6. april 2015

Leif Halse/Jens R. Nilssen: Vangsgutane. Bind 2, 1943-45 (2014)

Dette er band to i ein serie der Fonna Forlag samlar alle Vangsgutane-jolehefta. Slik eg skreiv då eg las det fyrste bandet, er det eit prisverdig tiltak. Vangsgutane er ein klassisk serie, som har gått litt i gløymeboka. Desse bøkene vert nok fyrst og fremst kjøpt av folk eit godt stykke oppe i åra, men innpakkinga er fin nok til at også yngre lesarar finn glede i dette.

Innhaldet er som før. Dei farlause gutane Steinar og Kåre Vangen er prektige og seriøse, og gjer stort sett berre gode gjerningar. Dei utvidar arbeidsområdet sitt i denne boka, dei er mykje på stølen i Romådalen, der dei òg er saman med fotografen Tarald Holm. Siste gongen dei kjem dit (i denne boka) er når dei saman med Sterk-Ola Bakken leiter etter to etterlyste bandittar. Dei greier å fanga dei, og den lokale lensmannen viser kor eventyrleg tillit han har til Vangsgutane: Han sender dei to bandittane med båt til byen, med Sterk-Ola og dei to Vangsgutane som vakter.

Larris vert hersa med her òg, endå meir enn i det fyrste bandet. Det er framleis ubehageleg, men der kjem ei mogleg forklaring mot slutten av dette bandet. Sterk-Ola Bakken byggjer ny løe, etter at dei to bandittane brann ned den gamle, og brått vert det eit avbrot i forteljinga om løa. Sterk-Ola viser Vangsgutane ein radio han har gøymt i kjellaren, og fortel at han har høyrt at krigen er slutt. I det sjette joleheftet kjem den fyrste referansen til verdskrigen - det er ikkje så rart, sidan heftet neppe ville fått koma ut om det var fullt av referansar til den tyske okkupasjonsmakta. Men kan Larris ha vore tenkt som eit symbol på tyskarane? Kan det, slik det var i den andre store Fonna-serien, Ingeniør Knut Berg, ha vore ein grunn til at urnorske heltar hersar og ler med ein som ikkje passar heilt inn? Eg er langt frå sikker på dette, og det vil vel verta klarare neste år, når det neste bandet kjem.

Guffen tilrår.

Meir Vangsgutane på kulturguffebloggen
Bind 1, 1940-42 (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar