5. april 2022

Eugene O'Neill: Long Day's Journey into Night (1956)

 

Etter mange år med planlegging og att og fram og alt det der fekk endeleg Voss eit nytt kulturhus i januar 2011. Me hadde flytta til Voss to år tidlegare, og var litt skuffa over at her ikkje lengre var scener som var store nok for Riksteatret. Det var ekstra surt i 2010, då Riksteatret samla eit stjernelag til denne framsyninga - Liv Ullmann, Bjørn Sundquist, Anders Baasmo Christiansen, Pål Sverre Valheim Hagen og Victoria Winge. Det vart endå surare då kulturhuset opna, og det viste seg at heller ikkje der var scena stor nok for Riksteatret.

Dette skodespelet er eit av hovudverka i amerikansk drama. Eugene O'Neill ville ikkje at det skulle framførast før 25 år etter at han var død, men enkja hans ville det annleis. Manuskriptet vart publisert eit par år etter at O'Neill døydde, og stykket vart fyrste gong framført i Stockholm i 1956. På premieren skal skodespelaren ha fått applaus i ein halvtime. 

Grunnen til at O'Neill ville venta med publisering var at stykket var reint sjølvbiografisk. Det handlar om eit døger i livet til ein familie med to søner, der alle skuldar alle andre for alt mogleg, der mennene drikk for mykje og mora tek for mykje dop. Av og til viser dei varme og gode kjensler for kvarandre, stort sett er det krangling og baksnakking.

Det er eit intenst drama, som eg gjerne skulle ha sett framført ein gong. Det finst jo fleire stjernelag, og det finst bygder der ein byggjer store nok kulturhus.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar