14. mai 2021

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Den andre forsvinninga (2019)

Forlaget Oktober har (eller hadde) ein fin serie gåande, der forfattarar skriv om si eiga skriving og lesing. Serien var ukjent for meg då eg såg denne boka i ein bokhadel; etter å ha lese boka tenkte eg at dette var ein serie eg gjerne les meir av.

Eg trur ikkje det er det lettaste temaet å skriva om, men Skomsvold kjem godt frå denne oppgåva. Ho var nyleg vorte mor for andre gong då ho skreiv dette, og det er eit gjennomgåande tema: Korleis finn ei mor plass til å skriva. Korleis finn ho sitt eige rom, som dei ville sagt det i utlandet. Ho og mannen har funne ei løysing på det, ei opplagt ei: Dei deler på barnepass og henting og levering og sånn.

Men å finna tid og rom handlar om den praktiske løysinga. Skomsvold skriv vidare om kvifor ho skriv, og også her kjem ho med gode tankar. 

Om lesinga skriv ho òg godt. Eg stussa litt over eitt av poenga hennar då eg las det: Ho skriv at når ho les ein roman er det forfattaren ho er mest nyfiken på. For meg er teksten viktigare enn kven som har skrive det, og utover i kapitlet såg eg at ho var om lag på same line, ho òg. Det er ikkje ein namngitt forfattar ho er nyfiken på, det handlar meir om korleis skrivaren av boka har angripe stoffet sitt.

Guffen tilrår.  

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)
Hun er levende (2025)

13. mai 2021

Inland Empire (2006)

Dette er truleg David Lynch på sitt mest uforståelege. Nokre av filmane hans er vanskelege å forstå, det er greitt, men det går vanlegvis an å finna noko meiningsfullt ein stad. Her fekk eg ikkje tak i så mykje. 

Eg trur at historia vinglar mellom røyndom og fantasi. Fantasien er, i alle fall delvis, henta frå ein film som vert spelt inn. Men kvar grensene går, og kva som er ekte, film-fantasi eller annan fantasi, er uråd for meg å seia. Det er vel òg på tide å henta fram surrealisme-kortet - her er rare scener med personar som eg ikkje trur dukkar opp meir enn ein gong, her er nokre scener der nokre kanin-personar opptrer. Mange av scenene har ei litt uggen stemning - det ligg ei kjensle av uhygge over mykje av filmen, og mange av bileta er svært mørke.

Så dette var kanskje den Lynch-filmen eg har hatt minst igjen for å sjå.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)
Twin Peaks, sesong 3 (2017)

12. mai 2021

John Steinbeck: East of Eden (1952)

Mot slutten av denne boka samlar Trask-familien seg til Thanksgiving. Det er 1917, og dei har hatt sitt å stri med gjennom boka, men no ligg det an til at harmonien skal senka seg over familien igjen. Slik går det ikkje, det er vel rettare å seia at vondt går til verre her. Caleb, den eine sonen, har tent 15 000 dollar som han ynskjer at faren skal få, som eit plaster på såret etter at faren tapte mykje pengar på eit mislukka prosjekt. Faren takkar nei, og Caleb spring på dør. Tvillingbroren hans, Aron, går etter han, og Caleb finn ut at dette er kvelden då Aron skal få vita det alle andre veit: Mora er ikkje død; ho driv eit horehus på ein annan kant av byen. Det vert for mykje for Aron, som vervar seg til teneste i militæret. Nokre månader seinare får familien beskjed om at han er død.

Romanen handar i hovudsak om tre generasjonar i Trask-familien (og litt om Hamilton-familien, som er meir jordnære). Cyrus får to søner, Adam og Charles. Dei arvar mykje pengar, og Charles tek over garden i Connecticut. Adam flyttar til California, og kjøper seg ein gard Salinas-dalen. Han har gifta seg med Cathy/Kate, ei kvinne som har eit frynsete rykte. Ho vert gravid, får tvillingar, og rett etter at dei er fødde reiser ho frå familien. Dei to sønene, Caleb og Aron, er ulike, Caleb er impulsiv og eventyrlysten; Aron søkjer det trygge. Romanen vart filma i 1955, men den filmen handlar mest om den siste fjerdedelen av boka.

Det er ei omfangsrik og innhaldsrik bok, der det sentrale temaet er tilhøvet mellom fedre og søner. Midt i boka les Adam opp forteljinga om Kain og Abel, og det er opplagt at den inspirerte Steinbeck. På engelsk heiter dei Cain og Abel; dei to para med brør har altså fått namn som tek til med C og A. 

Dei siste åra har eg lese meg gjennom heile den skjønnlitterære forfattarskapen til Steinbeck. Det gjorde eg kronologisk, men eg hoppa over dei bøkene eg hadde lese frå før. Dermed vart dette den siste boka i rekkja, og det er ei bok det var verdt å venta på. Boka er glimrande. Han fortel godt, han skriv godt, dialogane er finfine og truverdige, og han leikar òg litt med romanforman. Romanen har ein eg-person, men han dukkar berre opp nokre få gonger. Og sjølv om handlina er lagt til Salinas-dalen, dalen der Steinbeck vaks opp, er det ikkje han som er eg-personen: Mot slutten av boka dukkar det opp ein liten gut som heiter John Steinbeck.

Guffen tilrår. 

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

11. mai 2021

The Imitation Game (2014)

Basert på ei sann historie, og alt det der. Filmskaparane har dikta litt, utan at eg veit om det er naudsynt. Den verkeleg historia er spanande nok i seg sjølv, men det er vel slik at det er greitt å byggja opp ein del konfliktar.

