14. juni 2013

Police Squad (1982)

Dei aller, aller fleste fjernsynsseriane held på altfor lenge. The Office får gjerne skryt for at dei gav seg etter tolv episodar, slik tilfellet òg var med Hotell i særklasse. Det vart berre laga seks episodar av Police Squad, men det var ikkje av eiga vilje - serien vart kansellert av ABC.

Det er vanskeleg å skjøna i dag. Serien er tidvis glimrande. Han er ein parodi på detektivseriar, og til å spela hovudrolla i ein slik parodi kan ein vanskeleg tenkja seg ein betre eigna skodespelar enn Leslie Nielsen, i rolla som Frank Drebin. Han ser ut til å vera rundt seksti, er kraftig hjulbeint, og har stort sett berre eit ansiktsuttrykk. Er han dum? Er han smart? Er han heldig? Det er høgst uklart.

Saman med ein annan politimann løyser han relativt enkle mysterie. Det er ikkje mysteria som er interessante, og det er heller aldri vanskeleg å finna ut kva som har skjedd. Rundt oppklaringane fløymer det av visuelle og verbale vitsar. Språklege misforståingar florerer det av, som i den fyrste episoden, der ein kar som heiter Twice vert skoten. I avhøyret skjønar ikkje Nielsen at Twice er eit namn, slik at utsegner som "and then he shot Twice" vert etterfulgt av noko slikt som "Twice? I thought you said he shot once?"

Drebin verkar altså relativt enkel, og mangelen på pålagt latter gjer at han verkar endå enklare. Her er mange repetisjonar frå episode til episode, her er tidvis solid overspeling, og her er altså meir enn nok å le av. Nokre av vitsane fell på steingrunn, men det skulle nesten berre mangla, såpass mange som det er av dei.

Guffen tilrår.

7. juni 2013

Christopher McDougall: Born to Run (2009)

Fy fasan for ei bok. Eg tippar det var i Tequiladagbøkene til Strøksnes at eg høyrde om denne boka. Han skriv òg litt om tarahumara-folket i Mexico, som truleg er dei sprekaste springarane i verda. McDougall er fascinert av dei, og reiser til Mexico for å spora opp ein amerikanar som skal leva med tarahumaraane, og som er omtrent like sprek som dei.

Det greier han, men før han kjem så langt tek han med oss på fleire lange løp. Skildringa av eit langløp i Leadville, Colorado, er fantastisk. Ein amerikanar har teke med seg nokre tarahumaraar, og dei gjer sjølvsagt som dei vil i løpet. Men dei trivst dårleg med alt oppstyret rundt løpet, og reiser heimatt til Mexico, utan planar om å returnera.

McDougall går òg til historia, og skriv mykje om den tsjekkiske løparen Emil Zapotek. Han verkar som ein djupt original og fargerik løpar. McDougall skriv òg om forskarar som meiner at det var springinga som redda menneska gjennom historia. Andre dyr var raskare, men menneska var langt seigare, og kunne utmatta dyra dei jakta på. Og han finn amerikanaren, som drøymer om å invitera dei beste amerikanarane til Mexico, for å konkurrera mot tarahumaraane. Også det løpet er godt skildra, og det er det som er det store ved denne boka. Ikkje berre skriv McDougall om fargerike folk, men teksten er bygd opp på ein glimrande måte.

Guffen tilrår.

Meir McDougall på kulturguffebloggen
Natural Born Heroes (2015)

Jo Gjerstad m.fl.: Rock & sprell mellom syv fjell (2009)

Boka har undertittelen Bergensrockens historie, og det er akkurat det det er. Frå dei fyrste famlande rockestega på slutten av 50-åra, til Bergensbølgja femti år seinare - her vert alle musikarar og band presenterte. Akkurat det er den store svakheiten med boka.

Når ein skriv historie treng ein ikkje ta med alt og alle. Boka hadde vore langt meir lesverdig om dei mange forfattarane hadde konsentrert seg om nokre få band frå kvar periode. Der har kome ei rekkje gode band frå Bergen, som eg gjerne kunne lese mykje om, men her vert det for sosialdemokratisk. Eit middels godt bluesband får like omfangsrik omtale som The Aller Værste!. Hadde forfattarane vore meir ambisiøse, og heller prøvd å skildra musikken til dei banda dei skriv om, i staden for å ta for gitt at desse er kjende, hadde det vorte meir stas å lesa denne.

Utan verdi er sjølvsagt ikkje boka. Her er mykje god dokumentasjon, og fleire av stykka er gode. Eit døme på det er når BT-journalist Finn Bjørn Tønder fortel om intervjuet han gjorde med Greven.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1. juni 2013

Dag Solstad: Spiraler (1965)

Der er mange forfattarar eg aldri har lese noko av. Nokre av desse har eg av og til tenkt at eg burde lese noko av, men ofte vert det berre med tanken. Dag Solstad er ein av desse, i alle fall trur eg det. Det kan henda at eg las noko på gymnaset, eg har truleg lese noko sakprosa han har skrive, og eg har lese eit par av fotballbøkene han skreiv saman med Jon Michelet. Men det er altså lite eller ingenting av skjønnlitteratur.

Så eg startar her, med debuten. Det er ei novellesamling, med sju noveller. Hovudpersonen i dei fleste novellene har mykje til felles. Dei har ikkje kontroll over eigen situasjon. Dei føler at alle andre veit mykje om meir enn dei om kva som skjer. Dei vil noko, men dei får aldri gjort det, og det verkar det som om alle rundt dei er klare over. Dei let seg plaga av andre.

Boka er tidvis fengande, men noko å ropa hurra for er det vel ikkje. Det er vanskeleg å forestilla seg at Solstad seinare fekk både heider og ære og alt det der.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Solstad på kulturguffebloggen
Svingstol (1967)
Alf van der Hagen: Dag Solstad. Uskrevne notater (2013)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

30. mai 2013

Sopranos, sesong 1 (1999)

Eg har ei kjensle av at Sopranos gjekk på NRK for lenge sidan. Det vil altså seia at eg kunne ha sett serien før, men eg er generelt dårleg på å fylgja med på seriar når dei går på fjernsyn. Det er lettare på DVD, sjølvsagt. Og når heile Sopranos-serien dukka opp som eit joletilbod frå Platekompaniet, var det eit lett val å ta.

Er serien verdt ventinga? Eg trur det. Det som ber serien er Tony Soprano, som er ein karakter med langt fleire dimensjonar enn folk rundt han. Han er høgt på strå i mafiaen i New Jersey, og kan difor sjølvsagt vera hard og valdeleg når det trengst. Samstundes er han djupt usikker, og går jamleg til psykiater. Dei samtalane er dei einaste der han verkeleg opnar seg, og der han tidvis nesten seier alt som det er, og det bryt stort med korleis han er til vanleg. Han vert òg sett på kraftigare og kraftigare medisinar, og det gjer han både meir oppfarande og flinkare til å hallusinera.

Serien vekslar (sjølvsagt) mellom korte og lange liner. Dei lange linene handlar om kven som skal ta mafiamakta etter at Jackie Aprile døyr av kreft. Det står mellom Tony og onkelen hans, Junior. Tony let Junior ta over, men ingen av dei to stolar på den andre. Mot slutten av sesongen er det tilnærma open krig mellom dei to. Bortsett frå dei gongene dei er i same rom.

Dei korte linene er mindre interessante. Det er vald, det er kriminalitet, det er damer, og det er mange personar som ikkje er like spanande som Tony. Men i det heile var det likevel ein grei sesong dette, med nok av potensielle konfliktar i neste sesong.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 5 (2004)
Sesong 6 (2006-07)
The Many Saints of Newark (2021)

29. mai 2013

Per Petterson: Jeg nekter (2012)

Det er noko med Per Petterson. Bøkene hans er (som regel) skrivne i eit litt melankolsk språk. Det er langt frå punktum til punktum, men det er ein suveren flyt i språket. Det glir av garde, og når me som lesarar vert fanga av det, er det ein fryd å lesa vidare.

Også denne gongen handlar det om menneskelege relasjonar som ikkje er heilt midt i blinken. Dei to hovudpersonane, Jim og Tommy, var svært nære vener i oppveksten, men glei frå kvarandre. Eit tilfeldig møte får begge til å tenkja over kva dei har fått ut av livet, og korleis dei hadde det som unge. Ingen av dei kom frå harmoniske familiar, og no, som godt vaksne, bur begge åleine.

Petterson vekslar mellom ulike forteljarar, og boka flyttar seg òg mykje i tid. Det er ikkje berre Tommy eller Jim som fortel, også andre kjem til i korte glimt. Begge desse grepa gjer at Petterson kan hinta om kva som har skjedd, men det er ikkje før mot slutten av boka at alt i forhistoria deira fell på plass.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)
Du er hjemme nå (2025)

25. mai 2013

Paul Auster og J.M. Coetzee: Here and Now (2013)

Utgangspunktet er greitt: Dei to forfattarane Auster og Coetzee møter kvarandre for fyrste gong i Portugal i februar 2008, og vert brevvener etterpå. Her er breva dei sende kvarandre dei tre fyrste åra samla. Boka kunne godt hatt ei kort innleiing, der litt meir rundt utgjevinga vart forklart. Stoppa korresponderinga i august 2011? Var det heile tida planen å gje dette ut? Er nokre brev utelatne? Osb.

Det me får er brev der dei er innom ei rekkje tema. Dei kjem gjerne med spørsmål dei vil at den andre skal svara på. Nokre tema går att - dei skriv mykje om litteratur, sjølvsagt, både skriving og lesing av bøker. Litt meir uventa er det at sport er eit tema begge kjem tilbake til, og som dei prøver å analysera. Politikk, reising og filmar er andre emne som jamleg dukkar opp.

Det er skilnad på dei to brevskrivarane. Auster verkar meir impulsiv, og skriv mykje meir om seg sjølv. Han kjem gjerne med anekdotar, og breva hans er òg lengre enn dei han får frå Coetzee. Coetzee på si side er meir reflektert, og verkar som den dominerande i brevvekslinga. Han seier seg langt oftare usamd med Auster; Auster på si side er som regel samd i det Coetzee skriv.

Det går fort å lesa denne boka. Ein av grunnane er at breva er ekstremt velskrivne. Slik er det gjerne når forfattarar skriv, sjølvsagt. Ein annan grunn er at dei er fornuftige, at dei har gode meiningar og har tenkt seg (litt) om før dei skriv. Her er passeleg med humor, og Auster kvir seg ikkje for å igjen visa kor tilfeldig livet kan vera. Han skriv ein anekdote han òg fortalde då eg høyrde han tidlegare i år, anten i Bergen eller Oslo, om korleis han i løpet av ei veke møter Charles Heston tre gonger, i tre ulike byar på to ulike kontinent.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Baumgartner (2023)
Bloodbath Nation (2023)
Siri Hustvedt: Ghost Stories. A Memoir (2026)


Meir Coetzee på kulturguffebloggen
Dusklands (1974)
Disgrace (1999)