Under den lange USA-ferien i 1988 var eg innom mange museum. I eitt av dei, som eg for lenge sidan har gløymt namnet på, og som eg ikkje eingong hugsar kvar låg, var det ei utstilling om korleis japanske amerikanarar vart internerte i konsentrasjonsleirar under den andre verdskrigen. Dette var heilt nytt for meg, og folk eg snakka med sa òg at det var relativt underkommunisert i USA. Konsentrasjonsleirar var noko dei andre, altså tyskarane, dreiv med.
Tilhøvet mellom japansk-amerikanarar og andre amerikanarar dannar bakteppet for denne filmen, som var vist som ein del av VHS-festivalen i den høgst lokale filmklubben. Historia er godt oppbygd, og vert òg fortalt, eller avdekka, på ein finfin måte.
Det heile går føre seg i eit lite fiskarsamfunn i Washington, nordvest i USA. Carl, ein fiskar vert funnen drukna, og med eit sår i hovudet som kan skuldast eit slagvåpen. Den japansk-amerikanske naboen hans, Kabuo, som hadde fiska i det same området den same natta, vert arrestert, mistenkt for å ha teke livet av han andre, og filmen handlar om dei dagane rettsaka varer. Innimellom kjem det mange og lange tilbakeblikk som gradvis viser oss forhistoria. Japanske innvandrarar kunne ikkje eiga jord i Washington, men far til Kabuo fekk likevel munnleg tilslag på eit gardskjøp. Eigedommen skulle førast over på Kabuo då han vart myndig, men kjøpesummen var ikkje heilt nedbetalt då krigen braut ut, og familien vart integrerte. Det mangla berre to avdrag, men då seljaren døydde annulerte kona hans handelen, og selde garden til nokre andre. Denne selde igjen eigedommen vidare til Carl, slik at det var lett å tenkja seg kva motiv Kabuo hadde for å ta livet av Carl.
I rettssaka fortalde kona til Kabuo at Carl ikkje hadde vore uviljug til å selja delar av garden til Kabuo. Natta Carl drukna var det tjukk skodde, og etter at Kabuo hadde hjulpe Carl med eit reservebatteri hadde Carl sagt at det skulle ordna seg med handelen. Dei sa likevel ikkje noko om dette til nokon, dei ville venta til alt var formalisert.
Ishmael, den lokale aviseigaren, var tidlegare kjærast med kona til Kabuo. Ho braut med han, av di det var vanskeleg å ha ein ikkje-japansk kjærast. Han har ikkje kome over dette. Han sit med løysinga på kva som skjedde med Carl den natta han døydde, men bruker lang tid på å finna ut om han skal stå fram med det han har funne ut.
Filmen er glimrande filma. Bileta er flotte, dei bruker naturen i området glimrande, og har òg mange flotte kameravinklar. Det heile går føre seg i eit roleg og fint tempo, der kameraet flyttar seg sakte, og musikken til filmen går òg i det same tempoet. Filmen er basert på ein roman av David Guterson. Boka er (som vanleg) langt betre enn filmen - midt i filmen kjem det nokre litt for lange tilbakeblikk som gjer at framdrifta vert litt for dårleg, men i resten av filmen er det altså mykje bra.
Guffen tilrår.
Meir Guterson på kulturguffebloggen:
East of the Mountains (1999)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar