På ein fest møter Katharina Blum ein mann ho tek med seg heim. Han vert der berre éi natt. Politiet er på sporet av han, av di han truleg er med i ein terrororganisasjon, og dei kallar Blum inn til avhøyr. Dei finn ikkje prov på at ho sympatiserer med den organisasjonen, og heller ikkje prov på at dei to faktisk kjende kvarandre før den natta. Det stoppar ikkje avisa Zeitung frå å skriva ei rekkje artiklar om henne. Dei finn heller ikkje prov på at ho har gjort noko gale, men fyller i staden artiklane med tynne påstandar og mange uavklarte spørsmål. Blum avtalar eit intervju med journalisten som har skrive dei fleste artiklane, og under det intervjuet tek ho livet av han.
Boka handlar altså om kor langt nokre aviser kan gå for å selja så mykje som råd. Eller - det er vel ingen grenser for kor langt dei kan gå. Dei intervjuar alle som kan ha hatt noko med Blum å gjera, og vrir og vender på svara deira. På det viset forsterkar dei det feilaktige inntrykket dei alt har skapt.
Heinrich Böll vann nobelprisen i litteratur to år før denne boka kom ut. Boka er finfin, og det er jo alltid kjekt med romanar som kommenterer og kritiserer samfunnet rundt seg. Det einaste som trekkjer ned er språket, som er stivt og fullt av halvgode formuleringar, men det kan jo henda at det var meir elegant i den tyske originalteksten.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar