Dette var debutboka til Kjell Aukrust, og det var ein sals-suksess av dimensjonar. I fylgje Norsk biografisk leksikon vart meir enn 100 000 eksemplar selde i løpet av nokre veker. Det utrulege er ikkje det høge salet, det utrulege er at det er ei debutbok. Aukrust hadde teikna og skrive mykje, men han verkar så stilsikker og trygg på seg sjølv, både i ord og bilete, at ein kunne tru at dette var arbeidet til ein langt meir røynd kunstnar.
Det er barndomsminne frå Alvdal, bygda der Aukrust vaks opp. Det er mykje nostalgi i det heile, det handlar om ei enkel verd der ein knapt nok hadde meir moro enn det ein laga sjølv. Og då passa det jo godt at dei tre sentrale personane - forteljaren, bror hans, og Simen - har ein fantasi langt utover det vanlege.
Minst like viktig er det at Aukrust har ein fantasi langt utover det vanlege. Det kan godt henda at nokre eller alle av forteljingane er inspirerte av verkelege hendingar, men gode forteljingar skal òg forteljast godt. Aukrust er ein stor skribent, der han med få ord får sagt svært mykje. Han hadde ei eiga evne til å finna det originale, men likevel heilt rette, adjektivet. Det er mange knappe setningar. Og alle historiene har teikningar, som jo òg er suverene.
Guffen tilrår.
Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Ingjald Hoel: Slik var'n Kjell (1974)
Slipp ham inn! (1979)
Flåklypa Tidende 1-3 (2009)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar