29. desember 2012

Frå arkivet: Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)

Dennis Wilson kom litt i skuggen av broren Brian. Begge var med i Beach Boys frå starten av, men det var Brian som vart den musikalsk dominerande. Dennis skreiv òg musikk for Beach Boys, var ein svært habil vokalist, og spelte fleire instrument, men var likevel stort sett sett på som ein av brørne til Brian. Hovudinstrumentet hans var trommer.

Han var den største hippien i gruppa. Han levde eit fritt liv, han var den einaste som surfa, han hadde nær kontakt med Charles Manson, og han fekk etter kvart eit stort alkoholproblem. Han drukna i 1983, seks år etter at denne plata kom ut.

Pacific Ocean Blue var den fyrste soloplata til ein av medlemmane i Beach Boys. Ut frå musikken her er det ingenting som hintar om at Wilson var med i Beach Boys. Tekstane er meir alvorlege, musikken er melankolsk, og her er det nok pianoet som ber mykje av musikken. Beach Boys kunne òg vera alvorlege, sjølvsagt, men der dei i hovudsak var lystige, er altså dette litt tyngre.

Det er intenst og inderleg. Han syng om folk som står han nær, ein av dei songane eg likar best er eit av bonusspora, "Only With You", der teksten er på grensa til det banale, men der framføringa til Wilson er så naken og ærleg at det er gripande og vel så det. Men det er ikkje den einaste godbiten, eg lasta nyleg inn heile bonus-CDen på telefonen min, og kvar gong det dukkar opp ein song herfrå, vert eg slått av kor bra det heile er.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)

23. desember 2012

Lars Amund Vaage: Syngja (2012)

For ti år sidan var eg med på å laga ei utstilling om Lars Amund Vaage, Ragnar Hovland og Torvald Sund. Bøkene deira er høgst ulike, men der var nokre biografiske fellestrekk: Alle er fødde i 1952, og alle debuterte i 1979. Dei fylte altså femti år det året, og ein journalist frå Sunnmørsposten spurde korleis dei såg på å nå ein slik milepæl. Eg hugsar ikkje kven, men ein av dei sa at det må jo gå an å skriva gode bøker også etter at ein har fylt femti. Journalisten spurde om dei hadde døme på forfattarar som hadde skrive dei beste verka sine etter femtiårsdagen.

Det var ein heller merkeleg seanse. Vaage svara "Vesaas" kontant, men etter det eg hugsar var han den einaste som vart nemnt. Viss nokon lagar ei slik liste ein gong, kan ein òg føra opp Vaage. Eg las nokre av bøkene hans i samband med utstillinga, og har lese litt etterpå, men eg har aldri vorte heilt imponert. Språket har alltid vore glimrande, men det har som regel kome eit punkt der eg merkar at eg misser interessa.

Slik er det ikkje i Syngja. Det er ei nær og intens bok, som det er vanskeleg å leggja frå seg. Det vert litt repetisjonar nokre stader, men med jamne mellomrom kjem det avsnitt som er så sterke at eg rett som det var fekk klump i halsen. Det er ikkje berre emnet i boka som gjer det; minst like mykje skuldast det presise og vakre språket til Vaage.

Eg-personen i romanen er forfattar, og vert far som relativt ung, eller i alle fall relativt umoden. Dottera har autisme, viser det seg, og utover i boka les me om korleis eg-personen prøver å verta kjend med dotter si. Dottera har eit svært avgrensa språk, har vondt for å kommunisera kva ho vil, utviklar seg seint, har svære svingingar i humøret og treng tilsyn døgeret rundt. Dei fyrste åra gjer faren alt for ho, han les om emnet, han går på kurs, han legg eiga skriving til side. Av og til verkar han som ein drøymefar, andre gonger verkar han berre lei. Han vil det beste for barnet sitt til alle tider, sjølvsagt. Men, som han skriv, korleis kan han og mora vita at det dei gjer, faktisk er det beste for ei dotter som ikkje kan melda tilbake kva ho vil?

Det er eit portrett av dottera, men det er òg eit portrett av forfattaren. Han vil skriva ei bok om dottera, ei bok som dottera kan lesa, sjølv om ho ikkje har språk til det. Fleire stader i boka skriv Vaage om korleis eg-personen tvilar på si eiga skriveevne. Men han skriv òg om korleis han kjenner at dette er ei bok han må greia å skriva - greier han ikkje dette, vil han neppe greia å skriva fleire bøker seinare.

Vaage har sjølv ei dotter med autisme, og han har altså henta mykje av dette, kanskje alt, frå eige liv. Det opplagde unntaket er ein ven han fortel om fleire gonger, før han mot slutten av boka overraskande fortel at dette berre er ein oppdikta ven. Men at det i stor grad er bygd på hans eigne røynsler påverkar oss sjølvsagt når me les boka.

Guffen tilrår.

19. desember 2012

J. Edgar (2011)

J. Edgar Hoover var ein fascinerande person. Han var maktsjuk, paranoid, eineveldig og pr-kåt, og der han ikkje kvidde seg for å undersøkja privatlivet til dei mektigaste i USA, budde han sjølv saman med den mannlege kjærasten sin, noko som slett ikkje var akseptert på den tida. Han var direktør for FBI i nesten femti år, fram til han døydde i 1972.

Denne filmen handlar om det meste av livet hans, og han sprikar, for å seia det mildt. Det vert vanskeleg å få noko klart bilete av kva Hoover filmen vil presentera. Den ytre ramma er at Hoover har fått ein ung FBI-agent til å ta notat til sjølvbiografien hans. Her endrar Hoover på historia, viser det seg, han gjev seg sjølv ei sentral rolle i hendingar han i beste fall var perifer i. Filmen hoppar att og fram i tråd med det Hoover fortel, men ikkje spesielt systematisk. Det som ser ut til å vera den viktigaste hendinga, kidnappinga av sonen til Charles Lindbergh, kjem ein støtt og stadig tilbake til.

Filmen hadde truleg vore betre om han hadde konsentrert seg om ein kortare periode av livet til Hoover. No vert det noko overflatisk over det heile, og sjølv om Leonardo DiCaprio gjer ein solid innsats i tittelrolla, er det altfor mange klisjear. Me har sett slike gansterscener hundrevis av gonger før; scenene frå kontorgangar i Washington verkar òg høgst uoriginale.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Hoover på kulturguffebloggen
Anthony Summers: Official and Confidential. The Secret Life of J. Edgar Hoover (2003)

18. desember 2012

Bergsveinn Birgisson: Svar på brev frå Helga (2010)

Ein gamal bonde på Island ser tilbake på livet sitt, i form av eit brev han skriv til Helga, ei kvinne han hadde eit kort forhold til for mange, mange år sidan. Han fortel det heile som om ho ikkje veit kva som skjedde, han fortel om korleis dei to, sjølv om begge var gifte på kvar sin kant, fann kvarandre og gjekk frå kvarandre, korleis ho flytta inn til Reykjavik medan han sat att på garden, og tenkte på ho kvar einaste dag som gjekk.

Han er djupt forankra i det islandske. Han refererer til sogelitteraturen, han er innom folketrua, og er skeptisk til alt moderniteten har ført med seg. Det var ei av grunngjevingane han brukte då han ikkje ville flytta med ho til byen; der vert all fantasi og skaparevne drepen, der vert ikkje lenger islendingar islendingar. Dei to fekk ei dotter, og det må ha gjort vondt for han å sjå at gjorde noko så forkasteleg som å få seg jobb som hallodame i fjernsynet. Nokre år tidlegare hadde ho vitja han og mellom anna fortalt kor rock'n'roll livet i Reykjavik var; måten han seinare kvittar seg med fjernsynet sitt på er klassisk rock'n'roll.

Det er mykje klaging i brevet. Han angrar på at han lot Helga gå, men mest klagar han over korleis samfunnet har endra seg. Han er djupt rotfesta i bondesamfunnet. Å svika kona si er heilt greitt; å sei frå seg garden som har vore lenge i ætta er heilt utenkjeleg. Han bruker òg metaforar frå jordbruket når han i brevet skildrar Helga: Når han skal skildra kor fint det var å sjå ho naken i sola, er det einaste han kan jamføra det med den gongen han fekk ein flunkande ny Farmall-traktor. Ein annan stad fortel han at han har kokt seg suppe på eit torskehovud, og det smaka så godt! Tranen rann nedover haka hans, og kva tenkjer han i ei slik stund? At kyssa hennar var endå meir søte og fulle av lyst enn dette.

Boka er framifrå omsett av Johannes Gjerdåker.

Guffen tilrår.

Meir Birgisson på kulturguffebloggen
Soga om vêret (2003)

Tom Franklin: Crooked Letter, Crooked Letter (2010)

Ei kvinne forsvinn i ein liten by i Mississippi. For tjuefem år sidan forsvann ei anna kvinne, og mistanken vart retta mot Larry Ott. Han vart aldri dømd for noko som helst, men vert i praksis frosen ut av samfunnet. Ingen kjem innom verkstaden han driv, og dei einaste som vitjar han er fulle ungdomar som herjar med eigedomen hans, og politisjefen som kjem innom kvar gong ei seriøs sak dukkar opp. Slik er det òg denne gongen.

Politikonstabelen i byen, Silas Jones, ber på fleire løyndomar. Ikkje berre av di han har noko å skjula, men av di han har vondt for å opna seg for andre. Han hadde mykje kontakt med Ott ei kort tid i oppveksten, og anar at her er noko som ikkje stemmer. Han oppsøkjer stader dei to vitja i ungdommen, og avdekkjer gradvis nok til at barndomsvenen vert reinvaska.

Det er ei fin bok om relasjonar mellom menneske. Forholdet mellom Ott og Jones er det mest opplagde, der dei etter tjuefem år utan kontakt gradvis nærmar seg kvarandre igjen. Men det handlar òg om ei lang rekkje andre relasjonar, mellom mødre og søner, mellom fedre og søner, mellom menn og damer, osb. Ott har eit (urettvist) stempel som overgripar og kriminell, og det gjer han attraktiv for dei som verkeleg har falle utanfor samfunnet, dei som er viljuge til å gjera det meste for at folk skal leggja merke til dei.

Boka er godt disponert. Franklin vekslar mellom notid og fortid, på ein måte som verkar heilt rett. Boka kunne knapt vore skrive på nokon annan måte, hadde me visst alt som skjedde for lenge sidan hadde det ikkje vore så interessant å lesa om notida. Språket er finfint, spesielt dialogane imponerer.

Guffen tilrår.

14. desember 2012

Merethe Lindstrøm: Barnejegeren (2005)

Dette vert jo reine Lindstrøm-bloggen. Det er den tredje boka hennar eg les i haust, og det er den tredje boka hennar eg er imponert over. Det er gode bøker, og denne er så godt skriven at eg kjende smerta til hovudpersonen. Av og til var det vondt å lesa boka.

Hovudpersonen, Ida, arbeider som barnepsykolog. Det verkar ikkje akkurat som om ho har funne drøymejobben, ho slit med å ordleggja seg, ho slit med på finna ord som passar i gitte situasjonar. Notidsforteljinga i boka handlar om at ei åtte år gamal jente er sakna etter ein fjelltur. Jenta har vore pasient hjå Ida, men bortsett frå det greier ho ikkje å engasjera seg stort i denne leitinga. Hendinga vekkjer til live det opne såret ho har bore med seg omtrent heile livet.

