devotion"), før ho i den siste delen held fram reiseskildringa, og så vidt kjem inn på spørsmålet om kvifor ho skriv.

Alle delane heng saman. Novella fortel om ei ung kvinne som har ein stor draum - å verta ein kunstløpar i verdsklasse. I opningsdelen skriv Smith nokre gonger om kunstløp - ho ser det på fjernsyn og vert fanga av det ho ser. Dei to reiseskildringane er delar av den same reisa, der ho i fyrste del les om og vitjar grava til Simone Weil, ein fransk filosof. I den andre delen vert ho invitert til huset der Albert Camus budde, og der ho får lesa det upubliserte og ufullstendige manuset til den siste boka han arbeidde med.

Dei to reiseskildringane er dei sterkaste delane av boka. Novella er ikkje like god. Smith skriv som alltid godt, og den siste setninga i boka, der ho svarar på spørsmålet, er spesielt fin: "Because we cannot simply live".

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Just Kids (2010)
Woolgathering (2011)
M Train (2015)
Year of the Monkey (2020)
Caryn Rose: Why Patti Smith Matters (2022)
Bread of Angels (2025)

24. april 2018

Ian MacDonald: Revolution in the Head (1994)

Brått kjende eg at det var på tide å lesa denne boka att. Eg kjøpte ho omtrent då ho kom ut, og det tok ikkje mange sidene før eg skjøna at all rosen ho hadde fått var velfortent. I boka skriv MacDonald om alle songane The Beatles gav ut på plate, og lanserte dermed ein heilt ny sjanger, trur eg. Eg har sett liknande bøker om andre artistar - i farten kjem eg berre på éi eg har lese, men eg har vondt for å tru at andre bøker er like gode som denne.

For det er altså ei finfin bok. MacDonald har suveren kontroll over emnet sitt. Han er brutalt ærleg, og ikkje berre når han omtalar songane. Han kan gjerne skriva om korleis ulike stoff, fyrst og fremst LSD, påverka mykje av musikken deira, og ikkje berre på godt vis. Han skriv om når dei fire spelar feil, han skriv om når dei fire ikkje snakkar saman, og så bortetter.

Men han skriv òg om det som er bra, og han forklarar kvifor det er bra. Han gjer seg god nytte av CD-teknologien, som midt i 90-åra vel var så godt som allemannseige, og viser til det nøyaktige tidspunktet noko av interesse skjer i ein song. Nokre songar får brei omtale, andre kortare, og i dei lange omtalane skriv han gjerne om det som elles skjedde i og rundt bandet.

Det var stas å lesa boka denne gongen òg, og eg er redd for at det kan det verta også neste gong eg les ho.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
John Lennon: Skywriting by Word of Mouth (1986)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
(2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)
Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)