3. mai 2020

Stig Sæterbakken: Ikke noe av dette handler om meg (2016)

Eg har berre lese to av romanane til Stig Sæterbakken, men begge fall i smak. Eg ser at eg las dei rett etter at han tok livet sitt, det einaste eg las av han medan han levde var ei lita bok om Block to Block.

Manus til denne boka sende han frå seg den siste dagen han var i live. Boka har undertittelen "Selvbiografiske notater", ein undertittel som på sett og vis er ei rein motseiing til tittelen på boka. Notatane er som regel korte, og det er eit stort spenn i dei. Viss me tek for gitt at dette er sjølvbiografisk, fortel han om eigen familie, om bøker og musikk han les, om skriveprosessen, og om mykje anna. Nokre notat går over fleire sider, andre er reine aforismar.

Det er godt å lesa desse notata. Sæterbakken skriv svært godt, og det er den same vekslinga mellom alvor og humor som det er i dei fleste liv. Han skriv mykje om døden (og litt om å ta sjølvmord), og det er alvorsamt, men det tek ikkje lang tid før han går over til lystigare stoff, som då han gjev ei lang skildring av korleis det er å vera med borna på joleavslutning. Relatable og vel så det.

Guffen tilrår. 

Meir Sæterbakken på kulturguffebloggen
Ikke forlat meg (2009)
De Press. Block to Block (2011)
Gjennom natten (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar