Viser innlegg med etiketten Skomsvold. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skomsvold. Vis alle innlegg

29. november 2025

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Hun er levende (2025)

Tittelen på denne romanen fortel litt om kva Skomsvold vil få til: Ho skriv om si eiga oldemor, Elise, og ho bruker det vesle ho veit om livet hennar og skriv fram eit portrett av ho. Forfattaren dukkar ofte opp i teksten, ho minner om at ho ikkje kan vita om det var akkurat slik eller sånn dette skjedde. Slik er det jo, dette er jo ein roman. Og sjølv om det skulle vore sakprosa, er det jo ikkje slik at me veit om dei som levde for nokre generasjonar sidan. Og kvinnene veit me som regel endå mindre om - denne oldemora var fødd i 1880, og på den tida var det mennene som var dei synlege.

Elise var fødd i 1880. Ho var berre eit born då faren døydde. Kanskje var det ein av grunnane til at ho nokre år eldre, framleis skuleelev, knyter seg altfor tett opp til læraren sin. Ho var 17 år gamal då ho gifta seg, og romanen fortel om dei mange borna ho fekk. Nokre vaks opp, andre døydde tidleg. Kanskje dette var grunnen til at dei av etterkomarane som hugsar ho seier at ho var streng. 

Skomsvold fortel historia på ein fin og elegant måte. Planen hennar er å skriva liknande portrett av dei tre andre oldemødrene sine, og det er bøker eg ser fram til å lesa.

Guffen tilrår. 

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)

17. desember 2023

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Syke søster (2023)

Det handlar om tvillingane Alma og Edit. Edit lever ikkje meir; og Alma kjem ikkje over det. Ho har ein sambuar, og då ho vert gravid vert det litt i meste laget for ho. Ho reiser tilbake til Askild, som bur langt unna alle andre og som var fosterfar for tvillingane. 

Ingen av dei snakkar spesielt mykje, men dei greier likevel å bu i same hus. Det er Alma det handlar mest om, men det er Edit som er forteljaren i romanen. Av og til kan det stå at no tenkjer Alma på meg (eller noko liknande), og for meg er det ein måte å visa lesaren forholdet mellom Alma og Edit. Alma høyrer ofte at Edit snakkar til ho. 

Det er ei fin bok. Språket er stille og stilreint, og me merkar godt korleis Alma vert tryggare og tryggare. Ho vert òg meir komfortabel med at ho er gravid. Det einaste eg likte mindre i boka er sluttkapitlet, der det vart litt for mykje happy ending. Brått kom Even på besøk, og då tek Alma farvel med Edit.

Guffen tilrår. 

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Hun er levende (2025)

15. januar 2023

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Agnes natt og dag (2021)

I 2020 gav Skomsvold ut romanen I dag jeg, i morgen du. Der møtte me den litt asosiale Peter Venn, som ikkje hadde kontakt med andre enn mor si, som bur i same blokka. Ein dag gjer Peter ting han ikkje hadde for vane, og den boka slutta med at han vart med Agnes heim og overnatta der.

Denne boka fortel om lag den same historia, men her ser me det heile gjennom Agnes sine auge. Ho bur òg i den same blokka, har visst om både Peter og mor hans lenge. Ho er litt same typen, ho er ikkje altfor sosial, ho seier ofte feil ting, men ho har likevel litt meir sosial røynske enn Peter. Ho er framleis prega av at tvillingsystera Maria døydde 15 år gamal. 

Boka opnar med at "det var søndag morgen, og Agnes Møller hadde en mann i senga", og det er eigentleg denne eine sundagen boka handlar om. Her er likevel mange tilbakeblikk, slik at me vert godt kjende med Agnes og med hendingar som har prega livet hennar. Hendingar på privaten, hendingar på jobb.

Det er ei finfin bok. Skomsvold skriv varmt og godt om den litt usikre Agnes, og eg fekk fleire gonger lyst til å henta fram att den fyrste romanen om dei to, for å sjå etter likskapar og slektskap.

Guffen tilrår. 

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Syke søster (2023)
Hun er levende (2025)

23. juli 2022

Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)

Nasjonalbiblioteket inviterte nokre forfattarar til å halda foredrag om ein forfattar som ikkje er så mykje lesen i dag. Kjersti A. Skomsvold gjekk inn i forfattarskapen til Aksel Sandemose, og er ho er vel sånn mellomnøgd med det ho finn. 

Ho konsentrerer seg om nokre av bøkene hans (Det svundne er en drøm, En flyktning krysser sitt spor, En sjømann går i land og Murene rundt Jeriko). I tillegg les ho Sandemose-biografien Espen Haavardsholm gav ut i 1988 - ho vil gjerne verta litt betre kjend med forfattaren. 

Ho er ikkje like nøgd med alt ho les. Av og til kan ho finna setningar og avsnitt ho er imponert over, ting ho kjenner att og er samd i, men andre gonger finn ho ting ho mislikar sterkt. Ho tek rett nok nokre atterhald, og tek òg sjølvkritikk på at lesinga av En flyktning ... er prega av at ho var høggravid og måtte ein tur på fødeavdelinga. 

Til liks med dei andre bøkene/foredraga i denne serien er det stort sett fascinerande. Nasjonalbiblioteket skal som vanleg ha ros for dette føretaket, det er altfor mange forfattarar som vert gløymde.

Guffen tilrår. 

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)
Hun er levende (2025)

14. mai 2021

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Den andre forsvinninga (2019)

Forlaget Oktober har (eller hadde) ein fin serie gåande, der forfattarar skriv om si eiga skriving og lesing. Serien var ukjent for meg då eg såg denne boka i ein bokhadel; etter å ha lese boka tenkte eg at dette var ein serie eg gjerne les meir av.

Eg trur ikkje det er det lettaste temaet å skriva om, men Skomsvold kjem godt frå denne oppgåva. Ho var nyleg vorte mor for andre gong då ho skreiv dette, og det er eit gjennomgåande tema: Korleis finn ei mor plass til å skriva. Korleis finn ho sitt eige rom, som dei ville sagt det i utlandet. Ho og mannen har funne ei løysing på det, ei opplagt ei: Dei deler på barnepass og henting og levering og sånn.

Men å finna tid og rom handlar om den praktiske løysinga. Skomsvold skriv vidare om kvifor ho skriv, og også her kjem ho med gode tankar. 

Om lesinga skriv ho òg godt. Eg stussa litt over eitt av poenga hennar då eg las det: Ho skriv at når ho les ein roman er det forfattaren ho er mest nyfiken på. For meg er teksten viktigare enn kven som har skrive det, og utover i kapitlet såg eg at ho var om lag på same line, ho òg. Det er ikkje ein namngitt forfattar ho er nyfiken på, det handlar meir om korleis skrivaren av boka har angripe stoffet sitt.

Guffen tilrår.  

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)
Hun er levende (2025)

14. oktober 2020

Kjersti Annesdatter Skomsvold: I dag jeg, i morgen du (2020)

Boka handlar om Peter Venn, ein mann i førtiåra. Han fungerer ikkje sosialt, arbeider som omsetjar, og har eigentleg ikkje kontakt med andre. Unntaket er den omsynslause mora, som bur i etasjen over og inviterer Peter på kveldsmat ein gong i veka. Ho er ikkje ærleg med han, ho har skapt ei eiga fortid som ho held fast, og som ho har fått Peter til å tru på.

Boka fortel om den dagen Peter gjorde noko nytt. Han går ut, han møter folk, og sjølv om dei fleste møta vert rare og misforståtte, kjem han òg i snakk med Agnes, som òg bur i etasjen over Peter (i ein annan leilegheit enn mora). Han vert med ho heim, og boka sluttar i ein optimistisk tone, der dei to går til sengs saman.

Det er ei fin bok. Skomsvold skriv som vanleg godt. Peter er ein karakter det er råd å verta glad i, sjølv om han balanserer på grensa mellom det stabile og det ustabile. Han hugsar ikkje far sin, men har sakna han heile livet. Når han spurv fell til jorda like ved han, vert han overtydd om at fuglen faktisk er far hans. Han legg fuglen forsiktig i brystlomma si, og har han med seg resten av boka.

Guffen tilrår. 

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)
Hun er levende (2025)

17. november 2018

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Barnet (2018)

Kjersti Skomsvold skriv fine bøker. Ho hentar ofte stoffet frå eige liv, og slik ser det òg ut til å vera her. Eg-personen har nett vorte mor, ho har fått to ungar på under to år. Boka er skriven til den yngste av desse. Mora fortel om korleis det er å vera mor, om korleis den nyfødde oppfører seg, og ho fortel om korleis ho og barnefaren, Bo, møtte kvarandre.

Ho fortel òg om ein skrivelærar ho har hatt, ein forfattar som etter kvart stod henne nær, men som seinare tok livet sitt. I ei tidlegare bok av Skomsvold hadde òg eg-personen eit nært venskap med ein skrivelærar/forfattar, og det var då svært tydeleg kven den karakteren var inspirert av. Det er ikkje like tydeleg no, men det er nærliggjande å tru at det er den same personen som har inspirert denne romankarakteren.

Det er ei fin bok, men av og til vert det litt for personleg. Av og til verkar det som om dette er noko ei mor kan seia til barnet sitt, utan at ho treng å dela det med fleire. Men det er berre av og til, det er altså ei fin bok om det å verta mor, og det å finna nokon å høyra til saman med.

Guffen tilrår.

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)
Hun er levende (2025)

9. februar 2017

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Monstermenneske (2012)

Hovudpersonen i denne romanen er ei ung kvinne. Ho heiter Kjersti Annesdatter Skomsvold, og har meir enn namnet til felles med forfattaren: Boka handlar om den lange og tidvis tunge vegen fram mot at Skomsvold får gjeve ut debutboka si, og litt om tida etterpå. Boka handlar altså om det å verta forfattar, men slik det stod i ei melding då boka kom ut (var det i Dag og tid?): Det handlar langt meir om å verta menneske.

Hovudperson er langt nede då boka tek til. Ho slit med sjølvbiletet sitt, og slit med ME. Ho kan skriva, men har ikkje krefter til å gjera det godt nok. Men gradvis vert det betre, i alle fall på dei fleste områda. Sjølvbiletet hennar ser ut til å vera dårleg gjennom det meste av boka.

Tidvis er det aldeles glimrande. Boka får ein knekk ein stad i midtpartiet, men tek seg fint opp att mot slutten. Her er eit godt språk, med mykje humor (og mykje sjølvironisk humor).

Guffen tilrår.

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)
Hun er levende (2025)

21. desember 2014

Kjersti Annesdatter Skomsvold: 33 (2014)

Eg-personen i denne boka, ei 33 år gamal kvinne som presenterer seg som K, har det ikkje heilt godt. I nesten heile boka er ho åleine, og tenkjer eller snakkar med seg sjølv. Ho diktar opp samtalar, ho leikar at hunden hennar er eit lite barn, ho tenkjer altfor mykje på den døde eks-kjærasten Ferdinand, og kanskje litt for lite på Samuel, ein irsk forfattar.

Det er ei bok om sinnet og sinnstilstanden hennar. Her er ikkje mykje ytre handling, det meste skjer altså i hovudet hennar. Ho arbeider rett nok som matematikklærar, men er stort sett sjukmeld, og mot slutten av boka seier ho òg opp. Då føder ho òg dottera Maeve, og der kjem nokre sider der stemninga er hakket lystigare enn i resten av boka.

Det er ei fin bok, der særleg midtpartiet var ekstremt fengande. Portrettet av ei litt usikker og/eller forstyrra kvinne er truverdig. Dei siste setningane er òg slik at heile boka kanskje burde vore lesen ein gong til. Det kan henda eg er på tynn is, men slik eg les det siste avsnittet vert det heile ei bok om å skriva romanar, ei bok om å vera forfattar, ei bok om å skapa illusjonar. Barnet K har fødd er ikkje lengre eit barn, det er i staden orda og setningane i boka.

Guffen tilrår.

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)
Hun er levende (2025)

13. juli 2014

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)

Mathea Martinsen, forteljaren i denne romanen, er omtrent usynleg. Ho er heilt på slutten av livet. Ho har lenge vore gift med Epsilon, men bortsett frå han har ho knapt snakka med noko menneske dei siste tiåra. Ho sit inne, går sjeldan ut, men finn ut at ho vil prøva å få kontakt med omverda. Ho anar ikkje korleis ho gjer det.

Ho er ein ikkje heilt truverdig forteljar. Eller rettare - ein forteljar utan altfor stort innsyn i det som skjer. Ho skriv om ting som har skjedd gjennom heile livet hennar, og fleire gonger er det opplagt at ho tolkar situasjonane feil. Kanskje dette kjem av at ho koplar inn ein forsvarsmekanisme, kanskje ho ikkje forstår alt som skjedde.

Det er ei glimrande bok. Her er mykje som imponerer, til dømes at ei debutbok kan vera så gjennomført og stilsikker, eller at den tretti år gamle Skomsvold så elegant skriv seg inn i sinnet til ei langt eldre kvinne.

Guffen tilrår.

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Agnes natt og dag (2021)
Syke søster (2023)
Hun er levende (2025)