6. juli 2022

Elvis (2022)

Denne filmen fortel om livet til Elvis Presley. Han vart superstjerne på kort varsel midt i 1950-åra - han vart dyrka av ungdomen, og mislikt av mange i dei eldre generasjonane. Han stod for noko ungt og friskt, og spesielt på scena, der han bevega seg langt meir opphissande enn det som då var akseptert. Han var ein opprørar, og han kunne ha vore det langt lengre enn til han reiste i militæret i 1958.

For denne filmen fortel òg om livet til Tom Parker. Han var ulovleg immigrant i USA, kalla seg oberst, og vart manageren til Elvis i 1956. For Parker var det ikkje viktig med noko opprør, alt han tenkte på var å tena mest mogeleg pengar. Han tok minst halvparten av inntektene til Elvis, og søkte dei oppdraga og kontraktane som betalte seg best. I 1960-åra handla det stort sett om pinleg dårlege Hollywood-filmar, fram til det musikalske comebacket til Elvis i 1968. Frå då av er forholdet mellom Elvis og Parker dårleg, men Parker vinn heile vegen. Elvis var framleis ein stor entertainar, men no var det i all hovudsak i Las Vegas. Elvis ville utanlands, men det ville ikkje Parker - då ville det jo kome ut at han var ulovleg i USA.

Det er ein god film, i alle fall ei stund. Dei tidlege konsertane til Elvis er flott filma, og scenene der den unge Elvis søkjer seg til klubbar og barar der ulike svarte musikarar opptrer er store. Dei ti siste åra Elvis levde får for stor plass, og der dabbar filmen litt av. Det er greitt at det ligg noko dramatikk i konfliktane mellom Elvis og Parker, men det vert for mykje av det. 

Guffen tilrår.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Priscilla (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar