12. april 2022

Jessica Chiccehitto Hindman: Sounds Like Titanic (2019)

 

Filmen Titanic, frå slutten av 90-åra, vart rimeleg populær. Mange populære filmar får ein eller fleire oppfølgjarar, men det var rimeleg vanskeleg her. Musikken i filmen fekk derimot ein slags oppfylgjar. Ein rimeleg uinteressant amerikansk musikar såg at det var ein marknad for slik svulstig musikk, og gav ut ei lang rekkje CD-ar som han selde uventa mykje av. I denne boka vert han berre kalla The Composer, men ein skal vera rimeleg dårleg på googling for å ikkje finna musikken hans. Og ein skal ha rimeleg dårleg musikksmak viss ein greier musikken hans i store mengder.

Han samla saman nokre unge musikarar, og saman reiste dei gjennom USA på kryss og tvers. Dei fleste konsertane var på handlesenter, der dei møtte kjernepublikummet sitt. Hindman, ein halvgod fiolinist, var med i nokre år. Både ho og dei andre musikarane faka alt saman, ho omtalar seg sjølv som Milli Violini. I boka fortel ho om desse turneane, men òg om oppvekst og ungdomstid. Det er ei svært fornøyeleg bok, der ho òg seier mykje om dagens Amerika. Og om andre land - dei gjorde stor suksess i Kina, der dei vart presenterte som orkesteret bak filmmusikken i Titanic.

Hindman vaks opp ute på landet, i eit område der det var lite fiolinspel. Ho ville likevel læra seg instrumentet, og foreldra var velviljuge - kvar veke køyrde dei ho til ein fiolinlærar fire timar vekke. Ho var rimeleg flink, men då ho flytta til New York for å utdanna seg vidare merka ho at ho vart heilt på det jamne, og at ho aldri kom til å verta retteleg god. Løysinga var The Composer. Han vil ha det så smilande og sterilt som råd, og for å sikra seg mot dårleg lyd og eventuelle feil frå musikarane, sit dei altså berre og mimar. Den einaste gongen The Composer vart sint på ho, var den gongen ein streng rauk og ho slutta å spela. Musikken heldt sjølvsagt fram.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar