26. desember 2014

Bergsveinn Birgisson: Soga om vêret (2003)

Dette er debutboka til Birgisson. Handlinga er lagt til Geirmundarfjord, nordvest på Island, der omtrent alle lever av fiske. Eg-personen i boka, Halldor, skriv dagbok. Ordføraren i bygda finn denne dagboka, legg til litt der lesaren treng litt bakgrunnsstoff, og sender manuskriptet inn til eit forlag.

Bygda er dominert av menn, for å seia det forsiktig. Dei fleste av personane i bygda er ungkarar, som stort sett berre fiskar og klagar på lover og reglar. I litt Kardemommeby-ånd finn dei ut at dei må ha ei kvinne til å stella for dei, og dei set inn ei lysing i ei avis nærare sivilisasjonen. Den fyrste som kjem held ut i to veker, den andre vert litt lenger.

Det er ei fin bok. Tittelen viser til korleis veret styrer kvardagen deira - er veret for dårleg, går dei ikkje ut på havet. Det er dei dagane Halldor har tid til å skriva dagbok. Både i dagboka, og gjennom møta med ein diktar og ein filosof og ein prest viser han at både han og fleire av dei andre tenkjer på mangt og mykje. Dei drøftar religion, dei drøftar litteratur, dei drøftar kjærleik, men mest av alt drøftar dei hav og fisk.

Guffen tilrår.

Meir Birgisson på kulturguffebloggen
Svar på brev frå Helga (2010)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar