17. april 2022

Jimmy Savile. A British Horror Story (2022)

 

Jimmy Savile var ein rimeleg populær mann. Han var ein stor britisk fjernsynskjendis, han var mellom anna programleiar for Top of the Pops og Jim'll Fix It. Han samla inn store summar til gode føremål, og var på nikk med alt og alle. Han gjekk i feil klede og var aldeles feil på håret, men det var berre ein del av sjarmen. Alle likte han. Men svært mange ignorerte òg rykta som gjekk om han. Nokre hinta om det, slik Johnny Rotten gjorde på BBC i 1978. Det var kanalen Savile jobba for, og Rotten meiner sjølv at BBC lyste han i bann i mange år på grunn av det han hadde sagt.  

Rotten eller kommentarane hans er ikkje med i denne dokumentaren, men dei kunne godt vore det. Den fyrste episoden fortel om korleis Savile vart stjerne, men der er heile tida ein ubehageleg undertone. Det vert tydelegare i den andre episoden, og ubehaget er ikkje berre knytt til det dei no vaksne kvinnene fortel. Politiet fekk fleire gonger rimeleg handfaste tips om at Savile var pedofil, men desse sakene kom aldri til retten. 

Savile døydde i 2011, og to år etterpå eksploderte det. Hundrevis av personar stod fram og fortalde at Savile hadde misbrukt dei. Nokre var elevar på internatskular, andre var pasientar på sjukehus. Savile hadde samla inn pengar til desse institusjonane, han gjorde mykje gratisarbeid for dei, og sa sjølv at han gjorde dette av di han ville hjelpa dei svake i samfunnet. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar