4. september 2017

Robert Forster: Grant and I (2016)

Det australske bandet The Go-Betweens var, slik eg skriv kvar gong eg skriv om dei, eit altfor undervurdert band. Dei gav ut seks LP-ar i åtti-åra, tok ein pause på ti år, og gav ut tre til etter årtusenskiftet. Den siste plata deira, Oceans Apart frå 2005, er heilt på høgd med det beste dei gjorde tjue år tidlegare, og ein av songane derfrå, "Finding You", kan godt vera på topp tre av enkeltsongar. To av medlemmane, Robert Forster og Grant McLennan, var med heile tida, og det er forholdet mellom desse to denne boka handlar om.

Dei møter kvarandre i tjueårsalderen, i Brisbane. Forster har spelt litt gitar; McLennan har aldri spelt noko instrument. Dei lagar likevel eit band saman, og det viser seg at begge kan skriva songar, begge kan skriva tekstar, begge kan syngja, og begge vert etter kvart habile gitaristar. Dei vert svært nært knytt til kvarandre, sjølv om dei er ulike: Forster er langt meir sosial og open om seg sjølv; McLennan er reservert. Dei ler, dei deler erfaringar, dei snakkar om bøker og filmar, men Forster kjem likevel ikkje inn til den inste grinda til McLennan.

Det er kanskje det mest overraskande med denne boka. Det handlar mykje om korleis dei to arbeidde og treivst saman, også i åra Go-Betweens var oppløyst, men det handlar uventa lite om McLennan. Me kjem ikkje heilt innpå han. Og det er heilt greitt, det var truleg slik han ville hatt det sjølv. Boka er uansett finfin, og er tidvis ei fabelaktig skildring av venskap, og av gleda ved å skapa noko saman. Dei konkurrerer om å skriva dei beste songane, men konkurransen stikk ikkje djupare enn at dei kan gle seg over gode songar frå den andre. Forster skriv til dømes glimrande om den fabelaktige "Cattle and Cane", ein av dei tidlegaste godbitane frå McLennan. Og eg fekk ein stor klump i halsen då Forster skriv om då McLennan døydde av eit massivt hjarteslag, 48 år gamal.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar