23. april 2022

Vi flytter Munch (2022)

 

Munchmuseet er eitt av dei mest omtalte norske musea dei siste åra. Til liks med eit anna stort kunstmuseum i hovudstaden har dei vore på flyttefot, og etter fleire utsetjingar opna dei hausten 2021. Sjølve bygget fekk mykje (velfortent) kritikk før opninga, og etter opninga får også dei innvendige romløysingane fått kritikk. Det var i alle fall inntrykket mitt, og eg trur alle andre eg har snakka med har vore samde. Det er trongt, mykje plass i kvar etasje går med til rulletrapp og gangar, det er lågt under taket - det heile var middels og vel så det.

Denne NRK-serien fortel om flyttinga frå Tøyen til Bjørvika, og sluttar med opninga. Kritikken etter opninga vert ikkje nemnt med eitt ord, og det vert ikkje sagt mykje om sjølve bygget heller. Det einaste som kjem av kritikk i den retninga er at dei tilsette er misnøgde med at dei skal sitja i ope kontorlandskap.

Den einaste som er nøgd med det er direktøren, Stein Olav Henrichsen. Han er nøgd med alt, bortsett frå dei mange utsetjingane. I serien følgjer me nokre av dei tilsette, i tillegg til Henrichsen er det kuratorar, konservatorar, og flyttarar. Den siste gruppa er den mest solide, ei dansk kvinne har full kontroll på alt som skal flyttast. Ein av medhjelparane hennar, ein kunstnar som pakkar og pakkar kunst, gjer også eit svært godt inntrykk - han gjer ein god jobb, men viser òg kor stort det er å få lov til å pakka ned og flytta dei mest vidgjetne Munch-bileta. Diverre sluttar han midt i serien, av di han har fått jobb på Slottet.

Målerikonservatorane er òg ei fascinerande gruppe, der dei sit med lykt og lupe for å sjå etter skader før og under flyttinga. Ei av kuratorane, ho som har ansvar for ei utstilling med den britiske kunstnaren Tracey Emin, er kanskje den som oppfører seg rarast: Slik det vert framstilt her er Emin-utstillinga langt viktigare enn opninga av museet. Ho er aldeles starstruck kvar gong ho snakkar med Emin.

Det er ein finfin serie, i alle fall for oss museumstilsette. Det er fascinerande å sjå alle ressursane dei har, både før og under og etter flyttinga, og konserveringslokala i nybygget såg langt meir ut som fulltreffarar enn utstillingssalane.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar