Endå ei novellesamling, og ei novellesamling som passar godt saman med Diskrete kulisser, som eg las omtrent same dagen. Også i denne boka møter me folk som ikkje har det så godt. Det er folk som drikk litt for mykje, det er folk som nyleg har mist nokon, eller som snart kjem til å gjera det.
Det er gjerne korte og tette noveller, med eit greitt og enkelt språk. Likevel ulmar det, og i fleire av novellene anar me at det snart kjem til å gå gale. Samlinga sluttar med "Sommar", ei av dei lengste i boka, og den er eit godt døme i så måte. Ein liten familie har nyleg kjøpt seg nytt hus, og utad ser alt ut til å vera bra. Faren i familien vil eigentleg ikkje ha besøk, korkje av dei tilreisande som dukkar opp, eller av naboen som kjem med ei flaske vin. Kvar uroa kjem frå er ikkje heilt klart, men det verkar som ein harmonisk familie der harmonien kjem til å ta slutt kort tid etter at novella er over.
Guffen tilrår.
Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)
Om livet på jorda (2021)
Sirenene (2024)
12. august 2013
Odd W. Surén: Diskrete kulisser (2000)
Dette er ei fin novellesamling. Surén skriv som vanleg godt, og hovudpersonane har mykje til felles: Dei er oftast menn, dei er hatande og skeptiske, dei er tiltaks- og arbeidslause, og dei gjer seg sjølv store gjennom å snakka andre ned. Eller rettare - å tenkja andre ned. Dei fleste har ikkje mykje kontakt med andre menneske.
Det er ikkje dei lystigaste skjebnane me får høyra om, altså, men det er likevel rett som det er litt å smila av. I novella "Musene" fortel til dømes eg-personen om korleis han tok seg av mor si då ho vart sjuk. Han las avisene for ho, men fann ut at han måtte retusjera nyhenda litt, slik at ho ikkje vart trist. Bombinga av Irak omtalte han som eit fyrverkeri FN hadde gjeve Saddam Hussein og Maddam Hussein i gåve. At temperaturen på jorda steig kom av at folk ville gjera livet lettare for borna på Grønland. Og så bortetter.
Guffen tilrår.
Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

Etikettar:
litteratur,
Norge,
Surén
Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Der finst fleire Aasen-biografiar, og eg har lese dei fleste av dei. Denne boka er ulik dei andre, og er såleis ei velkomen utgjeving. Dei to mest omfattande Aasen-biografiane kom begge i 1996, og var skrivne av Stephen Walton og Kjell Venås. Begge er gode, men vert for detaljerte når dei skildrar språket Aasen la grunnlaget for. For dei fleste lesarane er dette tungt og kanskje til og med unødvendig stoff; Grepstad nemner det nesten ikkje i det heile.
For Grepstad er det to viktige sider ved Aasen. Han var ein stor strateg, og han var stadig uroleg for at han ikkje fekk gjort alt han skulle. Tida strakk ikkje til. Det strategiske viste seg tidleg, til dømes då han i 1841 på oppmoding frå biskop Neumann i Bergen skriv ein kort sjølvbiografi.
Boka er lagt opp meir tematisk enn kronologisk. Det fungerer godt, og samla gjev boka oss eit godt bilete av kven Ivar Aasen var. Ho gjev oss ikkje svar på alt; Aasen var ein person som heldt korta tett til brystet. Grepstad har funne mykje nytt stoff, og viser mellom anna at det er svært truleg at Aasen faktisk var trulova med Berte Pålsdotter i Herøy i fyrste halvdel av 1830-åra.
Det er altså ei fin bok, men utan manglar er ho ikkje. Det er, uvanleg nok, ein biografi heilt utan bilete av den biograferte. Her er heller ikkje noko kjeldeliste - den ligg på Internett, og det er berre ei middels god løysing. Dessutan er her ein del repetisjonar; ein stad kjem til dømes det same avsnittet to gonger på ei og same side.
Guffen tilrår.
Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Ervingen (1855)
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Symra (2013)
Erlend Loe: Tale ved Ivar Aasens grav 17. mai 2026 (2026)

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Brent ord (2022)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)
Ervingen (1855)
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Symra (2013)
Erlend Loe: Tale ved Ivar Aasens grav 17. mai 2026 (2026)
11. august 2013
Olav Duun: Medmenneske (1929)
Eg har lese lite Duun, og etter denne boka skjønar eg at eg har lese for lite Duun. Det er ei fantastisk bok, med ei uvanleg tett og intens handling.
Me er i det kystlandskapet Duun ofte skriv om. Didrik Dale, kårmann på garden Stavsund, og er ein tvers gjennom roten person. Han lovar og lyg, og handlar med pengar han ikkje har. Motsatsen hans er svigerdottera Ragnhild, som berre ser etter det gode i folk, og som òg prøver å vera snill mot Didrik. I tillegg er her ei mengd andre folk, og synsstaden vekslar heile tida. Duun har likevel full oversikt og full kontroll, og det er heller ikkje vanskeleg for oss lesarar å følgja med.
Då eg arbeidde i Aasen-tunet laga me ei utstilling om Duun. Ein lærar som tok med klassen dit ville gjerne at eg skulle seia noko om slektskapen mellom bøkene til Dostoyevsky (som eg kjende godt) og bøkene til Duun (som eg altså visste svært lite om). Det gjorde eg på sett og vis, men etter denne boka ser eg tydelegare kva han meinte. Boka krinsar rundt det store spørsmålet om kor mykje vondt som kan samlast i ein person, og kor langt ein person kan vera viljug til å gå for å nå måla sine. Didrik er ein person som gjerne ofrar den næraste familien sin, dersom han sjølv kan tena på det.
Guffen tilrår.
Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Paa tvert (1909)
Nøkksjølia (1910)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

Duun,
litteratur,
Noreg
7. august 2013
Shakespeares skjulte sannhet (2012)
Petter Amundsen har fantasien i orden. I ei årrekkje har han finstudert ei fyrsteutgåve av Shakespeares samla verk, og meiner at der ligg ei rekkje spor gøymt i tekstane. Det kan vera hint som er relativt lette å sjå, som at den fyrste bokstaven i tre påfølgjande liner lagar ordet 'two', eller det kan vera spor som er betre gøymt. Han har lese mykje om middelalderen, og væpna med passar og linjal finn han geometriske figurar som samsvarar med symbol som vart brukte av eit hemmeleg brorskap på Shakespeares levetid. Ved hjelp av desse figurane har han kome fram til at eit eller anna, truleg originalmanuskripta til Shakespeare og levningane av leiaren for brorskapet, er gravd ned på ei øy utanfor Canada.
Det er meir fantasi enn fakta, altså, men for filmen er det fantastisk. Amundsen har selskap av briten Robert Crumpton, som skriv på ei doktorgradsavhandling om Shakespeare. Dei møtest fyrst i Oslo, deretter i England, før filmen sluttar med at dei er på øya i Canada. Crumpton er djupt skeptisk, for å seia det mildt, og det er fascinerande å sjå korleis han fyrst er høfleg til det Amundsen lirar av seg. Deretter vert han irritert, han meiner at dette er rein fantasi, og etter eitt av utbrota hans kjem det ei stor scene, der dei to sit i baksetet av ein bil, kikande ut av kvart sitt vindauga.
Men Crumpton vert meir og meir gripen av det Amundsen fortel. Han kjenner att ei skattejakt når han ser ho, og når dei faktisk gjer interessante funn på øya, vert han nesten mållaus. På det punktet dei skal leita er det eit lite og grunt vatn, og då dei ror utpå og undersøkjer botnen, er det tydeleg at det er noko nede i det grumsete vatnet. Så stoppar filmen, rart nok - kvifor får dei ikkje tak i ein dukkar, som kan fortelja dei kva det er? Kvifor går ikkje ein av dei ut av båten, for å undersøkja? Det låg berre ein god meter under vassflata.
Påstandane til Amundsen verkar som eit relativt vanleg oppkok, der fantasi, geometri, stjernehimmel, mystiske brorskap og litt religion vert blanda saman til ei suppe det er uråd å tru på. Filmen er likevel finfin, det er jo ofte slik at dokumentarfilmar vert gode når dei har gode personar i hovudrollene, og det er stort å sjå korleis Amundsen er heilt avslappa kvar gong Crumpton kjem med innvendingar og spørsmål. Han har alltid eit svar klart, og let seg ikkje lett målbinda.
Guffen tilrår.
Relatert på kulturguffebloggen
Shakespeare. The World as a Stage (2007)

film,
Norge,
Shakespeare
5. august 2013
Philipp Meyer: The Son (2013)
Etter å ha lese den glimrande debutboka til Meyer, American Rust, i fjor, hadde eg venta meg langt meir av denne. Her verkar det som om Meyer vil for mykje, og nærmast overvurderer sine eigne evner.
Handlinga er (i hovudsak) lagt til Texas, og spenner over hundreogfemti år. Det er ei slektskrønike, men er samstundes ei historiebok om Texas, og for så vidt om USA. Meyer vekslar mellom tre hovudpersonar. Eli McCullough var fødd i 1836, og som hundreåring tenkjer han attende på livet sitt. Sonen Peter var fødd i 1870, og kapitla hans er henta frå dagboksnotat frå tida rundt 1915. Meyer skriv òg om sonedotter hans, Jeanne Anne; desse kapitla er skrivne i tredjeperson.
Eli er den einaste interessante av desse. Alle tre skil seg ut frå folk rundt seg, men dei to siste vert likevel for livlaust skildra. Jeanne Anne er sjef på garden Eli grunnla, og styrer dermed over eit stort oljeimperium. Ho er altså kvinneleg sjef i ei svært maskulin verd. Peter er nærmast pasifist, og ser samstundes ting frå begge sider - begge desse eigenskapane var nærmast ikkje-eksisterande i Texas då han voks opp. Eli vart kidnappa av comanchar då han var tretten, og budde saman med dei i to-tre år. Han vart indianar i sjela, og overgangen til det kvite samfunnet går ikkje heilt smertefritt. Han vert ein dominerande person, som pregar slekta også etter at han er død.
Det er ei bok utan dei store overraskingane. Det dukkar rett nok opp ein ukjend slektning heilt mot slutten av boka, men det er omtrent alt. Og då har i alle fall eg gått lei. Boka er altfor lang, det som kjem er altfor tradisjonelt og venta, og dette verkar det nesten som om Meyer sjølv er klar over: Mot slutten vert kapitla svært korte.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Meyer på kulturguffebloggen
American Rust (2009)

Meyer,
USA
3. august 2013
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Denne boka kom ut i serien "Norske folkeskrifter", som Noregs Ungdomslag og Studentmållaget gav ut. Det er ikkje noko omfattande bok, men stor nok til at ho gjev eit godt bilete av Vinje.
Vislie er ein god biograf, han er ikkje ein av desse som vil skryta den biograferte opp i skyene. Sjølvsagt ser han gode sider ved Vinje, og spesielt diktaren Vinje får mykje skryt. Men han meiner òg at Vinje var så kunnskapsrik at han kunne vorte kva som helst, hadde han ikkje berre vore så strategisk hjelpelaus. Med avisa "Dølen" gjorde han seg til uven med alle. Ikkje berre var språket dårleg likt av mange av dei i hovudstaden som kunne hjelpt han; han skreiv òg kritiske artiklar om fleire av dei. Samstundes skreiv han òg mykje negativt om dei som budde i bygde-Noreg, dei som i utgangspunktet var meir positive til målsaka. Ikkje rart at "Dølen" sleit økonomisk.
Vislie konsentrerer seg om yrkeslivet til Vinje. Det står lite om fjellmannen Vinje, og det står òg lite om vener og anna som høyrde privatlivet til. Biografien er lagt opp strengt kronologisk, med eit godt og avsluttande kapittel til slutt. Der kjem mellom anna dette fantastiske avsnittet om korleis Vinje såg ut: "Han var langleitt og heller ljot; andlitet vart tidleg gamalt og skinnturka, det eine auga noko større enn det andre. Munnen var noko skeiv, og det myrkebrune oftast uflidde skjegget dulde ikkje heilt dette lytet. Dessutan var han lang og ledalaus, skakk og skeiv; i mange aar var han halt, og gjekk gruv og lyfte føterne høgt som gjekk han paa ein heideveg millom store steinar. So brydde han seg heller ikkje um aa hama seg; han gjekk oftast i klæde som ikkje passa, og loslitne og falma var dei som oftast attaat. Han var slengjeleg og slurven, uvyrden og frambærleg, og vanvyrde vanleg folkeskikk, og var soleis lite skikka til aa syna fram det beste av den gamle bondekulturen".
Guffen tilrår.
Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Toril Moi leser A.O. Vinje (2016)
Ottar Grepstad: Vinje-bibliografien (2017)

fjell i syningom,
litteratur,
Noreg,
Vinje
Abonner på:
Innlegg (Atom)