Det var ei fantastisk historie. Seint i 1970-åra vart Arnfinn Nesset, styraren ved sjukeheimen på Orkdal, arrestert, mistenkt for å ha drepe innlagde ved heimen med hjelp av gifta curacit. I avhøyr tilstod han 27 drap - langt fleire enn han var mistenkt for. To av desse vart lagde vekk. Han vart altså tiltalt for å ha drepe 25 personar. Han var dømd for 22 drap.
Det var ei fantastisk historie, men i denne boka viser Sætre at historia var meir fantastisk. Det fanst ikkje andre prov enn tilståingane til Nesset. Etter avhøyra, men før rettssaka, trekte han alle tilståingane. Det fanst altså ikkje lenger prov, men han vart likevel dømd for dei fleste drapa han var skulda for.
Korleis kunne det skje? Prinsippet om at tvilen skal koma tiltalte til gode var lagt til sides. Mange av dei tilsette ved sjukeheimen hadde lenge hadde mistanke til Nesset, og her ser det ut som om ei fjør vart til rimeleg mange høner. Dei vingla i forklaringane sine, og dette utnytta påtalemakta, som la vekt på det dei ville, og brukte mindre tid på moment som ville vore til Nesset sin fordel. I avhøyra med Nesset oppførte han seg òg underleg, og han vart nok i stor grad manipulert av dei som avhøyrde han.
Var han uskuldig? Neppe. Han drap truleg tre personar; to av dei vart like godt drepne same dag som pakker med curacit vart levert på sjukeheimen.
Sætre går gjennom alt av papir frå saka, og han snakkar òg med Nesset. Det er grundig og godt, og sjølv om han ikkje kjem med ein endeleg fasit på kvifor Nesset gjorde det han gjorde, eller kor mykje han faktisk gjorde, sit eg att med ei klar kjensle av at både media og politiet var altfor ivrige etter å få han dømt.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar