I etterordet til denne boka skriv McDougall at han opphavleg hadde planlagt å skriva to bøker - éi om motstandskampen på Kreta under andre verdskrigen, og éi om kosthald knytt til idrettsutøvarar. Han valde å fletta dei to bøkene saman. Det var ikkje ein heilt ulogisk tanke, all den tid kosthaldet han ville skriva om var mykje brukt på Kreta, men det gjer at boka vert mindre vellukka. Det sprikar for mykje.
Tre historier vert fletta saman her. Den som får mest plass er frå ein episode frå andre verdskrigen, der motstandsfolk på Kreta kidnappar ein tysk general, og smuglar han over Middelhavet til Egypt. Den delen av boka er spanande og god, og McDougall får godt fram både kvifor Kreta var så sentral i andre verdskrigen, og korleis og kvifor innbyggjarane og øya var perfekt eigna til å driva motstandskamp. I kjeldelista skriv han at Anthony Beevor har skrive ei heil bok om krigen på Kreta, og det verkar som ei bok verdt å lesa.
Dei andre historiene fengar mindre, og bryt òg opp flyten i boka. Den eine av desse, som rett nok er den minste, er det vanskeleg å sjå poenget med. McDougall får med seg ein engelskmann som kjenner krigshistoria og Kreta, og saman går dei fluktruta som vart brukt då generalen vart kidnappa. Den andre handlar altså om kosthald, der hovudargumentet er at me i dag et for mykje sukker, og at me bør eta slik dei gjer på Kreta - det samsvarar meir med kosthaldet menneska har hatt gjennom historia,
Guffen er lunken.
Meir McDougall på kulturguffebloggen
Born to Run (2009)
Viser innlegg med etiketten McDougall. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten McDougall. Vis alle innlegg
9. april 2016
7. juni 2013
Christopher McDougall: Born to Run (2009)
Fy fasan for ei bok. Eg tippar det var i Tequiladagbøkene til Strøksnes at eg høyrde om denne boka. Han skriv òg litt om tarahumara-folket i Mexico, som truleg er dei sprekaste springarane i verda. McDougall er fascinert av dei, og reiser til Mexico for å spora opp ein amerikanar som skal leva med tarahumaraane, og som er omtrent like sprek som dei.
Det greier han, men før han kjem så langt tek han med oss på fleire lange løp. Skildringa av eit langløp i Leadville, Colorado, er fantastisk. Ein amerikanar har teke med seg nokre tarahumaraar, og dei gjer sjølvsagt som dei vil i løpet. Men dei trivst dårleg med alt oppstyret rundt løpet, og reiser heimatt til Mexico, utan planar om å returnera.
McDougall går òg til historia, og skriv mykje om den tsjekkiske løparen Emil Zapotek. Han verkar som ein djupt original og fargerik løpar. McDougall skriv òg om forskarar som meiner at det var springinga som redda menneska gjennom historia. Andre dyr var raskare, men menneska var langt seigare, og kunne utmatta dyra dei jakta på. Og han finn amerikanaren, som drøymer om å invitera dei beste amerikanarane til Mexico, for å konkurrera mot tarahumaraane. Også det løpet er godt skildra, og det er det som er det store ved denne boka. Ikkje berre skriv McDougall om fargerike folk, men teksten er bygd opp på ein glimrande måte.
Guffen tilrår.
Meir McDougall på kulturguffebloggen
Natural Born Heroes (2015)

Etikettar:
litteratur,
McDougall,
USA
Abonner på:
Innlegg (Atom)