Filmen handlar om det matematiske geniet Alan Turing. Under andre verdskrigen var han med på å knekka den tyske superkodemaskina Enigma. For å få det til laga han det som vel best kan omtalast som ei veldig tidleg datamaskin. At koden vart knekt førte til at dei allierte visste om kva planar tyskarane la. Det vert estimert at arbeidet hans forkorta krigen med rundt to år. 

I filmen vert det altså drege opp fleire konfliktliner. Det handlar om økonomi. Det handlar om moral og etikk - dei allierte forstod at dei ikkje kunne stoppa alle dei tyske planane, då ville jo Tyskland skjøna at koden var knekt. Det handlar om kjærleik og kvinnesyn. 

Som tidtrøyte er filmen heilt grei, sjølv om det er ganske opplagt kva som kjem til å skje. Benedict Cumberbatch er finfin som den litt innestengde og sosialt mindre utvikla Turing.

Guffen tilrår. 

8. mai 2021

Helen Reddington: The Lost Women of Rock Music (2012)

 

Det hadde vore stas om denne boka var litt annleis. Temaet er bra og viktig, Reddington har snakka med svært mange som har mykje interessant på hjarta, og ho dreg viktige konklusjonar sjølv. Men det vert likevel litt tungt og keisamt, og den viktigaste grunnen er rimeleg enkel: Ho går altfor akademisk til verks. Eg har vanlegvis ikkje store problem med akademiske tekstar, men likevel: Reddington har skrive dette som ei eller anna for avhandling, og burde ha omarbeidd stoffet før det vart gitt ut.

Undertittelen på boka er "Femal Musicians of the Punk Era". Reddington var sjølv ein av dei, ho spelte i bandet Joby and the Hooligans i Brighton. Fram til punken var det vanlegast at kvinner i band var vokalistar. I punken var det fritt fram for alle å spela instrument, og mange kvinner nytta seg av dette. Nokre spelte i reine kvinneband. 

Det er historia deira som vert fortalt her, og det er ikkje alltid like lystig. Nokre, som Paul Cook i Sex Pistols, får mykje skryt for måten han backa opp alle på. Andre, som dei aller fleste journalistane, får litt mindre skryt. Der var det vanleg at det heile tida vart gjort eit nummer av at det var kvinner med i bandet - det var viktigare enn å skriva om musikken.

Reddington har altså fleire gode poeng, ho skriv til dømes om kor vanskeleg det (oftast) vart når to i eit band vart kjærastar, og så bortetter. Men ho kunne altså fått fram poenga på ein langt betre måte.

Guffen er lunken. 


1. mai 2021

Pale Rider (1985)

 

Dette må vel reknast som tidtrøyte, og ikkje så mykje anna. Eg ser gjerne ein western eller to, men det bør kanskje litt meir originalitet til før eg verkeleg skal verta engasjert. Her var det litt mange klisjear, og historia er filmen tek heller ingen uventa vendingar.

I fjella ein stad i California grev mange etter gull. Området er styrt av Coy LaHood, og han prøver å pressa vekk nokre gullgravarar som har slått seg ned i ein dal han gjerne vil kontrollera sjølv. Revolvermennene hans gjer det dei kan for å overtyda folk om at dei skal flytta, og det er hakket før dei gjer det. Det som reddar dei er at Clint Eastwood dukkar opp, og alle som har sett nokre western-filmar veit kva som skjer når han dukkar opp. Han endrar knapt ansiktsuttrykk i heile filmen, og han greier på smått utruleg vis å drepa alle bandittane som dukkar opp. 

I filmen vert det hinta om at han ikkje er verkeleg - den argaste motstandaren hans meiner at Eastwood-figuren vart drepen for ei tid sidan, og i ein scene i filmen viser han fram ryggen sin, der det er merke etter fem-seks kulehol. Då han drep hovudmotstandaren vert han skoten på same måten, og det kan (med litt velvilje) tolkast som om at Eastwood-figuren tek hemn.

Guffen er lunken. 

24. april 2021

Ut og stjæle hester (2019)

Per Petterson har skrive mange fine bøker, og dette er ei av dei finaste. Det ligg ingen automatikk i at gode bøker vert gode filmar, og det er kanskje ekstra vanskeleg med eit bok som denne. Det er mykje handling å ta tak i, javisst, men noko av det mest solide med boka er språket, med sine uvanleg sterke poetiske vendingar. 

Filmen kjem godt frå denne oppgåva. Filmen er regissert av Hans Petter Moland, som greier å fanga stemninga i boka. Det går i eit behageleg tempo, han har valt ut gode og sterke skodespelarar, og til og med fargebruken skapar assosiasjonar til romanen. 

Det handlar om notid og fortid. Trond har mist kona si, og flyttar ut på bygda, ikkje langt frå der han budde ei tid saman med far sin rett etter krigen. Han møter Lars, og skjønar gradvis at dette er den same Lars-en som han møtte som ung gut. Lars ber på eit vondt minne frå barndommen, frå det året han og Trond budde i same bygd, og Trond har heller ikkje berre gode minne frå tida med faren. Forholdet mellom far og son er finfint skildra, og det er òg forholdet mellom dei vaksne Trond og Lars.

Filmen er spelt inn i utlandet, i eit landskap som ligg langt frå det austlandske eg ser føre meg at historia i romanen skjer. Det gjer ingenting, naturbileta er fine, og akkurat her minte det heile om ein annan fin film eg nett såg om fedre og søner, A River Runs Throught It

Guffen tilrår. 

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Mitt Abruzzo (2021)
Du er hjemme nå (2025)