Dotter hennar er narkoman i Oslo. Ida har ei kjensle av at det er hennar feil, av at ho gjorde noko gale då ho, som åleinemor, oppdrog dottera. Ho kjem stadig tilbake til ein episode der dei kom vekk frå kvarandre på eit arrangement på det lokale kjøpesenteret. Ho fann dottera relativt fort att, men greier ikkje fri seg frå ein tanke om at ho på den korte stunda kan ha vorte utsett for eit overgrep. Etter at dottera vert vaksen flyttar ho altså til Oslo, og Ida greier ikkje å snakka skikkeleg med ho. Ho sit i staden heime, der ho mimrar om dei gode dagane dei hadde saman, og der ho drøymer om å ta dottera med til Alaska. Ho har mykje kontakt med folk, men det fungerer aldri heilt godt - ho har det eigentleg best når ho mimrar, og når ho legg ut på reiser i tankeverda.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Regnbarnas rike (1992)
Svømme over vann (1994)
Natthjem (2002)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)

13. desember 2012

Hang 'Em High (1968)

Bra planlegging - ei veke i Volda, utan at eg tok med meg ein einaste film. På guterommet der eg budde låg det rett nok ein del filmar, men det var ikkje det mest interessante utvalet. Denne filmen såg ut til å vera sånn halv-interessant, i alle fall. Det er han knapt, spesielt originalt er det ikkje. Filmen er grei som tidtrøyte, men ikkje noko meir.

Clint Eastwood spelar Jed Cooper, ein tidlegare politimann som heller vil driva med kveg. Han vert teken for ein kvegtjuv, og endar i galgen. Han vert skore ned i siste liten, teken med til fengselet, der han vert sleppt fri. Han vert hyra inn som marshall, og prøver å fanga dei ni mennene som (på eige initiativ) hengde han.

Det greier han, stort sett. Men før me kjem så langt må me gjennom dei obligatoriske scenene der ein rir gjennom ørkenen, og nokre scener der han finn kjærleiken. Innimellom kjem det òg ei altfor lang scene der dommaren hengjer seks menn - nokre skuldige, andre uskuldige.

Men han greier altså å fanga eller drepa dei fleste av dei ni. Filmen sluttar med at han legg ut på leit etter dei to siste. Det er eit ganske klart signal om at det var planlagt ein oppfølgjar. Om det nokon gong kom så langt, veit eg ikkje, og eg er vel heller ikkje spesielt interessert i å sjå den filmen, om han nokon gong vart laga.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

10. desember 2012

Merethe Lindstrøm: Gjestene (2007)

Ei bok med flotte, flotte noveller. Lindstrøm skriv om hendingar som verkar daglegdagse, i eit språk som verkar så klart og rett, og som gjer det vanskeleg å leggja boka frå seg.

Novella som fenga meg mest er "Under". Hovudpersonen i denne novella er på veg heim med t-banen, saman med ei sovande dotter, då ho vert rana av ein mann med kniv. Det heile går svært sakte, og forteljinga vert i all si enkelheit svært spanande. Kjem han med kniven til å skada nokon av dei to? Kjem han til å ta med seg den vesle jenta?

Innimellom notidsskildringa på t-banen kjem glimt der kvinna kikar tilbake til hendingar året før, og dette er eit grep Lindstrøm nyttar ofte. I ei anna novelle, "Vederlag", avdukar ho gradvis relasjonen mellom dei tre karakterane - eit godt vakse par, og ei langt yngre kvinne. Denne vekslinga i tid fungerer svært godt. Det er ikkje berre desse novellene som fortel om nære relasjonar mellom personar, slik er det også i dei fem andre.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Regnbarnas rike (1992)
Svømme over vann (1994)
Natthjem (2002)
Barnejegeren (2005)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)

9. desember 2012

Marit Tusvik: 26 små romaner (2011)

Endå ei bok frå bokhandelen i Øystese; endå ei bok av ein forfattar eg (skammeleg nok) ikkje har lese noko av før. Tittelen kan verka litt misvisande - dei 26 forteljingane i boka er korte, og kunne såleis godt ha vore kalla noveller i staden. Mange av dei kunne vore bygd ut til romanar, eller i alle fall utvida; av og til verkar det som om me berre kjem inn midt i ei meir omfattande handling.

Er her nokre gjennomgåande tema? Definitivt. Det handlar ofte om parforhold, og oftast vert det sett gjennom augene til kvinna. Dei er ofte usikre, dei er anten på veg inn i eller på veg ut av noko, og dei er veldig ofte på reise. Forteljingane er lagt til land over heile verda.

Språket i boka er reint og stilsikkert. Tusvik byggjer godt opp under humøret til dei ho skriv om, av og til er det løye, andre gonger langt meir alvorleg. Ei kort og grei bok; ei kort og grei melding.

Guffen tilrår.

4. desember 2012

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)

Ein forfattar eg set svært høgt skriv om ei av dei beste platene til det aller beste bandet. Det kan vel ikkje gå gale?

I fjor fekk Morgenbladet hjelp av norske musikarar til å kåra dei hundre beste norske platene. Blissard kom som nummer 25 på den lista, som ei av fem Motorpsycho-plater. Rett etter at lista var offentleggjort gav Falck Forlag ut ei bok om heile prosjektet, og bøker om dei ti platene som kom øvst på lista. No, eitt år seinare, kjem det like godt ei tolvte bok. Det er vanskeleg å samanlikna den med dei andre, både av di denne boka er langt meir omfangsrik, og av di det her handlar om ei plate eg er glad i.

Johan Harstad kjem svært godt frå oppgåva. Grovt sett har boka fire delar - ein del der han skriv om sin eigen oppvekst, og om korleis han oppdaga og fekk eit nært forhold til Motorpsycho; ein der han fortel om karriera til Motorpsycho fram til Blissard (som kom i 1996); ein der han fortel om Blissard, og ein der han går tilbake til ein konsert Motorpsycho heldt i heimbyen hans, Stavanger, i 1997. Etter desse 190 sidene kjem det rundt 140 sider med sluttnotar, der han har samla små og store merknader til hovudteksten. Som alltid er det litt irriterande å bla slik att og fram mellom hovudtekst og sluttnotar, men når sluttnotane strekkjer seg opptil seks sider, kan det kanskje vera greitt å ikkje ha dei som fotnotar nedst på sidene.

Eg fekk sansen for Motorpsycho nokre år før Harstad. Eg kjenner meg likevel godt igjen i det han skriv, om korleis det dukkar opp eit band som dreg deg inn i musikken, eit band som heile tida er på leit etter nye lydar og nye stemningar, eit band som gjerne er best på konsertar, eit band som er så originalt at det er vanskeleg å setja dei i bås, eit band som er interessert i musikken, men ikkje i noko anna av det eit liv i musikkbransjen fører med seg. Nesten ikkje noko anna, i alle fall. Slik sett passar det perfekt at han skriv om Blissard, midt på plata kjem songen "The Nerve Tattoo", der teksten til Bent Sæther greitt forklarar kva som er feil med mykje av musikken som vert gitt ut, og kva musikken har å seia for han. Eitt av dei mange gode poenga til Harstad er korleis det midt i denne songen kjem eit vendepunkt på heile plata, der stemninga slår heilt om.

Det handlar mykje om Motorpsycho, sjølvsagt, men det handlar òg mykje om Harstad. Boka kan av og til minna om Lost in Music av Giles Smith; begge skriv om korleis musikken tidvis kan vera det viktigaste av alt.

I ein fotnote skriv Harstad at han har arbeidd litt på og av med ein Motorpsycho-biografi dei siste åra. Han ser at det kan verta eit for stort prosjekt, men me får verkeleg håpa at han får gjort det ein gong. Denne boka er finfin, men det hadde vore ekstra gledeleg om det berre var ein forrett. Og medan me ventar på den eventuelle biografien kan me jo høyra endå ein gong på Blissard.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Hässelby (2007)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Manifest for folk flest. Hvem vi er og hva vi gjør (2013)

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.15
Røkeriet, Bergen, 9.4.16
Begynnelser, Trøndelag teater 7.9.16

Og meir MBL100 på kulturguffebloggen
Gro Dahle: Knutsen og Ludvigsen. Juba Juba (2011)
Christer Falck og Marius Lien:
Morgenbladet topp 100 (2011)
Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Bernt Erik Pedersen: Kjøtt. Kjøtt (2011)
Stig Sæterbakken: De Press. Block To Block (2011)