11. april 2015

Jerome K. Jerome: Three Men in a Boat (1889)

I mange av bøkene om Jotunheimen vert det vist til boka Three in Norway (by two of them). Den boka fortel om tre engelskmenn som ferierer i Jotunheimen, og er ei langt betre bok enn ein skulle tru etter å ha lese det eine sitatet som vert brukt i alle Jotunheim-bøkene. Three in Norway kom i 1882, og må reknast som ei inspirasjonskjelde for denne boka, som kom sju år seinare.

Three Men in a Boat handlar om eit, i alle fall for engelskmenn, langt meir kortreist reisemål. Tre menn og ein hund legg ut på ei reise på Themsen, vestover frå London til Oxford. Themsen går ikkje i ei rett line mellom dei to byane, det er mange svingar slik det ofte er med elver, og slik er det òg med denne boka. Jerome er best når han fortel om ting som har skjedd andre gonger, anten det handlar om han sjølv eller personar som levde for hundrevis av år sidan.

Kvart kapittel opnar som regel med nokre avsnitt om kor langt dei er komne, før han tenkjer på eller ser noko som får han til å tenkja på noko heilt anna. I desse avbrota er det ofte stor humor, både i hendingar og dialogar. Jerome ropar ikkje ut vitsane sine, men dei er der, og det er råd å gle seg over dei.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar